Sykkylven industrilag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven industrilag vart etablert i 1948. Initiativtakar var industrimannen Ole T. Lied. Ole T. Lied hadde ein finger borte i det meste som rørte seg av samfunns- og næringstiltak i Sykkylven rundt siste verdskrigen. Han hadde drive konfeksjonsfabrikk i bygda sidan 1911 og var den klart største arbeidsgjevaren i 1920-åra. Det var han som gav hus til pioneren mellom møbelindustrifabrikkar i Sykkylven, Vestlandske Møbelfabrikk, frå 1929 og Ole T. Lied starta den første bussruta i Sykkylven, som sommarstida gjekk frå Aure og fram til turisthytta han bygde på Fjellsætra. Ole T. Lied fekk med seg to andre industripionerar i ei førebuingsnemnd som skulle utarbeide framlegg til lover for industrilaget: Bernhard R. Tynes og Nils N. Klock.

Skipingsmøtet vart avvikla 2. mars 1948, og i dei nye lovene heitte det at “fyremålet til laget er å samla industrifolk i Sykkylven for å fremja saker av sams interesse til gagn for industrien i bygda og landet”. Det teikna seg 21 medlemer i laget frå første dag, og medlemsmassen gav eit inntrykk av næringsstrukturen i bygda på denne tida. Bortsett frå bedrifta til initiativtakaren Ole T. Lied, var industrien berre representert ved møbelbransjen. I tillegg var Sykkylven Privatbank og handelsbedrifta B.S. Aure med.

Fraktar i fokus

Jens E. Ekornes vart valt til første formannen i laget. Ekornes vart høgt verdsett av sine industrikolleger, og dei gongane Jens Ekornes stilte til val som industrilagstillitsmann fekk han høge stemmetal.

Det var ikkje høg aktivitet i industrilaget dei første åra. I 1948 var det berre skipingsmøtet som vart halde. Året etter var det også berre eitt møte, og frå 1952 til 1954 var det ikkje møte i det heile.

Den første saka som er protokollført av industrilaget var fraktsatsane. Det heitte at ein måtte arbeide for å halde fraktsatsane så langt nede som mogeleg. Dette var ingen ny sak for industribedriftene i Sykkylven. Dei fleste råvarene vart frakta hit over lange avstandar og ferdigvarene gjekk attende til marknader aust om fjella. For å kompensere for dei store fraktkostnadene, hadde møbelindustrien på Nordvestlandet i åra tett før siste krig fått i stand ein gradert lønnstariff for sin industri. På Sunnmøre var det den såkalla Møretariffen som var gjeldande. Lågare lønnssatser skulle gjere det mogeleg for dei lokale møbelprodusentane å konkurrere på nokonlunde like vilkår med produsenter som låg nærare dei store marknadene. For å grunngje kravet om lønnsdifferensiering hadde møbelprodusentane på Sunnmøre rekna ut i detalj kor mykje ekstra dei måtte betale for å sende diverse møbelkolli over visse avstandar. Ein av møbelprodusentane i Sykkylven argumenterte med at han heldt til inst i ein fjordarm som var tilfrosen 4-5 månader i året. Det vart også hevda at det var billegare å leve her på landsbygda i nordvest. Dei fleste kunne gjere seg nytte av det jorda eller sjøen gav av næringsmiddel, og elles var husleigene låge.

Etter kvart fann ikkje arbeidstakarane i den lokale møbelindustrien seg i denne lønnsmessige forskjellsbehandlinga. Mange av dei kom tilflyttande og hadde ikkje tilgang korkje på dyrkamark eller fiskevegn. Møbelprodusentar på Austlandet støtta kravet om å få Møretariffen fjerna slik at sunnmøringane ikkje skulle få konkurransefordelar. I 1949 var det landsomfattande streik i møbelindustrien for å få fjerna Møretariffen. Diskusjonen om Møretariffen og konflikten i 1949 er ikkje omtalt i industrilaget sine protokollar.

Det vart ikkje mindre viktig for industrilaget å engasjere seg i fraktspørsmål etter at Møretariffen vart fjerna i 1949. Dei første åra etter 1948 var den vanlege vegen for sykkylvsmøblane båtfrakt til Åndalsnes og tog vidare derifrå til Austlandet. Frå midten av 1950-åra vart det starta dagleg godsrute til Åndalsnes. Opninga av heilårsvegen over Strynefjellet i midten i 1970-åra var det endelege gjennombrotet for ei sak industrilaget lenge hadde arbeidd for. Ei anna av dei første sakene laget tok opp var behovet for bilar i sentrumskrinsen. Det oppmoda formannskapet om å sørgje for at det var nok drosjar og lastebilar på Aure. Det var ikkje før etter 1960 at bilsalet vart frigjeve etter krigstidas varemangel. Før den tid skulle nyttetrafikken prioriterast, og dei lokale styresmaktene måtte gå god for nytteverdien av dei ymse søknadene om bilkjøp og køyreløyve.

I 1950 etterlyste industrilaget natt-teneste ved telefonsentralen i bygda. Fram til 1979 var det manuell telefonsentral i Sykkylven, og sentralen var ikkje berre eit nødvendig knutepunkt for samtalar ut av bygda, han kunne også vere ein propp i kommunikasjonsflyten med sin begrensa linje- og bemanningskapasitet. Endring i rutinene for ombringing av post stod også på sakskarta til industrilaget.

Nedlegging

Industrilaget var i mange år eit reint møbelprodusentlag, og det var difor særleg tiltak av verdi for møbelprodusentane som vart lanserte. I 1955 tok Jens E. Ekornes opp tanken om å skipe eit felles innkjøpslag for den lokale møbelindustrien. Same året byrja sentrale personar i Sykkylven Industrilag arbeidet med å skipe ein eksportorganisasjon, mellom dei var L.K. Hjelle og Hj. Brunstad. Snart kom det fram at medlemmer i industrilaget arbeidde med eigne initiativ når det gjaldt innkjøps- og eksportlag. Det som vart sett på som illojal framferd var hovudsaka på det ekstraordinære lagsmøtet i januar 1956. Her gjekk m.a. L.K. Hjelle skarpt i rette med dei som hadde vore med å skipe det nye eksportlaget, Westnofa. Striden resulterte i at tre av medlemmene melde seg ut av industrilaget, mellom dei var Fridtjof Fredriksen, dåverande formann Asbjørn Fredriksen snr. og Jens E. Ekornes. Etter dette fann dei gjenverande det lite føremålstenleg å halde oppe drifta, og på møtet vart det vedteke å leggje ned laget.

Samarbeid

Nedlegginga vart ikkje varig. Allereie i oktober 1956 såg Sykkylven Produsentlag dagens lys. Det var L.K. Hjelle som kalla inn til skipingsmøtet, og det nye laget fekk om lag same lover som det førre hadde hatt. Berre namnet vart endra. Tidleg i 1960 vart det protokollført at namnet Sykkylven Produsentlag ikkje måtte endrast. Seinare same året vart namnet igjen Sykkylven Industrilag.

Det kom mellom anna av at dei medlemene som hadde gått ut i 1956 etter kvart vart tekne inn i varmen att. Det lokale produsentmiljøet var ikkje større enn at alle måtte drage saman skulle ein kome nokon veg. Det hadde skjedd ei betydeleg avskalling av bedrifter mot slutten av femtiåra, og dei som ville vere med vidare såg klare føremuner ved eit utvida samarbeid i ei avgjerande omstillingsfase for norsk industriproduksjon.

Det kom på denne tida inn nye materialar som plast, skumgummi, laminatar, og det vart teke i bruk nye rasjonelle maskinar og nye måtar å organisere arbeidet på. Industrilaget henta inn ekspertar, særleg frå Statens Teknologiske Institutt i Oslo, som orienterte om det nye og som gav impulsar til omstilling. Ekspertane la vekt på at samarbeid var viktig. I Sykkylven såg dei for seg ein situasjon med mange små bedrifter som åleine ikkje hadde nok styrke til å gjennomføre dei endringane som var nødvendige. Saman kunne produsentane løfte kvarandre framover. Mellom samarbeidstiltaka som ekspertane lufta var felles rasjonaliseringskontor, felles modellverkstad og trevarefabrikk, felles reklametiltak, felles innkjøp og varepresentasjon. Ein del av desse tankane viste seg vanskelege å setje ut i praksis, og mange i samtida såg også at eit så tett samarbeid om vitale faktorar for dei einskilde bedriftene var vanskelege å gjennomføre.

Sjølv om det ikkje var så mange av samarbeidsprosjekta som vart realiserte, var det nyttig at industrilaget sette dei på dagsorden. Dei lange møtereferata frå 1960-åra vitnar om ei stor interesse hos mange industrilagsmedlemer om det nye som prega industri- og samfunnsdebatten; den europeiske fellesmarknaden, rasjonaliseringsarbeid, tidsstudiar, eksport, luftdrivne verkty og elektronisk databehandling som første gong vart nemnt i møteboka i august 1966. Industrilaget var med å setje saker på dagsorden, så vart det opp til dei einskilde bedriftene å gjennomføre dei nødvendige tiltaka for eigen del. På dette viset fekk industrilaget gjennom femti- og sekstiåra gå opp grensegangen mellom det som det var mogeleg å samarbeide om, og det kvart einskild medlem måtte greie opp i på eiga hand.

Kommunal tilrettelegging

For industrilaget har Sykkylven kommune vore ein viktig medspelar. I 1950 oppmoda industrilaget kommunen om å kjøpe areal til utparsellering av tomter til private bustader. Laget tok opp denne saka med visse mellomrom, men det var først i 60-åra at det kom til eit gjennombrot på dette feltet. I januar 1967 vart det skipa eit bustadbyggelag på eit industrilagsmøte. Nytilsett kontorsjef i Sykkylven kommune, Hermann Haugen, vart første formann i bustadbyggelaget. Industrien sine representantar orda også for at det måtte utarbeidast framtidsretta reguleringsplanar for dei forskjellige krinsane i kommunen. Topografien i bygda la til rette for ei desentralisert utvikling, og bedriftene var godt spreidde utover i kommunen og trong alle tilførsler av arbeidskraft og tilrettelegging av bustadområde for å sikre framtidig ekspansjon. Eit tidleg kommunalt bustadfelt kom i Høgebøane-området, så vart det sikra felt i dei andre krinsane; Knutgarden på Sætre, Ura-feltet og Eilev- og Larsgarden i Straumgjerde.

I 1960-åra synest det som om konflikten med jordverninteressene hadde blitt mildare. På Vik vart det lagt til rette for industriutbygging på tidlegare jorbuksareal. På denne tida var industriarbeid for dei fleste sykkylvingar hovudsysselsetjinga. Det gjaldt også for dei som framleis dreiv gard. Arnold Weiberg-Aurdal, som var senterpartiordførar i Sykkylven frå 1964, var ofte gjest på industrilagsmøte eller på sammøte mellom kommunen og industrien. Då Weiberg-Aurdal i 1969 vart stortingsrepresentant, og frå 1973 leiar i samferdslekomiteen, hadde dei lokale industrileiarane fått ein sentral talsmann for sine samferdslepolitiske interesser. Realiseringa av heilårsvegen over Strynefjellet engasjerte Weiberg-Aurdal seg sterkt i.

Hotell og helse

Det var ikkje før tidleg i syttiåra at kvinnene kom inn for fullt som arbeidskraft i den lokale industrien. At dei då fekk sleppe til har samanheng både med ei viss omlegging av industriproduksjonen, med meir saumarbeid i møbelindustrien t.d., med eit skifte i synet på kvinna si samfunnsmessige rolle og med auka krav til kjøpekraft i det moderne forbrukarsamfunnet. Dette viktige tidsskiftet for kvinnene registrerte også mennene i Sykkylven Industrilag. På eit møte i laget i 1973 vart det peikt på at ein kunne frigjere ein del kvinneleg arbeidskraft ved å opprette det som då vart kalla dagheimar for born, noko som kommunen la planar for. Nokre av dei frammøtte var usikre på kva slike tiltak kunne føre til. Eit medlem sa at det var størst problem med borna der begge foreldra var borte frå arbeid. Han meinte at det gamle bondesamfunnet, der kvinna var ankerfestet i heimen, var den beste modellen. Det var på denne tida i gang eit generasjonsskiftet i industrilaget. Jens Petter Ekornes, Lidvard Lillebøe og Jarle Hjelle var mellom dei som avløyste grunnleggargenerasjonen. Kanskje var det dette generasjonsskiftet som førte til at industrilaget på denne tida også byrja å diskutere det som fanst utanfor fabrikkveggane og den industrielle infrastrukturen. På eit møte i 1972 vart det peikt på at kommunen gjorde for lite for å skape tiltak utanom arbeidstida, slikt som kunne føre til auka trivsel for arbeidarane. Andre tiltak eit meir utolmodig industrilag lanserte tidleg på 70-tallet var kommunal industrikonsulent, nytt turisthotell, ny djupvasskai og godsterminal. Kai og terminal er komen på plass, næringskonsulent og næringsutviklingskontor har det også blitt råd med, men eit nytt turisthotell har industrileiarane i Sykkylven ikkje greidd å samle seg om.

Eit av fellestiltaka som industrilaget har teke initiativet til, og som framleis lever, er Bedriftshelsetenesta. Det var i 1974 at denne saka vart debattert første gong i industrilaget. Det vart rask framdrift og i 1975 vart det sett ned ei samarbeidsgruppe med representantar for industrileiarane, arbeidstakarane og kommunen som skulle greie ut virkeområdet til ei slik teneste. Einar Ekornes vart formann for gruppa. Siktemålet med ordninga skulle vere å få sjukefråveret i industrien ned, og det har ein oppnådd, mellom anna med førebyggjande tiltak i bedriftene og fokus på rette arbeidsstillingar. Det er no både lege, sjukepleiar og fysioterapeut i bedriftshelestenesta i Sykkylven. Dette samarbeidsprosjektet var banebrytande i norsk samanheng.

Opplæring i faste former

Resultat har det også vorte av industrilaget sitt arbeid innafor opplæringstiltak, som har vore eit prioritert felt frå skipinga i 1948. Første tilskotet til lagsdrifta kom frå Ole T. Lied i 1949. Dei 1000 kronene han gav var øyremerkte opplæringsfond.

Sykkylven Industrilag var engasjert då det i 1964 var aktuelt å opprette eit tilbod i møbeltapetserarfag i det 10. friviljuge året ved Sykkylven ungdomsskule. Laget tilbaud seg å bidra med elevstipend utover statsstipenda til dei som tok utdanninga. Det var berre seks som søkte og kurset vart ikkje gjennomført. Gjennomført vart istaden eit omskuleringskurs i møbeltapetsering våren 1966.

Industrilaget var også interessert i arbeidet som vart lagt ned for å få vidaregåande skule til Sykkylven. Initiativtakarane, med Ola Longva i brodden, la vekt på at skulen måtte ha nære band til den lokale industrien og i argumentasjonen overfor skulestyresmaktene var det nettopp mangelen på relevant fagutdanning for møbelindustrien som var grunnpillaren.

Vidaregåande skule vart det frå 1974, og det var denne institusjonen som i samarbeid med industrilaget fekk i gang Teknisk fagskule for møbelindustrien i 1985. Seinare var ein med på etableringa av eit industrielt ressurssenter ved skulen; RISS. Gjennom denne institusjonen vart industrien sine behov for opplæring tekne vare på. RISS fekk også utstyr for materialtesting og fungerte på fleire vis som eit ressurs- og kompetansesenter for industrien i Sykkylven og nabokommunane.

Sykkylven Industrilag var òg med då den vidaregåande skulen frå 1986 fekk i gang kortare kurs for maskinsnikkarar, seinare også for møbeltapetserarar og i overflatebehandling. Det var starten på dei såkalla AMO-kursa. At industrilaget frå 1994 fekk bedriftene med på å garantere et visst tal lærlingeplassar i industrien ein periode, har vore eit viktig bidrag for å sikre rekrutteringa til sykkylvsindustrien.

Tillitsfolk - knapp ressurs

Etter at industrilaget sine medlemer greidde å finne ut kva for saker det var naturleg å samarbeide om, og på kva for område det var mest naturleg med fri konkurranse og individuelle strategiar, har laget stått fram som ein viktig lekk mellom dei einskilde bedriftene og samfunnet rundt. Industrilagsarbeid, som anna friviljugt arbeid, har alltid vore drive fram av eldsjeler med eit meir enn gjennomsnittleg samfunnsengasjement. Utan slike eldsjeler som L.K. Hjelle, Hj. Brunstad, Harald Løseth og Jan Petter Hjortdal og sekretæren i laget gjennom nesten 20 år, Leif Ramstad, hadde dei lokale bedriftene måtta kjempa seg fram på eiga hand.

Tillitsmenn med idear og pågangsmot er ein nøkkelfaktor - og ofte ein knapp ressurs - for interesseforeiningar. Det var noko av bakgrunnen for at industrilaget i 1954 opna organisasjonen for dei handlande i bygda. Den gongen vart tilsiget av kjøpmenn lite. I 1998 vart det igjen vedteke å auke medlemsgrunnlaget ved å opne for alle som dreiv med næringsverksemd i bygda. Gode samferdsletilhøve, opplæringstiltak, bustadtilbod, næringsområde, tilfredsstillande avfallsordningar, resirkulering og høvelege kraftprisar har vore sentrale saker for det utvida industri- og næringslaget dei siste åra.

Kjelder