Storstein (Bykle gnr 17/3)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Storstein
Rydda: 1683/1711
Utskilt: 1712
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Bnr: 3
Type: Gardsbruk
Ei kvinn høyrande til garden ligg ved utløpet frå Trydalstjønni.
Foto: Siri Johannessen (2020).

Storstein i Bykle kommune har tunet sitt, det som er att av det, oppi bakkane på austsida av Trydalstjønni, ovanfor Strondi og Strandehagen.

Bruksnamnet kjem av at stoga vart bygd attmed ein diger steinblokk, som har vorte transportert hit av isen på slutten av siste istid.

Storstein er tydelegvis utkløyvd frå Systog med ei landskyld på 3 kalveskinn, men me veit ikkje akkurat kva tid det var. Den fyrste me kan vita heilt sikkert budde her er Såve Ånundsson Trydal. Han kom hit i 1711, då han overtok bruket etter broren Ånund, som døydde på den tid. At Ånund åtte bruket er sikkert nok, og det er også sikkert at han må ha kaupt desse tre kalveskinna hjå Tarjei Arnesson i Systog, jamvel om me ikkje har sett det skrive nokon stad. Om Ånund faktisk budde her, eller om han var busete hjå broren i Der inne, er noko på vona. Me har ikkje sett han oppførd som oppsitjar i noka skatteliste, men i og med at han hadde skaffa seg hand om eigedomen, er det vel rimeleg å gjeta på at han også hadde sytt for at her var buande, og på denne bakgrunnen set me han opp som fylgjer:

  • Ånund Ånundsson Trydal, f ca 1659, d ca 1711, ikkje kjent familie

Meir veit me ikkje om Ånund. Då Såve i 1731 let eigedomen vidare til sonen, synte han fram eit heimelsdokument dagsett 17.6.1711. Ettersom tingboka også nemner at Såve hadde ervt eigedomen etter broren, må det vel vera tale om eit skifteskøyte. Ånund Ånundson hadde vel då ikkje andre ervingar, men Såve hadde familie, kona heitte Jorunn Torleivsdotter og var frå Stavenes. Me har plassert hovudomtalen av desse folka i bolken om Der inne, avdi dei var dei fyrste oppsitjarane på det bruket, og budde der då alle borna deires vart fødde.

Då Såve og Jorunn heldt friviljug skifte og tok foddog i 1731, kom det fram at buet hadde ei gjeld på vel 102 riksdalar til kommerseråd Chr. Brinck, kaupmann i Kristiansand, og denne fekk utlegg i garden, både i jord og kretur. Kretura var hest, 3 kyr, 7 sauer med 3 lam og 3 geiter med 2 kje. Eigedomen, som var skyldsett til 3 kalveskinn, vart verdsett til 20 riksdalar pr skinn eller 60 rd, så når skiftekostnadene var trekte ifrå, vart det ikkje så mykje som ein skilling å erve. Den 24 år gamle sonen, Eivind Såvesson, overtok garden mot lovnad om å greie gjelda og taka seg av foreldra sine. Han vart ikkje formelt sett leiglending under panthavaren, som altså må ha vore overtydd om at gardverdet i røynda var høgre enn dei 60 dalarane, slik at Eivind skulle ha voner om å greie det han hadde teke på seg. Det vart strevsamt for han.

  • Eivind Såvesson Trydal, f ca 1707, d 1775
g 1730 m Eli Såvesdtr. Stavenes, f ca 1710, d 1776. Born:
  • Gunhild, f 1731, g 1759 m Olav Olsson Homme, sjå Bjones, gnr 16, bnr 8
  • Såve, f 1733, d 1733, tvill.
  • Ånund, f 1733, d 1757, tvill. ug.
  • Såve, f 1737, d 1737, tvill.
  • Olav, f 1737, d 1737, tvill.
  • Arne, f 1737, d fyre 1749
  • Såve, f 1739, d fyre 1740
  • Såve, f 1740, d fyre 1743
  • Såve, f 1743, g 1770 m Kristi Gunsteinsdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1746, lagnad ukj.
  • Arne, f 1749, d 1749

Eli var dotter åt Såve Torleivsson og kona, Gyro Niklosdotter, på Teigen, Stavenes, gnr 16, bnr 1. I 1728 hadde ho fått ein son, Torbjørn, med soldaten Hallvard Lidvardsson Myrum (jfr. Valle V, 111f), og stått offentleg skrifte i kyrkja for dette. Korleis det gjekk med Torbjørn etter at dei døypte han 12.1.1729, har me ikkje sett noko om.

Som nemnt overtok Eivind bruket med gjeld til kaupmann Brinch i Kristiansand. I 1735 stemnde Brinch han for denne gjelda, men Eivind greidde ikkje å betale, så saka var framme på tinget fleire vender i åra som fylgde, inntil det i 1748 vart halde ei eksekusjons- og vurderingsforretning, der rådmann Ole Mørch i Kristansand, som hadde overteke dei uteståande krava av Brinch, fekk seg utlagt lausøyre for 22 dalar og 1 1/2 skinn i jorda for 68.

Eivind hadde også stundom krav framme på tinget, men det var berre småsummar, såleis 6 1/2 dalar hjå Eivind Olavsson Stavenes i 1739, så om han fekk pengane inn, mona det ikkje så mykje.

Me har ikkje funne noko skifte etter Eivind Såvesson eller kona hans, så det er uvisst korleis det sto til då den einaste av dei ni sønene som overlivde dei overtok bruket, men også han streva med gjeld.

  • Såve Eivindsson Trydal, f 1743, d 1823
g 1770 m Kristi Gunsteinsdtr. Berdalen, f 1744, d 1831. Born:
  • Eli, f 1770, d 1789, ug
  • Birgit (e.), f 1772, g 1799 m em. Ånund Pålsson Stavenes, sjå nedanfor
  • Birgit (y.), f 1774, konf. Trydal 1790, lagnad ukj., d fyre 1801
  • Jorunn, f 1778, d 1803, ug
  • Eivind, f 1782, d 1782, tvill.
  • Jorunn, f 1782, d 1782, tvill.
  • Eivind, f 1783, «berøvet taleevnen», d 1805, ug.
  • Gro, f 1787, d 1787
  • Ånund, f 1791, d 1791

Kristi kom frå Hagen Berdalen, og var dotter åt Gunstein Tarjeisson på det bruket og kona, Birgit Olavsdotter.

Såve er i futens kassabøker oppført som skatteytar på bruket frå 1775, og det kan godt hende det var det året han overtok. Liksom faren vart Såve Eivindsson rett som det var stemnd for gjelder, men helst mindre summar, som han ser ut til å ha greidd å betale utan at det kom til utpanting, såleis ma. 20 rd til kaupmann Peder Mørch i Kristiansand i 1801.

Dei som budde på bruket då folketeljinga vart oppteke i 1801 var Såve og Kristi, dottera Jorunn og sonen Eivind. Etter oppgåver frå jordtakstkommisjonen i 1802 skulle bruket kunna fø hest, 3 kyr og 12 smålog. Dei skulle kunne så 1 1/2 tunne bygg og selje 1 bismarpund smør i året, står det. Nå kan det nok hende at desse oppgåvene er lågare enn det dei faktisk hadde, men i alle høve tykkjest avling og avdrått ha vore i knappaste laget til å liva av.

Som det går fram av familieoversynet ovanfor overlivde Kristi og Såve 8 av dei 9 borna sine. Når ingen son livde opp, og berre ei dotter, laut det verta denne dottera som overtok bruket. Den formelle overtakinga fylgde vel då Såve var død i 1823, for i futens kassabok er han oppført som skatteytar så seint som i 1821, men frå 1824 er det versonen som er oppsitjar. Av framstillingstekniske grunnar fører me opp mannen i huslyden fyrst, endå det var hennes gard:

  • Ånund Pålsson Stavenes, f (2.7.)1757, d 1838
g 1. 1786 m Ingebjørg Asbjørnsdtr. Tveiten, f 1762, d 1789. Born:
  • Asbjørn, f 1786, d 1793
g 2 1799 m Birgit Såvesdtr. Trydal, f 1772, d 1849. Born:
  • Ingebjørg, f 1799, g 1822 m Tarald Olavsson Mosdøl, sjå Mosdøl, gnr 13, bnr 3
  • Kristi, f 1801, g 1824 m Pål Oddsson Byklum, sjå Austistog, gnr 14, bnr 7
  • Eivind, f 1807, d 1807
  • Eivind, f 1809, g 1828 m Turid Kjetilsdtr. Tveiten, sjå nedanfor
  • Pål, f 1815, d 1815

Ånund Pålsson var son åt Pål Såvesson på Teigen Stavenes og kona, Ingebjørg Ånundsdotter, fødd Breive. For å unngå samanblanding skal nemnast at det var ein kar til som heitte Ånund Pålsson Stavenes, og som jamvel var fødd same året som Ånund her. Den andre Ånund-en var fødd i januar 1757 som son åt Pål Eivindsson i Utistog. Det me har å melde om den mannen står i bolkane om Utistog Stavenes og Systog Trydal.

Ingebjørg Asbjørnsdotter vart oppskrive med etternamn Tveiten då ho gifte seg med Ånund i 1786. Ho var dotter åt Asbjørn Øyulvsson Brokka og kona, Gunvor Lidvardsdotter, fødd Bø. Då Gunvor gifte seg med Asbjørn, var ho enke etter Hallvard Ånundsson i Heimtveiti, og ho og Asbjørn budde på det bruket. Ingebjørg og Ånund budde i Byklum då ho døydde etter 3 års ekteskap. Ånund tok då med seg sonen Asbjørn og flutte heim til Teigen. Eit par år seinare døydde Asbjørn også, han «omkom i et Fieldras», står det i kyrkjeboka.

Etter at Ånund gifte seg omatt med Birgit i 1799, må dei ha budd i Storstein det meste av tida, iallfall ser ein at alle borna deira vart døypte frå Trydal. Kring folketeljinga i 1801 var dei likevel eit bil på Teigen hjå bror hans, utan at me veit kor lenge.

Birgit og Ånund sat med bruket her til 1831, då dei tok foddog og overdrog det til sonen:

  • Eivind Ånundsson Trydal, f 1809, d 1880,
g 1828 m Turid Kjetilsdtr. Tveiten, f 1808, d 1881. Born:
  • Birgit, f 1829, g 1. 1851 m em Torleiv Auversson Gjerden, g 2. 1869 m Dreng Hallvardsson Oddeskar, til Amerika som enke 1881, sjå Ørnefjødd, gnr 6, bnr 5, jfr. nedanfor
  • Ånund, f 1830, g 1855 m Torbjørg Folkesdtr. Trydal, til Amerika 1868, sjå nedanfor
  • Tore, f 1832, g 1857 m Åvold Torleivsson Trydal, til Amerika som enke 1900, sjå Systog Grasbrokke, bnr 15
  • Eli, f 1835, g 1.1853 Olav Taraldsson Mosdøl, g 2. 1874 m Gunstein Gjermundsson Byklum, sjå Uppistog Byklum, gnr 14, bnr 5
  • Kjetil, f 1837, til Amerika 1868, g 1894 m e Gunhild Dale, born:
  • Olav
  • Eivind
  • Knut, sjå nedanfor
  • Kristi, f 1839, g 1867 m Knut Tarjeisson Bjones, sjå Bjones, gnr 16, bnr 8
  • Såve, f 1842, g 1870 m Torbjørg Knutsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Jorunn, f 1845, g 1877 m Gunnar Olavsson Stavenes, til Amerika 1877, ikkje kjende born
  • Gyro, f 1847, g 1873 m Mikkel Hallvardsson Hisdal, sjå Hisdal, gnr 20, bnr 1
  • Pål, f 1850, d Lincoln County, Minnesota 1934, til Amerika fyre 1872, g 1 m Anne Haugen, d 1872, g 2. 1885 m e Anne Thompson, sjå nedanfor
  • Olav, f 1853, til Amerika etter 1877, fyre 1891, g m Kari Engelson, sjå nedanfor

Turid K. Trydal var dotter åt Kjetil Knutsson Tveiten og kona, Tore Olavsdotter, på Evretveit i Hylestad (jfr. Valle III, 288). Anne, som var gift med Arne Olavsson i Nordstog, var syster åt Turid.

Denne triveleg purka og ryttaren hennes er sjølvsagt langt nyare enn 1855. Me har ikkje fleire opplysningar om biletet enn at det kjem frå Setesdalsmuseet, men nyttar det likevel som illustrasjon her, avdi me veit at dei hadde gris i Storstein, men vantar grisebilete frå dette bruket.

I dei tidlegare generasjonane på Storstein hadde dei vore utsette for uhyggeleg mange dødsfall i barneflokkane, men hjå Eivind og Turid livde alle dei 11 borna opp. Ovanfor kom me til at avling og avdrått hjå besteforeldra åt Eivind kan ha vore i knappaste laget for dei 4 menneska som budde på garden i 1801. Korleis skulle då Turid og Eivind få endane til å møtast, med ein stor og veksande barneflokk og både foreldra og bestemor åt Eivind på foddog? Løysinga var meir intensiv gardsdrift. I 1835 sådde Eivind 1,8 tunner bygg og 2,5 tunner jordeple. I 1855 var sånaden 3,5 tunner korn og 10,5 tunner jordeple. På denne tid sådde dei på jamnen 0,4 tunner korn og 3 tunner poteter pr mål. Me kan då rekne ut at åkerarealet på bruket auka frå 5 1/2 mål til 12 1/2. Om ein vil rekne på avlinga, får ein at medan bruket i 1835 gav ei nettoavling på omlag 8 tunner bygg og 12,5 tunner jordeple, bør dei i 1855 ha fått 14 tunner bygg og 55 tunner jordeple. Buskapen vart auka i same mon som åkerarealet. I 1855 hadde dei såleis 2 hestar, 9 kyr, 18 sauer og 20 geiter. Dessutan hadde dei gris, noko som tyder på eit visst overskot av grjon, ettersom grisen laut ha ein del jordeple eller mjøl.

Den intensiverte innsatsen i gardsdrifta kosta rimelegvis slit, og det kan vera noko av årsaka til at Turid og Eivind gav bruket over til neste generasjon nokså tidleg. Det vart ikkje tinglyst noko skøyte eller foddogsbrev, men folketeljinga 1865 viser at det då var dei to ugifte sønene, Såve og Kjetil, som åtte garden, medan foreldra var kårfolk, endå Eivind då var berre 58 år, og Turid eitt år eldre.

Buskapen på Storstein i 1865 var omlag den same som ti år tidlegare, bortsett frå at dei nå greidde seg med 1 hest, men hadde nokre fleire geiter, 24 stykke.

Tore Eivindsdotter og huslyden hennes var på denne tid busetar hjå Torleiv Arnesson i Nordstog. Birgit Eivindsdotter sat enke med ein son, Auver Torleivsson (f 1858), og åtte Nordstog Gjerden, noko ho hadde gjort sidan 1861, medan Eli var gardkjering på bnr 2 i Mosdøl, Berget.

Kristi, Jorunn, Gyro og Olav budde heime hjå foreldra, men Pål, som hadde vore nr 1 på kyrkjegolvet same våren, hadde vorte teken inn i prestegarden i Valle som «lærling» hjå sokneprest Peter Blom. Me gjet på at det har vore planar om at han skulle verta lærar.

Olav Eivindsson fekk i 1877 5 dagar på vatn og brød for «brot på vegfreden», etter at han hadde gått laus på Hallvard Drengsson Mosdøl og dengt han, ein gong dei møttest på bygdevegen nedanfor kyrkja. Sidan drog Olav til Amerika, men me veit ikkje kva tid han reiste, bortsett frå at det må ha vore etter 1877 og fyre 1891. Vidare har me funne at han var farmar, og budde i Marble Township, Lincoln County, Minnesota. Han var gift med ei Kari Engelson, og hadde borna Ed, Hans, Ingvald, Thea, Anne og Andrew.

Om Ånund veit me sikkert at han budde som busete med huslyden sin i Der inne frå 1855 til 1867. Av framstillingstekniske grunnar set me dei likevel opp på denne staden:

  • Ånund Eivindsson Trydal, f 1830, til Amerika med heile huslyden mars 1868
g 1855 m Torbjørg Folkesdtr. Trydal f 1833. Born:
  • Eivind, f 1856, d 1856
  • Turid, f 1858, d 1915, g 1877 m Knut Såvesson Nomeland, f 1850, d 1926, busett Marble Township, Lincoln County, Minnesota, jfr Valle III, born iallfall:
  • Tilda
  • Carl
  • Frank
  • Sam,
  • Birgit, f 1859, d 1915, g m Arne Knutsson Trydal, busett Marble Township, Lincoln County, Minnesota, born, sjå Nordstog, lnr 43
  • Eivind, f 1862, d 1927, busett Marble, Lincoln County, Minnesota, ug
  • Gunvor (Julia), f 1864, d 1929, g m Anton Jenson, ikkje kjende born
  • Folke, f 1866, d 1866
  • Folke, f 1867, d 1868
  • Kristi, f 1870, d 1922, g m Hallvard Drengsson [Oddeskar], f 1869, busett Marble, Lincoln County, Minnesota, barn, sjå Ørnefjødd, jfr. nedanfor
  • Nellie, f 1872, d 1945, g m Knut Gunnarsson Hoslemo, ikkje kjende born
  • Frank, g 1910 m Irene Menne, ikkje kjende born

Torbjørg var dotter åt Folke Øyulvsson Brokka og kona, Birgit Knutsdotter, fødd Brokka. Desse kan ein lesa om i bolken om Der inne.

Ånund og Torbjørg kverv or dei norske kjeldene våre etter 1867. Men i bolken om Nordstog Trydal har me vore inne på eit minnestykke som vart skrive av Sigrid Knutsdotter Nomeland i Amerika i 1931-32. Her går det også fram at Ånund, Torbjørg og borna deira vart med i det utvandrarfylgjet som reiste frå Trydal i mars 1868. Dei budde likevel ikkje i Trydal på denne tid, Sigrid Knutsdotter seier uttrykkeleg at dei då heldt til einkvarstad i Valle, og at dei slutta seg til fylgjet frå Trydal, då dette nådde dit. Det same gjorde også nokså mange andre («quite a few others»), står det, men desse vert ikkje namngjevne. Vidare må me taka med at Sigrid Knutsdotter fortel at den vel eitt år gamle Folke Ånundsson døydde av tyfus under ferda over havet.

Dinest lyt nemnast at også Kjetil Eivindsson, bror åt Ånund, tykkjest ha vore med på denne Amerikaferda. Rett nok skal utflytjingsattesta hans vera dagsett den 27.3.1868, medan dei andre tok ut frå Trydal tre dagar tidlegare. Men om attesta til Kjetil ikkje er feildatert i kyrkjeboka, må han ha vore hakk i hæl på dei andre, og ein einsleg kar kunne vel greie reisa til Stavanger skjotare enn eit stort familiefylgje.

Kjetil gifte seg i 1894 i Lincoln County, Minnesota, med ei Gunhild, som var enke etter ein «Ole Daley». Om desse var setesdølar, som me helst vil tenkje, er det berre ein me kan få til å høve som «Ole»: Olav Eivindsson Dale frå Juvenes, fødd 1865. Nå vil Vallesoga rett nok helst ha den mannen gift med ei anna (jfr. Valle VI, 68), men dette vert ikkje gjeve ut for å vera sikkert, og det går vel også an at Gunhild var andre kona hans. I alle høve passar det godt at sønene åt Kjetil og Gunhild heitte Olav, Eivind og Knut. Kvar Kjetil og Gunhild budde, veit me ikkje.

Birgit Eivindsdotter var i 1875 enke og «tyende» hjå Knut Hallvardsson i Der inne, står det i folketeljinga. Framanfor har me fortalt at ho åtte Nordstog Gjerden i 1865, og det kan då tykkjast rart å finne henne att som tenestejente i Trydal 10 år seinare. Men etter at ho i fylgje panteboka hadde sige i stadig større gjeld på bruket sitt, hadde ho i 1868 måtta selje det til Pål Pålsson Gjerden.

På den tid ho miste eigedomen sin var ho gravid, og på nyåret 1869 fekk ho sonen Hallvard med den jamgamle ungkaren Dreng Hallvardsson Oddeskar i Ørnefjødd, som ho gifte seg med nokre månader seinare. I den gamle gards- og ættesoga (123) les me at Birgit og Dreng drog til Amerika, og det er nok i og for seg rett, men dei reiste ikkje saman. For i 1875 var Birgit som nemnt enke og tenestejente i Trydal, og sonen, den 6 år gamle Hallvard Drengsson, budde hjå farbroren Bjørgulv Hallvardsson i Ørnefjødd. Dreng må då ha døytt nokså kort etter giftemålet, jamvel om me ikkje har greidd å finne noka oppgåve om det. Kanskje er forklaringa at han reiste til Amerika, og døydde der fyrr ho rakk å koma etter?

I emigrantprotokollen frå Kristiansand står det at «Bergit Evensdtr.» frå Setesdal reiste ut saman med den 11 år gamle sonen «Halvor» (utan farsnamn) i juni 1881. Me vil tru at dette er Birgit Eivindsdotter frå Storstein, jamvel om ho i den nemnde protokollen skal ha vore 40 år i 1881, medan vår Birgit var 51. Men i dei amerikanske folketeljingane frå 1900 og frametter ser me at Halvard Drengsson, son hennes, budde i Marble, Minnesota, og at han kom til USA i 1881. Som 11- eller 12-åring kan han då snautt ha emigrert åleine, og dermed vil me rekne det for stadfest at Birgit faktisk tok ut i 1881. Når ho ikkje let seg finne att i 1900-folketeljinga frå Minnesota, tyder det på at ho var død fyre denne vart oppteke. Me har noko lite meir å fortelje om Hallvard Drengsson, men dette står i bolken om Ørnefjødd, som var den siste kjende verestaden hans i Bykle.

Mrs. Beverly Erickson er ein ættegranskar og trydalætling, som bur Clarendon Hills, Illinois. Ho har kartlagt ei lang rekkje med etterkomarar etter emigrantane frå Trydal, og overlate oss eit eksemplar av manuskriptet sitt, og mange av opplysningane våre om trydølar i Amerika er henta frå hennes arbeid.

Såleis er det ho som har gjort oss merksame på at Pål Eivindsson, yngste bror åt Birgit, budde i Marble, Minnesota, iallfall frå 1872 og til han døydde der i 1934. Pål var to vender gift, fyrst med Anne Haugen, som døydde på barselseng med sin fyrstefødde i 1872, og sidan, frå 1885, med enka Anna Thompson. I det siste ekteskapet hadde han borna Ed, Lena, Sara, Gilbert og Olava. Nett kva tid Pål emigrerte, veit me ikkje. Det ser ikkje ut til at han var med i det fylgjet som reiste frå Trydal i mars 1868, men ettersom han var gift i Amerika i 1872, må han iallfall ha teke ut fyre det tidspunktet.

Som nemnt ovanfor åtte Kjetil og Såve Eivindssøner garden ilag i 1865. Men etter at Kjetil for til Amerika i 1868, vart Såve åleine husbond på garden. Det er ikkje tinglyst noko økonomisk oppgjer mellom syskena, men det er vel rimeleg at Såve har lånt pengar og løyst ut dei hine, så dei fekk midlar til å reise.

Såve Eivindsson Trydal (1842-1918) og kona, Torbjørg Knutsdotter, fødd Nesland (1847-1927). Dei gifte seg i 1870, men dette biletet er nok 40 år nyare. Det er teke nedanfor tunet i Storstein. Fotografen var F. Køhn frå Kristiansand, som me veit var i Bykle og tok mange bilete sumaren 1910, og helst vart også dette teke den venda. Frå Setesdalsmuseet.
  • Såve Eivindsson Trydal, f 1842, d 1918
g 1870 m Torbjørg Knutsdtr. Nesland, f 1847, d 1927. Born:
  • Turid f 1871, til Amerika 1894, g 1898 m Auver Torleivsson Gjerden, f 1858, born, sjå Torstveit, bnr 28, jfr. nedanfor
  • Eivind, f 1875, ug., sjå nedanfor
  • Tore, f 1878, til Amerika 1907, farmarkone, g m Jon Torjusson Rygnestad, f 1872, d 1949, busett Hamre Township, Beltrami County, Minnesota, born, iallfall:
  • Torjus, f 1915, d 1980, g m Naomi Johnson
  • Saave, f 1918, d 1995, ug
  • Ingebjørg, f 1921, g m Olav Byklum, 4 born
  • Torbjørg, f 1924, d fyre 1956, g m Arvid Sistad (1921-1997), 3 born
  • Knut, f 1882, til Amerika 1900, busett Grygla, Minnesota, d 1907, ug
  • Kristi, f 1886, d 1886
  • Kristi, f 1887, d 1907, ug, tæring
  • Olav, f 1892, g 1921 m Ragnhild Ulvsdtr. Flateland, sjå Strondi, bnr 5

Torbjørg, kona åt Såve, var frå Nesland Der heime, og dotter åt Knut Olavsson Nesland på det bruket, og kona, Tore Olsdotter, fødd Løyland. Om buskap og sånad på bruket i Såve og Torbjørg si tid har me oppgåver frå folketeljinga i 1875, som melder om hest, 4 kyr, 5 kviger og kalvar, 12 sauer og 10 geiter, og om ein utsæd på 2 1/2 t bygg og 7 1/2 t jordeple.

Ein gong mellom 1865 og 1875 sette Såve bort plassen Tykkholt til husmannsenka Gunhild Olavsdotter Trydal og dei to borna hennes. Etter ein del år som «huskvinde med jord» fekk ho kaupe verestaden sin, slik at plassen vart eit sjølvstendig småbruk med bnr 16, Uppistog Tykkholt. Med tida vart det to Tykkholt-bruk. Desse vert handsama for seg lenger ut.

I 1889 fekk Såve endeleg tinglyst heimelsbrev på eigedomen, då han skaffa seg dom for at han hadde ått og drive han «i hevds år», dvs.meir enn 20 år. Året etter vart Storstein sin del av Trydalsskogen, bnr 5, formelt ihopslegen med eigedomen her, og difor sletta or matrikkelen.

I 1898 avhenda Såve det meste av det som hadde vore bnr 5 att. Det var utmarksstykka Sessane, Bråsbrokklii og Hislii, som vart selde til Olav A. Rike og Søren Lund. Dei fråselde parsellane vart vurderte til å utgjera 4/5 av det tidlegare bnr 5. Den siste femteparten sette Såve omlag samstundes bort til Eivind H. Bø, som rudde nybruket Strondi. Nokre år seinare tykkjest Eivind å ha fått kaupe bruket sitt. Me kjem attende til dette i bolken om Strondi.

Som det kjem fram ovanfor, drog Turid Såvesdotter til Amerika i 1894, 23 år gamal. I 1898 gifte ho seg i Marble Township, Lincoln County, Minnesota, med syskenbarnet Auver Torleivsson Gjerden, som hadde emigrert året fyre. Dei budde i Marble til dei i 1913 drog attende til Noreg med dei 5 borna sine, og kaupte heigarden Torstveit i Skafså, der dei fekk eit barn til, og sidan budde så lenge dei livde, Auver til 1944, Turid til 1961 (jfr. Mo bygdebok II, 232). Borna deires får nærare omtale i bolken om Torstveit i Trydal, bnr 28, avdi ein av sønene, Såvi Clifford, hamna der.

Tore Såvesdotter drog til Amerika i 1907, 29 år gamal. Etter eit år der borte gifte ho seg med Jon Torjusson Rygnestad, eldste son åt Torjus Jonsson i Nistog Rygnestad (jfr. Valle VI, 318). Dei budde i nærleiken av Grygla, lengst nord i Minnesota. Adressa var Hamre Township, Beltrami County. Dei me veit om av borna deires er opplista ovanfor.

Eivind Såvesson overtok garden hjå foreldra etter skøyte og foddogsbrev skrive 18.12.1916.

Eivind Såvesson (1875-1951) og broren Olav (1892-1976). Biletet er teke på nett same staden som det me framanfor har av foreldra deira, og me gjet på at det også er teke på same tidspunktet, sumaren 1910, og av same fotografen, F. Køhn frå Kristiansand. Frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.
  • Eivind Såvesson Trydal, f 1875, d 1951, ug

Eivind dreiv garden så lenge han makta, budde her så lenge han livde, og og sto som gardeigar til nest fyre han døydde. Etter han har det ikkje budd nokon her, og her er heller ikkje lenger hus.

Neste eigar vart brorsonen, Salve O. Trydal, fødd 1923, som kaupte bruket av Eivind våren 1951. Salve budde på Strandestøyl bnr 62, og får nærare omtale der. Det same gjeld Eivind, son hans att, som overtok Storstein i 1974.

I 1954 vart innmarka rekna til å vera på kring 30 mål, av dette 13 mål dyrka. Totalarealet skal vera kring 3500 mål.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Storstein (Bykle gnr 17/3) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Systog Trydal • Neste bolk: Strondi