Stave Bygg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stave Bygg var eit byggjefirma på Stave i Sykkylven. Det var i 1926 at Nils K. Stave starta eiga byggmeisterforretning med levering av materialar og oppsetting av hus. Han var ein dugande organisator, og dreiv firmaet godt i mange år. Sønene, Knut, Arne og Bård Stave tok etter kvart over, og skipa i 1955 firmaet Stave Bygg AS, med det føremål å selje byggevarer, planlegge og føre opp hus, og elles yte andre tenester til byggherrane. Seinare flytte Knut Stave til USA, og då tok Arne, Bård og Øyvind Stave over ansvaret.

I 1970 vart det bygt eit anlegg for produksjon av ferdigbetong, med mobile blandeverk, som blanda ferdig betongmasse på veg til mottakaren. Med tre slike spesialbilar leverte firmaet ei tid mesteparten av den betongmassa som vart brukt i Sykkylven.

I 1974 byrja Stave Bygg AS å produsere vindu og ytterveggelement for trehus. Det vart etter kvart utvikla detaljar og produksjonteknikkar som gav eit produkt med svært høg kvalitet, tilpassa krava i kystdistrikt med mykje vind og nedbør. Gjennom eiga entreprenøravdeling og lokale byggvareforretningar, frå Førde i Sunnfjord til Sunndalsøra på Nordmøre, vart husa marknadsførde under namnet Stavehus. Ein typehus-katalog, utarbeidd av firmaets eige arkitekt/ingeniørkontor, gav døme på planløysingar, tilpassa ulike behov og byggemiljø.

Etter 1982 hadde Stave Bygg A/S samarbeid med eit maskinfirma om landbruksbygg. Slike bygg kunne då leverast bruksferdige, med all innreiing på plass.

Fram mot hundreårsskiftet vart verksemda trappa ned.

Kjelde

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven, Sykkylven 1983.