Sportsnytt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

A/S Sportsnytt var ein sportsbutikk i Aure i Sykkylven. Oddvar Hjellegjerde og Elias Vinje skipa dette firmaet som aksjeselskap i 1978, og leigde dei lokala som Leif Holen & Co. hadde brukt til jernvare- og sportsforretning. Det nye firmaet kvitta seg med jarnvareavdelinga, og kunne på den måten bygge ut ei topp moderne avdeling for sportsartiklar. Medrekna lagerplassen disponerte firmaet ei golvflate på 180 m2. Disponent og dagleg leiar var Oddvar Hjellegjerde.

Firmaet var med i eit aksjeselskap som kjøpte den såkalla Pihl-tomta i Aure sentrum, og her vart ført opp eit nybygg. Det stod ferdig i 1984. Butikken vart då flytta dit. Vareutvalet gjekk snart over frå sportsartiklar til sko, og butikknamnet vart endra til Skonytt.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.