Sykkylvsbladet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sykkylvsbladet var lokalavis for SykkylvenSunnmøre. Avisa kom ut to dagar i veka, onsdag og fredag.

Første utgåva av avisa kom torsdag 14. februar 1946. Avisa var då eit partslag med mange lokale eigarar. Første redaktør var Johan Drabløs. Han kombinerte redaktøroppgåva med arbeidet sitt som tannlege. Det var fleire redaktørskifte fram til 1962, då Leif Ramstad vart tilsett som redaktør. Han heldt fram i stillinga heilt fram til han døydde i 1981. Ramstad var mykje involvert i samfunnslivet i Sykkylven på ulike område. Han var sekretær i industrilaget og i bondelaget. Han var med i Sykkylven sogenemnd og frå redaksjonslokala vart salet av bygdebøkene organisert. I 1960- og 70-åra var Sykkylvsbladet på mange måtar eit knutepunkt i lokalsamfunnet.

Same året som Ramstad gjekk bort, vart det starta ei ny avis i Sykkylven, Bygdeposten, med Frank Kjøde og Åge Eikrem som initiativtakarar. Etter at denne hadde drive eit års tid, vart ho slegen saman med Sykkylvsbladet. Frank Kjøde var, bortsett frå korte opphald, redaktør for avisa fram 1.12.2021. I 2020 vart Sykkylvsbladet overteke av medieselskapet Polaris, og ved årsskiftet 2020/21 vart avisa slått saman med lokalavisa Sunnmøringen på Stranda til lokalavisa Nyss.

Sykkylvsbladet var gjennom mange år ein aktiv medspelar i lokalsamfunnet på ymse vis. Kjøde og Eikrem var til dømes initiativtakarar og arrangørar av dei årvisse Sykkylvsdagane, som har vore skipa sidan 1981. Avisa hadde i juli 2011 eit godkjent opplag på 3.026.

Kjelder

  • Høidal, Eldar: Sykkylvsbladet. Lim og lupe i lokalsamfunnet 1946–2006, Sykkylven 2006.