Sparebanken Møre, avd. Sykkylven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sparebanken Møre, avdeling Sykkylven er ein sparebank i Sykkylven. Banken var ein av dei første låne- og spareinstitusjonane som kom i gang på Sunnmøre.

Etter at Amund C. Aure og Lars Petter Sivertsen Grebstad hadde gjort opptaket til å få i gang ein bygdebank for Sykkylven i 1861, gjorde heradsstyret vedtak i saka, og Sykkylven Sparebank vart skipa i 1863. Sjølve bankverksemda kom i gang i 1864, med eit grunnfond på 287 Spd., som var salssummen for dei tre kornmagasina i bygda.

Både bankverksemda og styremøta gjekk føre seg i privathus fram til 1908, då det nye bankbygget i Aure sentrum var ferdig. Der heldt Sykkylven Sparebank til heilt fram til 1977, då eit nybygg på Aure-bøen stod ferdig, og banken kunne flytte inn der.

Sparebanken si hovudoppgåve har heile tida vore å ta imot innskot og låne midlane ut att til banken sine kundar. Dessutan har banken ytt mange andre banktenester, t.d. betalingsformidling innanlands og til og frå utlandet. Finansiell rådgiving har og vore ei stadig viktigare oppgåve.

Den lokale sparebanken har hatt ein jamn vokster gjennom alle år, og hadde pr. 01.01.1983 ein forvaltningskapital på kr. 171.000.000,-. Samla innskot var kr. 153.000.000,-, og utlån i alt på kr. 106.000.000,-. Bankens eigenkapital – sparebankfondet og andre avsetjingar til fond – var då på kr. 11.510.000,-.

I lang tid vart det drøfta om Sykkylven Sparebank burde gå inn i ei større eining for å styrke slagkrafta si. Slik vart det i 1995, då Sykkylven Sparebank vart ein del av Sparebanken Møre.

I mange år hadde Sykkylven Sparebank filialar i Straumgjerde, på Ikornnes og i Hundeidvik. Dessutan var det regelmessig bankteneste på Sykkylven sjukeheim, aldersheimen og trygdebustadane. I 2015 er det berre ei sparebankavdeling i Sykkylven.


Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.
  • Nettstaden purehelp.no