Systog Dalen (Bykle gnr 6/18)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Systog Dalen
Vatnedalen 41.jpg
Systog Dalen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Åsen
Rydda: 1917
Utskilt: 1920
Stad: Vatnedalen
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 6
Bnr: 18
Type: Småbruk
Gateadresse: Løyningsvegen 48

Småbruket Systog Dalen, som ligg like austom Nordstog Dalen, kom til i 1917, då Olav O. Åsen kaupte ein parsell på ein stad mellom 300 og 400 mål hjå Sjur Vatnedalen og Knut K. Vatnedalen. Bruket vart matrikulert i 1920.

I matrikkelen står namnet Åsen, men til vanleg vert bruket omtala som Systog Dalen. I den gamle gards- og ættesoga (184) og sameleis i Norges Bebyggelse (153) står det at Systog er bnr 17, men bnr 17 er eit heistykke nordom Dalen, som heiter Renna.

Olav Åsen var son åt Torbjørg Åsmundsdotter frå Systog Stavenes. Faren var Olav Knutsson Nesland (sjå Nistog, gnr 14, bnr 10). Mora gifte seg i 1885 med Olav Auversson Åsen, og Olav Olavsson vaks opp hjå henne og stykfaren (sjå Tveitvodd, gnr 14, bnr 9). Han nytta Åsen-namnet åt Olav Auversson.

Torjus O. Vatnedalen (1910-1974) køyrde ein av dei fyrste rutebilane i Setesdal. Dette biletet er teke i tunet hjå Knut Jonsson Heddi på Rysstad. Foto: Knut J. Heddi ca 1930. Frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
  • Olav Olavson Åsen, f 1879, d 1960
g 1905 m Ingrid Sjursdtr. Vatnedalen, f 1884, d 1960. Born:
  • Sjur, f 1905, d Kr.sand 1994, g m Emilie Evensdtr. Heggen, Gran, f 1902, d 1986, sjå nedanfor
  • Sigbjørn, f 1908, d 1971, ind.arb., g m Solveig Tveit, busett Kristiansand, born:
  • Torjus, f 1910, d 1974, yrkessjåfør, sidan bilmek., g m Jorunn Abusland, busett Byglandsfjord, born:
  • Torbjørg, f 1911, d 1994, husmor, g m Leif Madsen, busett Toten, seinare Oslo, born:
  • Ingrid
  • Bjørg Margit
  • Olav
  • Karl Ingvald, f 1912, d 1987, ind.arb. ug, busett Kristiansand.
  • Margit, f 1913, d 1995, skreddar, busett Evje, ug, barn:
  • Per Berntsen, busett Asker
  • Gunnar, f 1914, d 1986, skogsarb., dreiv telefonsentral, g m Astrid, busett Sandsvær, born:
  • Vigdis, g Rostrup, busett Arendal
  • Knut, 1915, d 1992, vegvaktar, g 1958 m e Gyro O. Løyland, busett Hovden, sjå Flatemo, gnr 2, bnr 32
  • Åsmund, f 1917, d 1985 ug, skreddar, busett Evje
  • Olav, f 1919, d 1982, ind.arb., yrkessjåfør, ug, busett Kristiansand
  • Inger Oline, f 1922, d 1983 husmor, g m Folke Olsson, busett Karlstad, Sverige, born:
  • Sylvia
  • Anita
  • Caisa
  • Tone, f 1924, husmor, g m Olav A. Nesland, sjå Bergtun, gnr 5, bnr 2
  • Turid, f 1925 hj.pl., g m Eimar Arntsen, busett Kristiansand, ikkje born
  • Tarjei, f 1927, skogsarb., g m Edith Førland, busett Vennesla, ikkje born

Ingrid var dotter åt Sjur Sjursson Natland i Vatnedalen Der sø og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hovden. Fyrste tida dei var gifte budde Ingrid og Olav tydelegvis hjå foreldra hennes i Der sø, og sidan hjå bror hennes. Det var fleire setehus i Der sø, veit me, og Olav og Ingrid hadde det eine av dei, utan at me veit kor lenge dei budde der. Folketeljinga frå 1910 seier at Olav det året framleis var «gaardsarbeider, dagarbeider» og busett i Der sø, slik han hadde vore frå han gifte seg i 1905, men alle innførsler i kyrkjeboka frå og med 1910 og frametter gjev opp at han var «gaardbruger og selveier», og då altså hadde sitt eige bruk. At det siste er det rette vert stadfest av munnleg fråsegn, som også fortel at Olav og Ingrid budde på eit bruk i Vatnedalen, som heitte Åsen, som hadde vorte utskilt for dei frå Der sø, og som låg like austom det eldre bruket.

Åsen i Vatnedalen vart aldri matrikulert. Kva dei hadde av hus der, veit me ikkje, men etter det som vert fortalt flutte Olav ikkje med seg hus, då han og huslyden bytte verestad.

Grunnen til flytjinga var dambyggjinga i austenden av Vatnedalsvatnet i åra 1916-21. Olav sette opp uthus og stoge for seg i Systog i 1917 og 1918. I åra som fylgde dyrka han opp omlag 20 mål med jorde, og dreiv bruket sitt med hest, 2-3 kyr og 10-15 sauer. I 1938 skaffa han seg endeleg tinglyst skøyte på eigedomen, og i 1943 overdrog han bruket til den eldste av sønene.

Åge Vatnedalen på utsnitt frå skulebilete frå 1963. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
Ingvald Vatnedalen på utsnitt frå skulebilete frå 1963. Frå samlinga til Tore K. Mosdøl.
  • Sjur O. Vatnedalen, f 1905, d Kr.sand 1993
g m Emilie Evensdtr. Heggen, f 1902, d Kr.sand 1986. Adoptivsøner:
  • Åge, f 1948, g hv, busett Gran, sjå nedanfor
  • Ingvald, f 1949 g m Margit Mydland, barn:

Emilie Vatnedalen var frå GranHadeland, dotter åt Even og Mine Heggen i den bygda.

Sjur sette opp ny uthusbygning i 1936, og bygde på stoga på bruket i 1938. Etter påbyggjinga hadde ho ei grunnflate på 98 m² i to fulle høgder. I 1946 vart det også sett opp kårstoge.

Under krigen var Sjur aktiv i heimefronten. I januar 1943 vart han ved eit uhell skoten i kneet i heimefronthytta «Jøssingbu» ved Auversvatn, noko som førde til at både han og fleire vart arresterte (jfr. bolken om Jeiskeli). Men merkeleg nok greidde han og Salmund Jeiskelid å overtyde tyskarane om at dei sto på deira side, så Sjur vart sendt på sjukehus og ikkje i fangeleir.

I 1942, altså året fyre hendingane i Jøssingbu, hadde han kaupt Steinsland, gnr 3, bnr 17, av Bykle kommune. Dette kaupet vart annullert av det nye heradsstyret i 1946, noko som vart grunngjeve med at Sjur hadde gard frå fyrr, og at ein meinte at Steinsland burde vera eit bruk for seg sjølv, og ikkje berre tilleggsjord. Men tilleggsjord var det i alle høve bruk for, meinte Sjur. I 1947 fekk han kaupt seg ein part på 3/10 av bnr 3, Vatnedalsskogen. Dette var eit stykke med gran- og bjørkeskog på noko over 5000 mål, som hadde vore i utanbygds eige sidan 1700-talet, men hadde vorte selt attende til ein flokk med byklarar i 1921. Han som selde parten sin i skogen til Sjur var Svein O. Rygnestad, som hadde vore ordførar under krigen, og difor hadde skrive under på skøytet på Steinsland på vegner av kommunen i 1942. Bnr 3 låg i sameige til 1960, då det vart halde ei utskifting der eigedomen vart kløyvd opp i 8 teigar med 8 ulike eigarar. Teigen åt Sjur, som er den største, og difor fekk behalde bnr 3 i matrikkelen, vart då oppmælt til litt over 1600 mål. I 1953 sat Sjur og Emilie med hest, 5 kyr, 5 kalvar, 17 sauer og nokre høns, står det i Norges Bebyggelse (153).

Men mot slutten av 1960-åra sto det ny vassdragsregulering for døra, og det låg i korta at det under anleggsperioden ikkje kom til å verta verande i Dalen. I 1968 flutte difor Sjur og familien hans til Strai ved Kristiansand. Resten av yrkeslivet sitt var han industriarbeidar.

Etter flytjinga i 1968 har Systog fungert som fritidseigedom.

Ny eigar etter at Sjur døydde vart den eldre av adoptivsønene, som fekk tinglyst heimel i 1994:

  • Åge Vatnedalen, f 1948

Åge har vore gift, og har borna Lillian, fødd 1973, Ivar André, fødd 1980, og Anne, fødd 1984. Han dreiv lenge transportfirma på Brandbu. Sidan har han vorte pensjonist, og flutt til Gran på Hadeland. Han reknar med at korkje han sjølv eller eller nokon av borna hans kjem til å flytje til Bykle for å ivaretaka buplikta, og tenkjer seg difor at bruket lyt avhendast. Medrekna det tilkaupte utmarksstykket frå 1947 er eigedomen på i underkant av 2000 mål.


0941 Bykle komm.png Systog Dalen (Bykle gnr 6/18) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Vatnedalsplassen • Neste bolk: Ørnefjødd Der nede (Bakken)

Koordinater: 59.46816° N 7.38361° Ø