Sterke-Nils

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sterke-Nils - Tre-relieff funnet på gård i Telemark.

Nils Olavson Langedal, eller Sterke-Nils som han er best kjent som, ble født omkring 1720 på Rullerud i Brunkeberg i Kviteseid i Telemark.

Han levde deler av livet sitt i Seljord (Seljordshei) og i Kviteseid og døde i november 1800. Sterke-Nils var kjent som kjempekaren fra Seljord som var flaska opp på merremelk og var «grueleg sterk».

Merker etter Sterke-Nils

Steinen ved Seljord kirke.
Nærbilde av Sterke-Nils-steinen, 1960-tallet (foto: ukjent).

Sterke-Nils skal ha løftet den 570 kilo tunge steinen som ligger ved Seljord kirke, og også en stor stein som står på Kviteseid bygdetun, «Klypelyftsteinen», som han løftet i «klypa», det vil si neven.

Seljord-presten og folkelivsskildreren Hans Jacob Wille skrev:

Sterke Nils fraa Seljord, som i ei vende bar 3 tunnor salt 500 stig utan aa kvila. Men troppi under 'n blei knust.

Også Porsgrunns-forfatteren Hans Reynolds har skrevet om Sterke-Nils. I boka Telerne i den norske her-soga heter det:

Nils vart soldat i 1752 og ekserte paa Dalen. Det var just i den tidi, dei bygde festningen i Stavern og det var Nils med paa. Ein dag streva seks mann med ein svær granitstein, som skulde upp paa muren, men dei vann ikkje aa rugga honom eingong. Nils kom no til. Han had kararne gaa undan og tok sjølv fat i steinen. Han søkk i jordi til oklet, men steinen greidde han og det fint og. Men daa kommandanten fekk høyra um dette kars-taket, sagde han, at steinen skulde staa til et minne um dette inne ved festningsporten. Og der stend han den dag.
Husmannsplassen «Sterke-Nils tunet» på Dyrskuplassen i Seljord

Jørund Telnes (1845-1892) fra Seljord, som skrev både folkelivsskildringer og dikt, laget en hel vise-syklus om kjempekaren Sterke-Nils. Dette er bygdeviser som skildrer livet til Sterke-Nils fra fødsel til død. De er skrevet slik at tekstene passer til kjente folketoner. Visene er mye brukt i Vest-Telemark og har medvirket til at Sterke-Nils fremdeles blir husket. Artikkel om Sterke-Nils.

Sterke-Nils (1721-1800)

=== Nokre av dei mindre kjente sogene om husmannen frå Trollebotn. Av Bergit Telnes ===

I den siste tida har eg fortalt om Sterke-Nils i ulike samanhengar. Eg brukte noko tid på å finne stoff om han. Dei mest kjente historiane står i Seljordsoga og Telnesskriftene, bind 1, men det var særleg Olav Kvaalen si bok " Soga om Sterke-Nils" som viste meg nye sider ved kjempekaren frå Seljord. Eg trur at det kan vera av interesse for fleire. I denne artikkelen vil eg gje eit kort riss av livet til Sterke-Nils, og fortelje nokre av sogene om han.

Livet til Sterke-Nils

Nils Olavsson vart født på plassen Rullerud i Brunkeberg i 1721. Foreldra var Åste Berntsdotter Torgje frå Brunkeberg og Olav Nilsson Vadder frå Kviteseid. Dei var brukarar av husmannsplassen Rullerud som høyrde til garden Groven i Brunkeberg. Denne garden var lensmannsgard, og låg ganske sentralt til i Brunkeberg som på denne tida var litt av eit knutepunkt. Her låg kyrkja, og hovudvegen mellom Austlandet og Vestlandet gjekk rett gjennom tettstaden. Etter kvart voks det fram ein livleg handel der. Her levde altså Nils i barneåra, og han tok med seg mange inntrykk frå det pulserande livet i Brunkeberg då familien seinare flytta til Ramskeid. Dette var ein plass under Heggtveit i Åsgrend.

Etter at Nils var konfirmert, tente han hos Svein Groven i Åsheimgrendi før han fekk teneste som dreng hos presten Ole Nielsen Spurv i Seljord. Dette var ein god plass å vera i teneste, for herr Ole var ein snill mann som sette stor pris på den sterke tenesteguten sin. I 1752 blei Nils utskriven som soldat. Han gjorde teneste på Fredriksvern festning i Stavern. Han hadde då blitt om lag 30 år, og det var snart tid for å stifte familie. Dette skjedde etter at han fridde og fekk ja frå Anne Eivindsdotter Lid i Seljord. Ho og Nils gifta seg åttande november i 1757 i Seljord kyrkje. Dei nygifte budde ei stund på Ramskeid, medan Nils rydda plassen Langedal i Trollebotn. Langedal vart ein husmannsplass under garden Dale ved Dalsvatnet. Nils fekk lov av bonden på Dale å hogge gratis tømmer til hus på Langedal i skogen hans, men dette tilbodet stod berre ved lag ein dag. Nils dreiv på heile dagen, og sterk og rask som han var greidde han å hogge nok tømmer til å få lafta opp stoga. Dette huset står no på Sterke-Nils-tunet på Dyrskuplassen. Den vesle familien som no også talde sonen Olav, flytta inn på Langedal. I starten kunne dei ikkje fø meir enn ei kyr og tre geiter, men seinare braut Nils opp meir jord slik at dei vart sjølvforsynte med det meste. Han fekk bra med arbeid i skogen til brukseigar Aall. Her arbeidde han for to og fekk difor dobbelt betaling. Berre tre år etter giftarmålet med Anne, vart Nils utkommandera til Danmark som soldat. Sjuårskrigen, som starta i 1756, rasa i Europa. Det var Frankrike, Austerrike, Russland og Sverige som kriga mot Storbritannia og Preussen. Danmark /Noreg klarte å halde seg nøytrale, men det gjekk med store summar for å halde ein hær på nøytralitetsvakt i Slesvig-Holstein dei siste fem åra av krigen. Tusenvis av unge norske gutar vart sende til Danmark i desse åra. I 1762 tilspissa situasjonen seg ved at den sinnsforvirra hertugen av Gottorp blei utropt til russisk tsar. Han tok namnet Peter 3. og ville gå til krig mot Danmark på grunn av ei gamal konflikt om den gottorpske delen av Slesvig. Her hamna Sterke-Nils midt opp i europeisk storpolitikk. Russiske troppar i Tyskland blei sendte nordover, og danskane sendte soldatar til Mecklenburg for å møte russarane. Men det russiske åtaket på Danmark vart avblåst fordi Peter 3. blei myrda i ein palassrevolusjon. Krigen var over og Nils kunne vende heim til kone og son i Trollebotn. Anne og Nils fekk fleire born saman, men det var berre Olav som levde opp. Anne døydde i 1783, 63 år gamal. Året etter gifta Nils seg på nytt med Øli Napastå. Med henne fekk han to born, men berre ein gut, Nils, voks opp. Ekteskapet med Øli blei ikkje så godt som det med Anne. Nils var plaga med smerter etter brokkskaden han fekk i Gåsebrekka , og Øli var inga mild og velmeinande kone. Ho hersa så fælt med han at Nils i lange stunder ikkje kunne bu heime, men blei tvinga ut på legd frå gard til gard i bygd etter bygd. Etter ei tid med nabokrangel og uro, som Øli tok sterkt del i, kom Nils i slagsmål med Hølje Napastå. Dette var 29.oktober 1800. Han blei hardt skadd og blei liggande på Dale der han døydde 31.oktober 1800.


Av sterke folk

Mor til Sterke-Nils fødte denne guten medan ho var på jordet og arbeidde i slåtten. Ho har nok vore ei sterk dame som greidde seg godt på eiga hand. Det blir fortalt at ho var lita, men svært sterk. Ho bar ein tunnesekk (om lag 100 kg) med rug inn på badstoga på Heggtveit. Så skulle ho hive sekken opp på benken, men ho var så stutt at sekken datt ned for ho. Det same hendte ein gong til. Då vart ho sint og sa: "Du vi narre meg du, men eg skå`kje narre deg, eg!" Så tok ho sekken med begge hender og slong han inn på benken så det song i veggen.

Nils viste tidleg styrken sin. Han lyfte tømmestokkar og store steinar i arbeidet heime på Rullerud. Medan han berre var ein unggut bar han ei tunne rug på ryggen dei to kilometrane frå Omtveit til Groven utan å kvile. Eit anna typisk trekk ved denne guten var at han var snill og godlynt. Han brukte ikkje styrken sin i utrengsmål, men til det arbeidet som skulle gjerast. Eg skal seinare vise at han nytta kreftene sine til å hjelpe både menneske og dyr.

Teneste i Seljord prestegard

Medan Nils var dreng hjå herr Ole, gjorde han fleire karstak. Det best kjente er at han henta ein tunnesekk med skuresand til å skure golva i prestegarden. Det står i bøkene at sanden blei henta i Årnoteren, men der er det berre berg, ikkje sand. Det rette er at Nils henta skuresand frå Sandnuten på Seljordshei. Poenget med historien blir det same; han bar om lag 100 kg sand på ryggen i fleire kilometer, og kom tilbake til prestegarden lenge før dei venta han. Medan han var i prestegarden lyfte han ein levande hest. Dette fekk han til ved å bøyge seg under buken på hesten, og stikke skallen ut mellom frambeina. Så retta han seg opp og gjekk med hesten eit lite stykke. Det blir også fortalt at presten hadde god hjelp av Nils då han måtte ta eit oppgjer med Steinar Svartdal, også kalla Svartdalskjempa. Han hadde røva og skamslått fleire, og presten gjekk heller ikkje fri. Jørund Telnes har skrive eit dikt om hendinga. Det var medan han tente i prestegarden at han gjorde det lyftet han er best kjent for; han lyfte Sterke-Nils-steinen på 570 kg som no ligg ved Seljord kyrkje. Dette gjekk slik til:

Nils arbeidde på plassen Satabakke som høyrde til prestegarden. To jenter gjette buskapen på same plassen. Det var Gunhild Flatin og Barbro Satabakke. Dei såg at Sterke-Nils lyfte steinen opp i fanget og snudde seg rundt med han før han la han frå seg.

Seinare vart steinen frakta med hest og slede til Dyrskuplassen. Der vog dei han på vekta som blir brukt til kyr og oksar før han vart plassert ved Hærmannsbautaen ved kyrkja.

Godhug for dyr

Medan Nils og Anne budde på Ramskeid, såg han ein dag to karar som kom med eit stort lass smørholkar. Dette hadde dei kjøpt på staular i Vest-Telemark, og no skulle dei heim att til Bø. Lasset var så tungt at hesten ikkje greidde å dra det opp den bratte Bryggebakken på nedsida av Nordre Heggtveit. Men karane piska hesten og truga han til å halde fram opp bakken. Nils lika ikkje at hesten blei slått. Difor gjekk han ned til vegen og sa: "Dette er ikkje meir enn ein sterk kar dreg opp." Då fekk han til svar, at om han greidde det, skulle han få heile lasset. Nils sprette frå hesten, drog lasset opp bakken, forsynte seg med to av smørholkane, og gjekk heim. Utpå hausten kom karane att for å ta hemn. Dei hadde fått med seg ein kjempekar frå Bø, så dei kjente seg trygge då dei skulda Nils for å vera smørtjuv. Anne, som kjente mannen sin godt, såg at Nils var i ferd med å bli verkeleg sint. Ho åtvara karane frå Bø om at Nils ikkje var å spøke med når han blei sint. "Det er no vel aldri Sterke-Nils me har kome ut for," sa karane og strauk på dør. Så me skjønar at ryktet om kjempekreftene hans var godt kjent i mange bygder.


Nils syner kreftene sine utanfor Seljord

Ein gong var han på Finneid i Drangedal. Der hadde det vore flaum, og eit kvernhus som hadde blitt tatt av flaumen, hadde kilt seg fast i ei fjellkløft i elva. Seks mann streva for å få kvernhuset laus då Sterke-Nils kom framom. Han vassa ut i elva, og tok tak kring kvernhuset med begge armane. Så reiv han det laus med eitt einaste rykk, bar det til lands, og sette det frå seg på bakken.

Ein annan gong var han i Skien for å kjøpe korn hos kjøpmann Gule. Han ætta frå Seljord, og visste at Nils var sterk. Då han forlanga tre tunner rug, sa kjøpmannen at han skulle få dei 300 kiloane gratis om han greidde å bera lasset 300 steg. Det blei fylt opp tre tunnesekker med rug, og Nils knytte dei saman med eit solid reip. Så tredde han sekkene inn på ei jernstong, la stonga på aksla og rugga av stad. Det hadde samla seg mange karar som ville sjå om mannen frå Seljord greidde vågestykket. Ein av dei tok ein halv gris og slengde han opp på rugsekkene med desse orda: "No har du fått brødmat, men du må ha litt suvl attåt." Jernstonga bøygde seg litt, men Sterke-Nils gjekk dei 300 stega og vann veddemålet.

Karstak frå tida i Danmark

Kong Fredrik 5. hadde spent fire hestar framfor vogna, og skulle køyre då Sterke-Nils held att vogna slik at ho ikkje kom av flekken. Kongen lurte på kvifor Nils hadde stoppa vogna hans. Då svara Nils: "Eg ville berre sjå vel på kongen, eg." Kongen blei oppglødd over denne norske kjempa, og ville ha han i vaktstyrken sin. Nils blei lova både striper og stjerner og tittelen offiser, men han lengta heim att til Anne og vesle Olav, og takka nei til dette tilbodet. Ein gong Nils var i København, blei han lova 10 daler dersom han kunne bera to tunner salt frå hamna og opp på loftet til eit handelshus. Han surra saman to tunnesekker og fekk dei på ryggen. Så gjekk han opp til forretninga, men då han tok fatt på trappa opp til loftet, rasa ho saman. Handelsmannen ville ikkje betale 10 daler sidan ikkje saltet var på plass på loftet, men då blei Nils sint og sa at han fekk lage ei trapp som var solid nok til å få ei slik bør opp på loftet. Kjøpmannen blei spak, og Nils fekk sine 10 daler.


Dette var nokre av sogene om Sterke-Nils. Dersom de har lyst til å sjå dei levandegjort er det berre å møte opp på Sterke-Nils-tunet på neste Dyrsku. Der vert Sigurd Telnes sine tidsbilete frå livet til denne kjempekaren vist kvar dag.


På Dyrskuplassen i Seljord der den årlige Dyrsku'n arrangeres, er det rekonstruert en husmannplass kalt «Sterke-Nils tunet». Stua er hentet fra plassen Langedal i Trollebotn.

Livet til Sterke-Nils

Nils giftet seg med Anne Evensdatter 8. november 1756. De bodde i 1782 sammen med sønnen Ole Nilsen på Langedal i Seljord. I 1783 døde Anne Evensdatter, og 15. november året etter giftet Nils seg med Øli Evensdatter.

Kilder

Eksterne lenker