Thor Bakkens Ettf

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Thor Bakkens Eftf i Jostedalen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Thor Bakkens Ettf er ein daglegvarehandel på Gjerde i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Butikken har sidan 2007 vore med i Joker-kjeda og er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen.

Handelsmennene

Landhandlaren Hans Hansson BjørgeHafslo starta opp handelsverksemda på Gjerde 3. januar 1903. Etter to-tre år tok Thor Bakken over. Sonen hans, Kristen Bakken (fødd 1920), vart styrar 1. juni 1941 og overtok verksemda 1. januar 1954 under firmanamnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han driv framleis butikken.

Bygningen og drifta

Medarbeidarane i 2007: Laura Kjærvik, Connie Grov, innehavar Kristen Bakken og Gunvor Yttri.

Landhandelen vart dei fyrste åra driven i ei gamal stove som før hadde vore nytta som meieri, men Thor Bakken sette etter få år opp ei stove. Ho var ca 20 m2 og vart påbygt til det doble i 1937. Då vart òg loftet innreidd til manufakturhandel. Thor Bakken var både autorisert radioforhandler, drev agentur i ullvarer og lastebiltransport.

Eit nytt tilbygg kom i 1945 og endå eitt ca i 2003. Butikken vart sjølvbetjent i 1974. Eigedomen vart formelt fråskild i 1954 (sjå meir under Gjerde).

Telefon, post og bensin

Det var telefonsentral i stova frå 19. januar 1918 til automatiseringa i 1978. Frå 1. januar 1943 til 1987 var Kristen Bakken også postopnar på Gjerde. Postkontoret vart i 1987 flytt over i nabobygningen, gamlekafeen til noverande Jostedal Hotell.

Sidan 1956 har det også vore bensinstasjon knytt til butikken, i dag er dette ei kortpumpe.

Kjelder