Tjæremile i myr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjæremile i myr i Vaulan i Rennebu
Foto: Arnfinn Kjelland (2012.).

Tjærebrenning ved hjelp av tjæremile i myr er ein spesiell teknikk som visstnok ikkje er dokumentert utanom Trøndelag. I motsetnad til den teknikken ein vanlegvis kjenner og som er skildra i Norsk Historisk leksikon (variant I), går brenning ved hjelp av mile i myr føre seg på ein annan måte.

Som namnet seier, blir mila lagt i myr som var god og tett og i le for vind. Det vart først gravd ut ei rund grop tilsvarande storleiken av mila. Deretter vart det grave eit mindre hol i midten av gropa, der tjæra vart samla opp. Denne gropa vart fora med never. Over dette holet vart det lagt ein platting av halvkløyvde furustokkar med flatsida ned. Dei halvkløyvde stokkane vart tilpassa slik at plattingen vart sirkelforma slik gropa var det. I dei to midtre halvklovningane vart det laga eit avløpshol for tjæra, der det vart reist ei høg stang.

Oppå plattingen («flåkkån») vart så mila bygd av malmved av furu (kalla spik, tyri og liknande). Hovudpoenget var å oppnå ufullstendig forbrenning, slik at tjæra vart pressa ut av veden utan at den tok fyr og brann opp, men vart attliggande som trekol.

Holet under mila rann full av vatn, og det vart laga eit avløp der overflødig vatn kunne renne ut.

Når så mila vart tent, vart tjæra pressa innover, rann ut gjennom holet i midten på plattingen og ned i det neverkledde, vassfylte holet i myra. Tjære er tyngre enn vatn, så vatnet vart pressa opp og ut gjennom avløpet. Vatnet hadde to funksjonar, det sikra mot at tjæra tok fyr, og det skilde tjæra i forskjellige kvalitetar. Den tyngste la seg i botnen og den lettaste på toppen. Den siste var den beste, og vart nytta til medisin. Brennemerket på stanga i midten fortalde basen om varmen i mila gjekk korrekt.

Når mila var nedbrent og sløkt vart stanga fjerna og kolet samla saman. Trekol frå tjærebrenning var rekna for å vere godt eigna til smiing. Plattingen vart fjerna og tjæren ausa opp.

Rester etter slike miler finn ein i stor mengde i utmarksområde i Trøndelag.

Kjelder