Tarjei Veamyrane

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gravminnet til Tarjei Veamyrane på Veum kyrkjegard.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).

Tarjei Amundsen Veamyrane (1839-1915) var frå Lurås i Mo, vart gift på husmannsplassen Veamyrane i Hauggrend i Fyresdal kommune og budde der til han døydde.

Foreldre

I Mo bygdebok står det at Ånund Olavson Skålen (1792–1862) frå Sagahaugen var gift 1821 med Else Larsdtr. Skålen under Haugehåtveit (1799–1855). Dei var innerstar og husfolk på plassen Lurås under gnr. 20 Skredtveit. Dei hadde mange born, mellom dei yngste var Tarjei (1839–1915). Namnet til Ånund er óg skrive Amund, og i Mo vart dette ofte til Ommund. Tarjei ser vi og skrive Tarje.

Familie

I Fyresdal gards- og ættesoge står det at Tarjei Ånundson Lurås (1839–1915) frå Mo var gift 1879 med Sigrid Sveinsdatter Veum (1848–1920). Hennar foreldre var Svein Sveinungson N. Veum (1802–1868) og Sigrid Gunnarsdatter Lønnegrav (1808–1905). Svein og Sigrid var husfolk på husmannsplassen Veamyrane under gnr. 86 N. Veum.

Sigrid og Tarjei hadde borna:

a) Else (1881, død same år).
b) Else (1882-) Gift 1914 med Karl Åsnes på gnr. 10/1 Gjester i Sørum.
c) Gunhild (1885-1932), gift med Olav Jakobson Breivik, Vestby, Fyresdal.
d) Sigrid (1889-1974), gift med Olav Sørenson Strånd, Fyresdal. Dei overtok Åheim.
e) Signe (1893-) gift med Knut Olavson Urbø, Mo.

Bustad

Tarjei og Sigrid var som hennar foreldre husfolk på husmannsplassen Veamyrane.

Ved sidan av å drive bruket dei budde på utførde Tarjei diverse slag arbeid, pliktarbeid og løna, i ulike samanhengar. Om sundagen var han likså sikker i kyrkja som presten vert det sagt, altså kvar einaste sundag det var messe. Soknekyrkja er Veum kyrkje. Etter at han kom heim skifta han alltid av seg kyrkjekleda før han sette seg til å ete middag. Trufast i alt og eitt.

I Tarjei si tid vart den delen av Veamyrane som dei budde på skyldsett som eige bruk, gnr. 86/7 Åheim, i 1913. Tunet vart flytta, men det er usikkert når dette vart gjort.

Gravminnet til Tarjei

Detalj gravminne Tarjei Veamyrane.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).
Stolpar til gravminne, no brukt under stabbur.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2009).

Etter at Tarjei døydde vart det reist ein minnestein på grava hans. Ein kjenner ikkje til når dette vart gjort. Else og Carl Åsnes var barnlause. Else var nok den som hadde mest midlar av syskena, men alle ynskte å reise faren eit verdig gravminne. Det har ikkje lukkast å finne ut kor denne svære steinen kjem frå, mest truleg er den frå eit steinbrot austpå. Den kom med båt til Skien, vidare med båt opp til Bandaksli og vart frakta vidare med hest. Oppe i Bandakslikleivane heldt ein fleire gonger på å late steinen ligge att der, den var på grensa av kva hestar og folk makta, men til slutt var den på plass på Veum kyrkjegard.

Steinen er om lag like stor under jorda som over og midt på er det ei utviding som skulle stabilisere den. Dette gjer då óg til at det er vanskeleg å plante blomar inntil støtta. Rundt steinen var det runde stolpar av same steinslag som gravminnet med ei kraftig jernlekkje mellom. Dette gjerdet vart teke ned i 1950-åra og steinane er no stolpar under eit stabbur. I øvre del av støtta er det eit rom som skulle vere for ein sylvkrans, eller kanskje eit bilete, men dette kom aldri på plass.

På støtta står:

Tarje Amundsen Veamyr. Født 8. mai 1837 - Død 6. september 1915.

Denne bauta er reist av dine barn med tak for god opdragelse. Det blev vor fremtid.

Her står at Tarjei er fød 1837, men alle kjelder elles oppgjev 1839.

Då Sigrid Sveinsdotter Veamyrane, som han var gift med, skulle gravleggast, kunne dei ikkje legge henne i same grava på grunn av nemnde plate og opplegget rundt, ho har difor gravplass ved sidan av.

Kjelder

Eksterne lenker