Sykkylvens Margarinfabrikk AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylvens Margarinfabrikk AS var ein produsent av margarin i Velledalen. Verksemda vart skipa som eit aksjeselskap i 1935. Aksjekapitalen var på 6000 kroner. Margarinen vart selt i kommunane omkring.

Ein av skiparane, Karl Johan Brunstad, døydde i 1937, og då vart produksjonslaget oppløyst. Men sonen hans, Ole C. Brunstad, heldt fram med verksemda for eiga rekning frå hausten 1937. Han hadde året før gifta seg med Emilie f. Gaupholm frå Samnanger. Ho var utdanna meierske, og hadde røynsle frå smørproduksjon. Sidan 1934 hadde ho arbeidd ved Velledalen MeieriBrunstad. Då Ole C. Brunstad tok over margarinfabrikken vart Emilie leiar for produksjonen.

Margarinen frå Velledalen vart marknadsført under namnet Stjerne. Samansetjinga var slik: herda kvalolje, herda jordnøttolje, kokos, smør frå feittsats, saup (eit restprodukt frå meieriet) og ymse vitamintilsettingar.

Sykkylvens Margarinfabrikk AS tok del i konkurransar med varene sine og hevda seg godt mot langt meir ressurssterke tevlarar. Bedrifta var mellom dei som fekk oppleve den mangelfulle lokale straumtilførselen i trettiåra. Dei kunne ikkje sette kinna i gang før etter klokka 23 kveldane. Om dagane var det alt for låg spenning. Etter at margarinen var kinna omkring midnatt, skulle han kappast opp og pakkast. Arbeidsdagen varte gjerne til klokka to om natta. På dagtid var dei tre i produksjonen sysselsette med å ekspedere kundar.

Det var ikkje lenge det let seg gjere å halde oppe margarinframstillinga i krigsåra. Råstoffkvotane vart sterkt nedskorne, særleg var det vanskeleg å få tak i kokos. I 1942 overlet dei kvotane sine til Norma Margarinfabrikk i Ålesund og avvikla drifta.

Kjelde