Thomas Hermansen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Thomas Hermandsen»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Hermandsen (1853-1903). (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)

Thomas Hermansen (fødd 8. januar 1853Tysnes, død 11. juni 1903) var den første stiftsarkivaren i Bergen. Hermansen var politisk radikal, og gav i 1887 ut boka Bygdeliv, som på ein nærgåande måte skildrar kvardagslivet på Tysnes i Sunnhordland, særleg som ein kamp mellom samfunnsklassar.

Første stiftsarkivar i Bergen

Thomas Hermansen var son av handelsmannen Herman Olai Hermandsen. Sju år gammal vart han sendt til besteforeldra i Bergen, tollrorskar Thomas Lie og hustru Anne Karine. Dei var ikkje hans ordentlege besteforeldre, men var av faren sin morbror-familie – Thomas Lie var ein fetter av faren Herman Olai. Det hadde i første rekkje med skulen å gjera - Thomas skulle ha ei ordentleg utdanning. Og det fekk han også - fram til 1871 var han elev ved katedralskulen. Etter studenteksamen gjekk turen til Kristiania. Her fullførte han sin juridiske embetseksamen i 1876 – no heiter han Brown Lie Hermansen. Som nyutdanna jurist kom han til Hardanger og Voss som sorenskrivarfullmektig. Etter to år her bar det attende til Kristiania, til ei stilling i Finansdepartementet. Men etter mange år i hovudstaden hadde han teke til å lengta vestover. Om han ikkje hadde visst det før, så oppdaga han det no - heimlengten plaga han. I 1885 slo han seg ned på Krohnstad i Årstad. Der vart han buande livet ut.

Cand. jur. Thomas Hermansen vart i 1884 utnemnd som den første stiftsarkivaren i Bergen (noverande Statsarkivet). Han var då ikkje meir enn 31 år gammal, den yngste som nokon gong har hatt dette embetet. Samanlikna med aktiviteten ved arkivet i dag var dei første åra ved stiftsarkivet ganske så rolege. Den første førespurnaden kom 27. april 1886, og vart besvart på side 1 i kopiboken 25. mai, fortel statsarkivar Yngve Nedrebø i ein artikkel om stiftsarkivar Thomas Brown Lie Hermansen i Statsarkivet sitt magasin Bergensposten. Den første lesesalsgjesten kom i juni, og dagboka fortel om 23 gjestar første året. Men etter kvart auka gjestetalet, og i 1902 var det 662 registreringar i dagboka.

Politisk karriere

Mykje av tida si nytta Hermansen på politikk. Han sat i mange år i formannskapet i Årstad, samstundes som han gjorde fleire mislukka freistnader på å koma på Stortinget - han hadde "siden Sverdrupstiden mange Stemmer for sig paa de Møder, Venstres Valgmænd holdt til Opsættelse af de officielle Stortingskandidater. Ved de sidste Stortingsvalg har han ogsaa været paa Tale som Arbejderrepræsentant for Søndre Bergenhus," heiter det i minneordet etter han.

Sosialøkonomi

Sosialøkonomi var eit anna verkefelt: ”Han studerede i mange Aar Statøkonomi med den største Iver og kjendte alle de største statsøkonomiske Forfatteres Verker nøje. Ganske specielt var det Spørgsmaalet om Renten, dens Aarsag og Berettigelse, som sysselsatte ham" - han engasjerte seg såleis i å hjelpa fram næringslivet på Vestlandet. Og han var ein innbiten motstandar av sentralisering mot Kristiania, "Kristianiacentralisationen". Også på ei rekkje andre områder gjorde han seg gjeldande - han var t.d. ein av de ivrigaste forkjemparane for fullføringa av Bergensbanen, og engasjerte seg i arbeidet for å få etablert ein høgskule i Bergen.

Gravlagd i Bergen

Men døden innhenta han brått, i relativt ung alder. 11. juni 1903 døydde han av kreft, femti år gammal. Han ligg gravlagd på Årstad kyrkjegard - gravstaden som han delar med mora og søstrene er framleis bevart.

Mykje tyder på at han sjølv ikkje var klar over kor alvorleg sjukdomen eigentleg var - "man vidste ikke andet, end at han var frisk og rask. Det er vel ikke mange Dage, i alle disse Aar han ikke har været at træffe paa Stiftsarkivet. Imidlertid havde han i den senere Tid skrantet, uden at det dog førend de allersidste Dage blev klart, hvor alvorlig Sygdommen var", heiter det i nekrologen som stod på trykk i Bergens Tidende 12. juni 1903. Nekrologen vert avslutta med desse orda: "Han vil mindes som en ren, ædel og selvstændig Karakter, en interesseret, tolerant og sympatisk Mand, hvis tidlige Bortgang vil beklages af alle dem, der har kjendt ham. Stiftsarkivar Hermansen var ugift. Han har imidlertid været som en Far for sine Søskende og sin nærmeste Familje, og ikke mindst i dette Forhold er hans trofaste Sind, Opofrelse og varme Hjertelag kommet for Dagen. Saavel indenfor denne snevre Kreds som af alle, der kjendte ham, vil Thomas Hermansens Navn blive bevaret i kjær Erindring."

Novellesamlinga Bygdeliv

Underleg nok vert ikkje boka han gav ut i 1887, Bygdeliv, nemnd med eit einaste ord nokon stad i dei omtalene eg har funne av Thomas Hermansen. Var ho uviktig, ein "ungdomssynd", handla ho om noko uvedkomande? Og kvifor vart det med denne eine boka? Heller ikkje i Ernst Berge Drange si omfattande gards- og ættesoge for Tysnes står boka nemnd, i ei elles fyldig artikkel om Herman Olai Hermandsen og sonen Thomas. Boka er langt frå dårleg, og forfattaren må ha hatt ambisjonar. Men me veit ikkje - veit berre at den vesle boka er den einaste boka han gav ut og at ho sidan ikkje vart omtala meir - denne rare, lettlesne skildringa av eit bygdaliv som er lett å kjenna att som Våge, Gjersvik og Tysnes. Her er presten i prestegarden, her er lensmannen, her er landhandlaren - ein type han kjende godt. Her er noblessen og bøndene og den store, namnlause folkehopen. Og her er bygdahumoren, ikkje så reint ulik den tonen me kjenner i dag:

"Har ikke biskoppen hørt historien om fogden, som drak hvidvin og spiste salat til?"

Bispen drikker hvidvin ja. "Nei. Den har jeg ikke hørt."

"Joo - (Evensen) det var en fut, som var saa glad i hvidvin og salat, og saa stod han en dag inde i kontoret sit - og spiste salat, og saa havde han et glas hvidvin til. Og saa var der en bonde, som kom ind og saa det, og saa sa han, da han kom ud igjen -- til kammeraten sin: "Det maa være armt for han futen nu, han æter gras og drikker vatten. " "

De ler godt allesammen.

Samfunnskritisk

Thomas Hermansen var 34 år gammal då boka kom ut i 1887, på Nygaards forlag. Og det er ei forunderleg lita bok, ein serie skisser som heng meir eller mindre saman – enkel nok å lesa, ein kjem lett gjennom ho – eit lite kunstverk på sitt vis. Her er det samtalane, snakket, som rår. Daglegdags pludring om praktiske ting, stundom kjem misunning til uttrykk. Handling er det ikkje stort av. Alt skjer på eit underliggjande plan, i det som ikkje vert sagt eller fortalt. Heile tida går det som ein beisk straum gjennom boka kor tomt livet eigentleg er. Stundom er forfattaren sjølv med – han er til stades i dette ”jeg-et” som innimellom dukkar opp.

Bygdeliv manglar ikkje samfunnskritikk – det er det som er hovudærendet til boka, viser det seg. Det får me med oss allereie frå første sida, det er bispevisitas og i prestegarden har ”dei fine” samla seg. (Her får me forresten eit pussig lite glimt av ein viss proprietær Olaf Nilsen, ein ”friskfyraktig” type av ein evigheitsstudent – ”en saan upraktisk fyr, som snakker om alt muligt, en saan – ææ – idealist.” Er det proprietær Claus Pavels Riis frå Nymark me møter her, mannen som skreiv songen om Anne Knutsdotter?) I blomstrande vendingar rosar bisp og prest kvarandre så det mest går over i det groteske, dei andre stemmer i og det heile får etter kvart eit mest fråstøytande preg.

Eller som i skildringa frå bryllaupet i lensmannsgarden, der alt dreier seg om pengar og eigedom og lensmannen fortel som den mest naturlege ting i verda korleis han nyleg har tuska til seg verdfulle aksjar frå ei godtruande enkje. Under dei daglegdagse samtalane ligg eit mønster av undetrykking og forakt.

Nærgåande skildring av Tysnes

Thomas Hermansen let det ikkje vera nokon tvil om at det er Tysnes som er skildra. Namna er så autentiske som det går an: Trond Gjerstad, Marta Borgen, Kristen Hovland, Bertel Solheim. Her er nemnd stader som ”Langelandselven” – her er rett nok sparsamt med dialektuttrykk, men tiltaleforma ”Dokker” er teke i bruk.

I kva grad personar og hendingar i boka er teke frå det verkelege livet skal eg ikkje uttala meg om her, det kunne vore interessant å leggja teksten meir under lupa såleis. Det interessante er at Hermansen ikkje legg skjul på kvar det er meint å gå føre seg – på Tysnes, nærare bestemt i Vågebygda, på Gjerstad og i Gjersvik. Det les ein både ut av namna og av skildringa elles. Han legg elles for dagen ein naturleg kjennskap til landhandarmiljøet – landhandlar Evensen er ein gjennomgangsfigur i boka, han er også ordførar i kommunen og ein mektig mann. Er det så enkelt som at Evensen = faren Herman Olai Hermandsen?

Det skal mot til for å gå så tett inn på eit bygdamiljø som Hermansen gjer i denne boka, nærast med ekte namn på folk. Slikt skriv ein ikkje om ein bur i bygda. Slikt skriv berre den som er flytta herfrå og har distansert seg i eit anna og høgare samfunnslag. Han må ha vore mykje her som vaksen, han ser ut til å kjenna miljøet.

Bygdesamfunnet på Tysnes, og då nærare bestemt Gjersvik og Våge, er skildra så inngåande og så utleverande at det mest er rart det ikkje vart bråk av det. Her er bygdefolk nemnd, rett nok ikkje med heilt rette namn, sjølv om det ikkje er langt unna. Men lensmann og fut og ordførar treng ein ikkje setja namn på. Her er det eigne lover som gjeld – slektskap og venskap, gjeld og tilbakebetaling av gjeld. Eller som me ville sagt i dag – korrupsjon. Særleg er lensmannen støtt og stadig ute om seg for å tuska til seg eigedommar og anna:

"Og (lensmanden) saa har jeg kjøbt et Actiebevis paa Norges bank ganske - for halv pris."

"Var det ogsaa paa en auktion?"

"Nei det var underhaanden, det var en enke jeg kjøbte det af - manden var nylig død. "

"Hun (brudgommen) vidste vel ikke rigtigt, hvad det var værdt da?"

"Nei hun troede ikke det var værdt mere end det lød paa. "

"Var (brudgommen) hun fattig - hun enken?"

"Aa saa middels. Manden efterlod ikke stort, men hun fik det som var efter ham - og hun har ingen børn. "

"Det er sandt (Langesæter til lensmanden), hvor staar det sig med John Gjerstad, naboen din? Gaar det ikke saameget tilbage for ham, at han snart maa gaa fra gaarden?"

"Han er pokkeren saa seig. Han har saan paapasselig kjærring, ellers havde han været fant for længe siden."

"Saa hun?"

"Ja. Men nu tror jeg, at han kommer til at ødelægge sig, den skovhandelen, han har indgaaet med Nils Teigland. Jeg har ialfald sikret mig, og tat obligation i gaarden for de penge, jeg har tilgode."

"Du fik en prægtig eiendom, kunde Du faat hans gaard lagt til din."

"Jeg har nok tænkt paa det."

Kjelder og litteratur

  • Thomas Hermansen: Bygdeliv. Nygaards forl. 1887. Den vesle boka finst i dag i berre 4 eks. på norske bibliotek – kun til bruk på lesesal.
  • Nekrolog over TH i Bergens Tidende 12/6 1903.
  • Bergensposten nr. 2 1999, Statsarkivet i Bergen.
  • Gisle Tjong: Register over Sunnhordlandslitteratur og -forfattarar. Database.
  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 3 (1989).
  • Thomas Hermansen i Historisk befolkningsregister