Steinbygningar i Gulen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Steinbygningar er eit særdrag ved byggjeskikken i Gulen kommune. Ein brukte steinmurte hus og steingjerder, og det var óg vanleg med gråstein som materiale i løer og andre bygningar, med stein heilt opp til mønet. Sjøbuer, naust og til og med bolighus vart bygd slik.

Husmurane vart reist som doble kyrkjemurar utan nokon form for bindemiddel, anten som ly mot kald vind, eller som beremur slik ein kan se det i Dalsøyra. Dei er gjerne tjukke nedst og smalnar av oppover. Vatnet ble leia vekk frå innerveggane. I mange av husa er veggane særs jamne i overflata. I store steinløer, som dei på Midttun i Eivindvik, er beremurane kombinert med grindverk. På den same garden står eit steinmurt uthus frå 1885, med ei grunnflate på 20 x 9 meter, og ei høgd på 10 meter. Her er det berre nytta jordbrutt stein.

Sjølv om byggjestradisjonane kan gå attende til mellomalderen, reknar ein dei fleste steinbygningane i Gulen for å vere frå 1800-talet.

Kjelder

  • Midttun, Gisle; «Sognahus» i Norske bygder, Sogn side 195-248
  • NIKU: Rapport Arealplan 02/06, Gulen kommune, Sogn og Fjordane, 2006