Sula kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sula kommune
1531 Sula komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1531
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Langevåg
Areal 58.5  km²
Areal land 57.05  km²
Areal vann 1.45  km²
Folketall 9 636 (2023)
Grunnlagt 1977
Fradeling(er) Ålesund
Målform nynorsk
Nettside Nettside

Sula kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen er ein av dei minste sunnmørskommunane i areal, men samstundes ein av dei tettast befolka. Administrasjonssenteret ligg i Langevåg. Det er berre to kyrkjer i Sula kommune, Langevåg kyrkje og Indre Sula kyrkje.

Sula var heilt ny som kommune da den vart oppretta i 1977 og frådelt frå Ålesund. Sula hadde då vore ein del av Ålesund sidan 1968. Før 1968 var Sula søndre del av Borgund kommune som same år vart slått saman med Ålesund. Nordre del av tidlegare Borgund kommune utgjer fortsatt ein del av Ålesund kommune.

Sula kommune grensar mot Ålesund, Giske, Hareid og Ørsta kommunar. Langevåg er tettstad og kommunesenter, staden ligg heilt nord på øya Sula. Frå Langevåg er det passasjerbåt til Ålesund, turen med båten tar omlag 10 min. Brukar ein bil, må ein om Vegsundet og Spjelkavik. Sulasundet ligg på sørenden av Sula. Staden har ferjesamband over Sulasundet til Hareid. Fiskarstrand er kanhende mest kjend for verftsindustrien sin.

I høve Kulturminneåret 2009 har Sula kommune, organisasjonar og lokale eldsjeler komponert ei kulturminneløype langs Øydegardsanlegg Kjellingset - Flesje - Kalvestad.

Sula kommune mista Sverre Flåte Bjørkavåg i Terrorangrepene 22. juli 2011.


Eksterne lenkjer

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!