Thorstein Eggum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Th. Eggum dreiv pelsdyravl medan han var lærar i Skjåk. Her matar han sølvrev. Fotograf ukjent.

Thorstein Eggum (fødd 18. mai 1901 i Sogndal, død 14. mars 1994 i Lier) var lærar, skulestyrar og lokalpolitikar. Lærarkarrieren delte seg nokså likt på Skjåk i Gudbrandsdalen og Lier ved Drammen. Han var varaordførar i det fyrste arbeidarstyret i Skjåk kommune.

Familie

Foreldra var bonde Peder Johan Lystrup Eggum (1872-1959) og Anna fødd Stedje (1864-1928).

Thorstein Eggum gifta seg i 1927 med Ingebjørg Stedje (1897-1970), dotter av Anders Stedje (1866-1951) og Berta J. Stedje (1870-1964) frå Sogndal.

Thorstein og Ingebjørg fekk to søner og ei dotter.

Utdanning og lærargjerning

Eggum tok lærareksamen på Stord i 1922. Fyrste lærarstillinga var i Davanger, Askøy 1922-1923. Frå hausten 1923 kom han til Skjåk som folkeskulelærar i Holmork skulekrins. Der budde familien i lærarbustaden på Holmorkhaugen til 1945, da Eggum søkte og fekk lærastilling ved Øverskogen i Lier. Frå 1950 var han i Egge krins og skule i same kommunen, der han vart skulestyrar.

Eggum hadde ei variert etterutdanning som lærar, mellom anna med kurs i teikning, gymnaistikk, bibliotekstell, song, orgelspel og engelsk. Han gjennomgjekk skuleleiarkurs i Bergen med kommunalt stipend.

Politikk og samfunnsengasjement

Thorstein Eggum var ein av fleire vestlandslærarar i Skjåk som var sosialist. Han kom inn i kommunestyret på Arbeidarpartiets liste i 1934, da partiet fekk fleirtal. Eggum vart valt som varamann for ordførar Ole O. Langleite, og dei to hadde desse posisjonane til dei vart avsette av NS-regimet i 1941.

Eggum var også skulestyreformann 1938-1942 og på nytt i 1945 til han flytta frå bygda det same året. Han var kommuneoppnemnd medlem i styret for Skjåk private millomskule, da denne vart starta i 1935. Han hadde også andre offentlege oppgåver og tillitsverv i Skjåk, mellom anna som formann og forretningsførar for alderstrygda. Han var formann i Skjåk lærarlag i ni år, og var også med i styret for Lier lærerlag da han kom dit. Han hadde også andre verv i Lier, men var ikke aktivt engasjert i politikk etter at han kom dit.

Kulturelle interesser

Eggum var sterkt kulturinteressert, og dyrka mellom anna målarkunsten på amatørbasis. Han var også ivrig fotograf med spesiell interesse for fargefotografering, som var etter måten nytt i hans tid. I Skjåk dirigerte han eit blandakor. Han var mykje brukt som foredragshaldar, ikkje minst i småbrukarlaga som var svært aktive i Skjåk i 1930-åra.

Kjelder og litteratur