Straumbåt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Straumbåt i Saltstraumen Museum.
Foto: Olve Utne
Straumbåten i Saltstraumen Museum sett ovafrå.
Foto: Olve Utne

Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på Evensgård og KvælRøkland i Saltdal kommune for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) i Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig vaksne heiltre-keipar. Ofte er det brukt ekstra solide hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og vinden er sterk.

Kjelder

Bøker

Nettsider