Thomas Bjerkholt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Thomas Bjerkholt (1946-2015) var ein teolog og forfattar frå Arendal. I åtte år arbeidde Bjerkholt som studentprest, før han vart forstandar i Trondheim Frikyrkje. Denne stillinga hadde han i tretti år. 7. mai 2015 døydde Thomas Bjerkholt av kreft, etter ein lang og krevande kamp mot sjukdomen. Han var gift med Ellen Bjerkholt.

Utdanning

Thomas Bjerkholt vart cand.theol ved Menighetsfakultetet i 1971, og i 1973 tok han praktikum.

Studentprest

I åra 1974-1982 var Bjerkholt tilsett som studentprest i organisasjonen Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag.

Frikyrkja og Oase

På grunn av usemje med den teologiske utviklinga som pågjekk innanfor Den norske kyrkja, meldte Thomas Bjerkholt seg ut av dette kyrkjesamfunnet. Han vart i staden medlem i Den evangelisk-lutherske frikyrkja, og gjekk inn i oppgåva som pastor for kyrkjelyden i Trondheim frå 1982 til 2014. Thomas Bjerkholt var elles tilsynsmann (biskop) for Nordre Presbyterium i Den evangelisk-lutherske frikyrkja i tolv år, samt nestformann i synodestyret frå 1991 til 1993. Bjerkholt var også ein av initiativtakarane til den karismatisk-lutherske Oase-rørsla i 1977.

For innsatsen sin som forstandar i Trondheim Frikyrkje gjennom 30 år, vart Thomas Bjerkholt tildelt Norges Vels medalje i sølv.

Forfattar

Bjerkholt skreiv fleire bøker med tema frå mellom anna kristen teologi og etikk, bl.a. "Lovsang" (1990) "Bygg familien" (1995) og "Veirydder for Herren" (2009).

Kjelder