Telemarkskyri meieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå informasjonsskriv om Telemarkskyri meieri 2008.

Telemarkskyri meieri i Fyresdal var eit meieri der sjølve tanken bak produksjonen var å vere med på å berge telemarksfe som eigen rase.

Telemarkskyri meieri AS

Telemarkskyri meieri AS var eit småskala meieri på Molandsmoen i Fyresdal som vart opna med stor festivitas og optimisme 19. oktober 2006. Produksjonen skulle vere smør og knaost (pultost) frå telemarkskua, dette var god utnytting av mjølka, men desse produkta gav ikkje lønsam drift. I slutten av 2007 revurdera meieriet både produkta og distribusjon og kanalar for sal av produkta. Det vart nyteikning av aksjar og meieriet satsa då vidare på fire produkt derav tre var nye. Produktporteføljen vart med dette smør, salatost (basera på skumma mjølk, bare 8% feit), kvitskimmelost (brie) og prim. Med dette greidde dei å utnytte alle delane av mjølka som og var ein føresetnad for at meieriet skulle kunne overleve økonomisk. Meieriet satsa på Norske Spesial Grossister AS for sal og distribusjon. Det vart og ei avtale med og registrering av produkta i Norges Gruppen. Meieriet fekk økonomisk støtte frå ulikt hald som var stor nok til å dekke akkumulera likviditetsunderskot og finansiere utvikling og introduksjon av dei nye produkta.

Meieriet kom i gang med sal av dei nye produkta i juni 2008. Desse produkta vart godt mottekne og meieriet fekk god respons ved butikkdemonstrasjon og på marknader, til dømes Matstreif i Oslo. Det vart vunne pris og heiderleg omtale av smør og kvitskimmelost i konkurransen Smaken av Norge for produkt laga i Telemark. Men til trass for gode produkt og auke i sal ville det ta tid før inntekter og kostnader kom i balanse og meieriet kom til at det hadde ikkje finansiell styrke til å ta marknadssatsinga vidare åleine. Det var til dette bruk for ein sterk finansiell partner som kunne bidra på sals - og marknadsføringssida. Det lukkast ikkje å finne ein slik finansiell partner, styret tok konsekvensen av dette og kravde oppbod september 2008.

Nye Telemarkskyri meieri

Meierigründeren Dag Swanstrøm tok over Telemarkskyri meieri i februar 2009. Meieriet skulle då i hovudsak satse på smørproduksjon for å skape volum og lønnsemd. Han ville då sjølv styre både distribusjon og marknadsføring. Men etter ein god del vanskar av ulik slag vart det og slutt på denne driftsperioden i februar 2010 og meieriet var konkurs 7. januar 2011.

Dag Swanstrøm blei i fylgje nettavisen 29.09.14 dømt til fengsel i åtte månader for bedrageri, utruskap og for manglande rekneskapsføring. Swanstrøm må og betale tilbake 400.000 kroner til Fyresdal kommune. Oslo tingrett finn det bevist at han våren 2009 tok ut over ein million kroner frå Nye Telemarkskyri Meieri AS.

Mogleg konsekvensar av nedlegginga

Lauvros og Songros
Foto: Foto fra familiealbum på Ramberg, Seljord ca 1950

Etter to konkursar er då meieridrift for Telemarkskyri avslutta. Sjølve tanken bak meieriet var å berge telemarkskua som eiga rase. Landslaget for telemarksfe frykta november 2008 at meieri - konkursen vil bli ein trussel for framtida til telemarkskua. Rasen er truga, og ein frykta at 40-50 kyr av rasen blei borte bare i Vest-Telemark. Fylkesmannen, ved jordbruksdirektøren, har løyvd 2000 kroner i tilskot per telemarksku. I tillegg vert det gjeve1000 kroner per ku gjennom jordbruksavtalen. Vern av ei stadeigen og utryddingstruga ferase har vore grunngjevinga for tilskota.

Kjelder