TT Multi

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

TT Multi var ein kjøkken- og baderomsprodusent i Sykkylven, med produksjonslokale i Straumgjerde. Bedrifta var ein avleggar av salsfirmaet Tema Trading som vart skipa i 1984. Namnet Tema er samansett av dei to første bokstavane i Terje og Magnar, og det var Terje Uri og Magnar Støylen som grunnla firmaet.

Dei utvikla og selde baderomsmøblar. Produksjonstenester vart kjøpte av forskjellige fabrikkar i landet. I 1987 gjekk Tema Trading inn i eit samarbeid med bademøbelprodusenten Aanonsen. Aanonsen vart kjøpt opp av eit svensk selskap i 1988, og då såg mennene bak Tema Trading eit høve til å kome i gang med produksjon av baderomsmøblar sjølve.

TT Multi vart skipa 1.januar 1989 med Tema Trading som hovudaksjonær. Tema Trading fekk 64% av aksjane. Dei andre hovudaksjonærane var Inge Haugen, Steinar Mandal og Dagfinn Stave.

I 1988 kjøpte Tema Trading seg inn i eit næringsbygg på Straumsheimsøyrane. Her kom TT Multi i gang med produksjon av baderomsmøblar i januar 1989. Etter kvar tok bedrifta også opp produksjon av kjøkken og dører.

Bedrifta hadde kring 1990 ti tilsette på heiltid. Konkurransen i innreiingsbransjen var hard og bedrifta sleit etter kvart med lønnsemda. I 2013 vart selskapet avvikla.

Kjelde