Steinane (Bykle gnr 14/51)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steinane
Byklum 131.jpg
Steinane 1.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Signeshus
Rydda: 1932
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Type: Bustadeigedom

Steinane i Bykle ligg på oversida av vegen rett ovanfor Utistog. Tomta vart utskilt frå Innistog i 1978.

Tidlegare hadde Signe Gjerden hatt ei stoge her.

  • Signe Gjerden, f 1892, d 1962

Mor åt Signe Gjerden var Gunhild Auversdotter frå Myri under Gjerden. Faren heitte William Sigvart Kristiansen, og var bakarsvein på Dalen i Telemark då Gunhild trefte han. Gunhild hadde flutt frå Bykle til Lårdal i 1888, står det i kyrkjeboka. Sidan vart ho gift i Skien, vert det fortalt, men ho let seg ikkje finne att der, eller nokon annan stad, i 1900-folketeljinga, så ho kan ha vore død ved det leitet. Men det er meir truleg at Gunnhild hadde fare til Amerika, og hatt dottera med seg dit.

Iallfall er det sikkert at Signe hadde vore der i ungdomen, men sidan fare attende til Noreg. I 1932 fekk ho bygsla seg tomt av Innistog, og sette seg opp ei lita stoge her. Ettersom ho kunne engelsk, var ho etterspurd som kokke for dei engelske jaktlaga som stundom huserte i Njardarheim. Elles dreiv ho mykje med strikking og sauming, og var ein meister i løyesaum, fortelst det.

Anne Auversdotter, ei ugift morsyster hennes, budde ilag med Signe så lenge ho livde. Anne hadde mist ein fot, og gjekk på krykkjer.

Stoga etter Signe vart rive i samband med vegomleggjinga på 1980-talet. Etter det som vert fortalt ligg tømmeret framleis lagra i løa i Innistog.

I 1978 vart ein parsell kring Signeshus kløyvd ut frå Innistog, matrikulert som bnr 51, og overdrege til Dreng Byklum. Stykket vart oppmælt til 7 mål. Dreng ville gjerne ha litt vedaskog, fortel han, og slik terrenget var laga høvde det best å dele av heile denne stripa på oversida av riksvegen.

  • Dreng Aasmundsson Byklum, f 1942, ug

Dreng er frå Innistog, og son åt Aasmund Drengsson og kona, Gro Torsdotter. Han var postopnar i Bykle. Då det gamle posthuset frå 1940 hadde vorte for lite, bygde han seg bustad og posthus i eitt, og tok huset i bruk i 1978. Her var då postkontoret inntil det vart nedlagt i 1998. Etter dette har Dreng arbeidd som landpostbod.

Signe Gjerden (1880-1962) var dotter åt Gunhild Auversdotter frå Myri under Gjerden. Anne Auversdotter (1872-1955), som sit til venstre for henne her, var morsyster hennes. Me veit ikkje kva tid dette biletet, som er funne i samlinga etter Olav G. Holen, er teke. Men dei to kvinnene budde iallfall i lag i «Signeshus» frå 1932.


0941 Bykle komm.png Steinane (Bykle gnr 14/51) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Øvre Systog • Neste bolk: Listog