Tobbedalsbakken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå skirenn i Tobbedalsbakken fyrst i 1920-åra

Tobbedalsbakken var ein skibakke som låg mellom Bjorli og Lesjaskog nedafor dei gamle Einbugardane, der garden Voll ligg i dag. Ovarennet gjekk frå heilt oppe ved Nordistugu Einbu. Flata var frå fyrst av litt snau, for det stod ein steinmur mot riksvegen. Skulle hopparane svinge til venstre fekk dei òg litt problem, for der stod det ein låve. Enklast var det å svinge til høgre på det opne jordet der.

Seinare vart steinmuren rive, så da kunne hopparane køyre over riksvegen og stoppe på flata inn mot Raumabanen. Som vi skjøner var det lite trafikk på den tida - også fordi vegen ikkje var open for biltrafikk vinterstid. Men det måtte haldast vakt i tilfelle det kom hestetransport.

Bakkerekorden i Tobbedalsbakken var 34 meter. Det var vanskeleg å hoppe der, for ovarennet var «styggbratt» så hoppet kom for brått på hopparane.

Kjelde

Koordinater: 62.238487° N 8.2677196° Ø