Tandstad Lenestolfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tandstad Lenestolfabrikk AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven som kom i gang i 1934. Utgangspunktet til verksemda var trevarefabrikken som Erling Tandstad skipa i 1930. Hovudprodukta til E. Tandstad sin trevarefabrikk var glasrammer og dører. Etter at lenestolproduksjonen kom i gang i bygda, gjorde verksemda seg gjeldande som underleverandør av treverk. Med seg på verkstaden hadde Erling Tandstad m.a. brørne Tomas og Karl Tandstad.

Dei same karane var grunnstamma i Tandstad Lenestolfabrikk A/S, som kom i gang hausten 1934. I tillegg hadde Karl Tandstad, også kalla Synske-Tandstad, aksje. Nils B. Haugset, onkel til Tandstad-brørne, var og aksjonærar. Kvar av medeigarane skaut inn 250 kroner i aksjekapital. Stolgrindane tok lenestolfabrikken frå trevareverkstaden til Erling. Den vart etter stutt tid overteken av aksjelaget.

Tandstad Lenestolfabrikk hadde ei tid tilhald i ungdomshuset Vårvon i Straumgjerde, men allereie i jula 1934 flytta dei inn i kjellarlokala til Martin Straumsheim på Nymarka.

Dei unge arbeidarane hadde lita røynsle frå lenestolproduksjon. Til å hjelpe seg med å kome rett i veg fekk dei difor til Straumgjerde tapetsermeister Johnsen frå Ålesund. Han skulle syte for at berre kvalitetsprodukt slapp ut gjennom fabrikkdørene.

Tandstad Lenestolfabrikk A/S gjekk over ende i 1937. Eit par store tap på møbelforretningar som gjekk konkurs, var meir enn bedrifta tolde. Då tok Karl P. Tandstad over trevarefabrikken og dreiv han vidare. Erling og Tomas Tandstad tok over ein del av konkursbuet etter Tandstad Lenestolfabrikk og skipa Tandstad Stol- og Møbelfabrikk i 1937. Dei heldt fram i kjellaren til Martin Straumsheim, og produksjonen var den same som tidlegare, lenestolar og salongar. I tillegg laga dei ein del spisestovestolar som særleg gjekk til Nord-Noreg.

Under krigen gjekk produksjonen på høg-gir på Nymarka, som mange andre stader i Sykkylven. Problemet var ikkje å selje, men å få tak i nok råvarer. I krigsåra var modellutvalet til bedrifta svært begrensa. Ein lenestolmodell var særleg etterspurd, og ei møbelforretning i Stavanger var hovudkunde. Då krigen tok til, vart tolv mann i arbeid ved Tandstad Stol- og Møbelfabrikk. Arbeidsstokken var redusert til det halve i 1945.

I 1947 bygde bedrifta produksjonslokale på parsellen Strandheim under Straume-garden. Her laga dei heile salongar, med ein-, to- og tresetarar. Tidleg i 1950-åra byrja bedrifta å slite tungt økonomisk. I 1955 søkte innehavarane om akkord, og to år seinare vart fabrikken seld til K. Emdal & Co. A/S.

Kjelde