Sykkylven speidargruppe

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylven speidargruppe er ei av dei største gruppene i Sunnmøre krets av speidarforbundet. Gruppa vart stifta i 1937 av blant andre Petter K. Thoresen, først som gutespeidargruppe, seinare vart det og etablert jentegruppe.

Kretsleiaren på Sunnmøre er i 2012 Steinar Klokk frå Sykkylven. Gruppeleiar er Nils Einar Rye. Gruppa har i dag om lag 90 medlemmar i forskjellige aldrar. Gruppa held til i huset Speidarbo i Skogvegen 2. For tida leiger dei ut lokala til kommunen, som brukar desse som barnehage på dagtid. Speidarbo stod klart i 1972 etter ein donasjon på 700000 kr frå norsk-amerikanaren Olav Boen.

Speidargruppa skipar jamleg til turar til fjern og nær. Sommaren 2011 var troppa på tur til England med buss.

Kjelder og litteratur