Todneset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dette biletet er teke sist det var sol på Todneset, 22. desember - 2001. Her ser ein tydeleg korleis solstrålene treff haugen på Todneset. Det heile varer berre nokre få minutt.
Foto: Svein Ove Agdestein

Todneset eller Tonneset er eit nes på Tysnes-halvøya ved innseglinga til Våge, i Tysnes kommune. Her finst det ein lokalitet som ein tidlegare meinte var eit horg, men som ein i dag tolkar som eit gravminne. Staden er også senter for eit solvervfenomen som manifesterar seg ved vintersolverv 22. desember. På staden står det også ein bautastein som er datert til jernalder. Sjølve området ser ut til å ha vore eit religiøst senter langt tilbake i tid, og har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Her stod Tysnes kyrkje, som i 1906 vart flytta over sundet til Gjerstad i Tysnes.

Utgraving og seinare undersøkingar

Anlegget på Todneset vart gravd ut i 1915. Røysa ligg øvst på Todneset i dyrka mark, 25 m opp frå sjøen. Frå røysa skrår terrenget ned mot sjøen i sør-søraust og ei vik i nord-nordvest. Framfor røysa i vest finst ei flate som går over i knausar ved sjøen. Det er fritt utsyn over fjorden mot Våge i vest og mot Bjørnafjorden i nordvest. Røysa er 20 m i diameter og kring 1.5 m høg. Ho er heilt tilvakse med gras, men enkelte 20 - 40 cm store steinar/blokker stikk fram i dagen her og der. I sentrum av røysa er det eit stort søkk etter utgravingar (gjort av Eyvind de Lange i 1915 og Jacob Kvalvaag i 1965).

Her ser ein tydeleg "altaret" som kom fram under utgravinga i 1915. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

I 1915 vart det funne ei hellekiste som målte 25 - 35 cm, 3 m frå nordre kant, utan dekkhelle. Kol og brende bein fanst på ei helle ein annan stad i røysa. Midt i røysa ligg i dag ei 2.7 m x 2.7 m vid oppmuring bygd av 50 - 75 cm store heller i to skift. I det søraustre hyrnet er ein mura pall, 1.5 m (nord-sør) x 1.2 m (aust-vest), som er lagt opp av 60 cm store heller. Det firkanta rommet var fylt av stein, og på golvet fanst svart jord med dyrebein, østersskjel og blåskjel.

Røysa er tydeleg og syner godt att i terrenget. Ved utgravinga i 1915 vart det funne ein kniv, klinknaglar, jern, bryne, dyrebein og skjel. Haugen inneheldt inga grav, skriv de Lange i 1918, men viste seg å dekka over ruinane av ein liten bygning av stein og jord. Det indre målet på rommet var 2.10 x 2.10 m, og innvendig stod murane med ei høgd på opptil 65 cm. I det søraustre hyrnet av rommet var det murt ei forhøging.

Solkvervfenomen

Skisse som illustrerar solkvervfenomenet.
Foto: Knut Rage

På Todneset er det registrert eit solkvervfenomen ved vintersolkverv. Det er det einaste kjende fenomen av dette slaget her i landet, forutan Karnilshaugen i Gloppen i Sogn og Fjordane. I prinsippet er det liten skilnad på haugen i Gloppen og konstruksjonen på Todneset. Sant nok er anlegget her mykje mindre, men plasseringa og fenomenet med at sola skin rett på staden ved vintersolkverv er den same. Kor mange slike stader som finst kringom i Noreg er det vel ingen som veit. Det har med å gjera at dette dreier seg om eit fenomen som har vore lite påakta mellom historikarar og arkeologar. I dei seinare åra har arkeoastronomi utvikla seg til ei omfattande og anerkjend vitskapsgrein. Men ein slik tankegang var ukjend for det fagmiljøet som i si tid granska t.d. anlegget på Todneset. Det var først for nokre år sidan at tekn. konservator ved Bergen Museum, Svein Ove Agdestein, ved eit slumpetreff kom til å observera det spesielle solfenomenet eit par dagar før jul, då han la merke til at ettermiddagssola som dukka opp bak Dallandsfjellet i vest, ein liten kilometer unna, skein direkte på staden der anlegget ligg og ingen andre stader. Sola forsvinn frå heile Tysneset (garden og alt inkludert) for så etter om lag 20 minutt å koma att - men då for å lysa på berre gravhaugen (og sjølvsagt ei smal stripe bak denne).

Diskusjonen kring anlegget

Den faglege diskusjonen kring anlegget strekkjer seg over mest heile 1900-talet, frå dei første konklusjonane ca. 1916, via 1930-talet og 1960-talet - og er enno ikkje fullført.

Det vart relativt tidleg slått fast at ein måtte ha med eit horg å gjera. Rett nok later det til at de Lange sjølv unngjekk å nytta dette omgrepet, sjølv om den danske museumsinspektør Olaf Olsen i eit brev til Per Fett frå 1965 skriv om "Langes hørg" og "den Langeske-Sheteligske hørg-teori"[1]. Allereie i Bergen Museum si "Beretning 1915-1916" vert det slege fast at "cand. Eyvind de Lange har fortsat sin antikvarisk-topografiske undersøkelse av Tysnesøen i Søndhordland og har derunder utgravet en haug ved Tysnes kirke, hvor det fremkom meget eiendommelige fund som tyder paa en hedensk offerplass"[2].

Såleis tok ein utgangspunkt i steinen som er reist midt i tufta. Ein såg på denne som eit altar. I steinen finst det kalkapat-årar, og Johannes Heggland nemner at det skulle tyda på at steinen er ført frå ei av øyane ute i fjorden. Det er denne steinen som var det fysiske provet for at ein her kunne ha føre seg ein heilag stad, eit horg. Og ser me litt på samanhengen, meiner Heggland, vil me finna at guden Njord (saman med Tyr?) stundom vart dyrka ved heilage, kvite steinar[3].

Frå utgravinga i 1915. Foto: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

Horg-omgrepet har såleis følgd anlegget frå første stund. Det var fleire enn de Lange og professor Haakon Shetelig (1877 - 1955) som støtta opp under horg-teorien. Ein av de ivrigaste talsmennene for dette var Magnus Olsen. Han var rett nok korkje arkeolog eller historikar, men filolog - professor i gammalnorsk og islandsk språk og litteratur ved Universitetet i Oslo 1908-48. Olsen arbeidde særleg med runer, stadnamn og religionshistorie. For mange var han ein leiande autoritet. Olsen hevda at det fanst minst seks hundre stader i landet som hadde fått namn etter dei gamle gudane. Den radikale språkforskaren Eivind Vågslid er ikkje nådig i omtala av denne tankegangen, av "den vranglæra, den ovtru og den skynløysa som i stor mun hev rått i norderlendsk stadnamngransking, den vranglæra som vart grunnlagd av P.A. Munch, den ovtru som serleg vart nørd med det ville og røyndlause tankespinnet åt Magnus Olsen."[4]

For Tysnes sin del har Magnus Olsen sine stadnamntolkingar hatt stor tyding. Ein kan - om enn sett på spissen - gjerne seia det slik at heile det omfattande prosjektet "gudeøya Tysnes" er tufta på arbeidet hans.

Dermed stilna diskusjonen av fram til 1964. Då skreiv den danske museumsinspektør Olaf Olsen til sin gode kjenning førstekonservator Per Fett ved Bergen Museum og bad om nærare opplysningar om "en formodet hørg i Tysnes" til ei avhandling om heidenske kultplassar i vikingtida som han arbeidde med på denne tida. I svarbrevet frå Fett går det tydeleg fram at han er meir enn skeptisk til horg-teorien. "Men en kultplass må det da være, hva ellers? Men kaller en det for horg, sier en vel mer enn en kan stå ved. Jeg bare minner om det du vet at ordet etymologisk skal bety steinrøys (sml. "hele hurven" = "hele haugen" = alle sammen), men Voluspå taler om at gudene tømret horg og hov. Men så kom altså denne kultplassen på Tysnes frem i en røys."[5]

Olsen peikar på at golvplassen er minimal. Kvifor ikkje heller eit gravkammer? konkluderer han med. Eit problem er at eit gravkammer, eller ei grav, av denne storleiken er ukjend på desse kantar. På den andre sida peikar Fett på at lokaliseringa på toppen av ein knaus er ein typisk stad for ei gravrøys. Derimot "underleg" for ein kultplass. "Men så har vi bare subjektivt skjønn å holde oss til når vi skal dømme om et kultsted er underlig eller ikke."[6]

Der stoppa diskusjonen. Ettergravinga i 1965 førte ikkje til noko nytt resultat. Olsen konkluderer med at det dreier seg om eit kammer: "Må jeg sige dig ret så hjertelig tak for dit brev af 19.ds. med Jakob Kvalvaags indberetning om eftergravningen på de Langes "hørg" i Tysnes. Jeg har naturligvis lest den med overordentlig stor interesse. Især var det vigtigt for mig at erfare, at "hele konstruktionen ved vest-muren gav det indtryk, at muren måtte være lagt op samtidig med højfylden som støtte for denne ind mod det lille "kammer". Dette forhold - som jo kunne anes på et af de Langes fotografier - gør det klart, at "kammeret" virkelig er et kammer og ikke har en fortid som selvstændigt hus, og hermed skulle den de Langeske-Sheteligske hørg-teori være langet et afgørende stød."[7]

Tolking av namnet Todneset

Stadnamnet Todnes finn ein også i Lyngdal, i Sparbu og på Færøyane. Nokre har peikt på at Todneset, der anlegget ligg, kjem av norrønt "tjod", dvs. folk, eller rettare ein samlingsstad (for folk). Ei vel så rimeleg forklaring er den som O. Rygh peikar på, nemleg at viss me samanliknar Tod- med Tot- (som t.d. i Totland) så står eit namn som Totland for "Tor sitt land" - det kan vera eit mannsnamn eller guden Tor. Eivind Vågslid har ei anna tolking. Han skriv (i "Norderlendske fyrenamn") at ordet "toddi" på gno. tyder "eit lite stykke".

Eit anna interessant moment er at det finst fleire stader på Færøyene som heiter Todnes, og det går også att i England (Devon) der ein finn både Totnes og Totland som opplagde far frå norrøn tid. På Færøyene er det tre stader som heiter Todnes. Her har stadnamngranskarane tolka leddet "tod" som "torv", altså Torvneset. Sjølv om det er mogleg at busettinga på Færøyene kan gå lengre attende er det ikkje gjort funn her før vikingtid. Det tyder at namnet Todnes opplagt er norrønt, og at det kan ha vore eit relativt vanleg stadnamn i den norrøn kulturen.

Bautasteinen på Todneset

Bautasteinen på Todneset, ca. 10 m frå utgravingsstaden. Foto: Knut Rage

Like i nærleiken av anlegget står det ein bautastein, datert til jernalderen. Neumann (1826) og Kraft (1830) seier at steinen var seks alen lang, dvs. ca. tre meter. Breton (1835) veit å fortelja at lengda var "nine feet", og at steinen stod midt i ein stor steinring. Dette med steinringen er ein interessant opplysing. På Jylland i Danmark finst det ein steinring som er tolka som at den har markeringar for sikte til soloppgang ved jamndøger og vintersolkverv.

Bautasteinar (reist stein utan innskrift) ser ut til å ha hatt viktige symbolsske og Kommunikative funksjonar i fortida. Store bautaer er gjerne plasserrt med direkte utsyn over kystleia, eller på høgder og haugar. [8] Bautasteinen på Todneset er ein av fleire bautaer på Tysnes, mellom dei den større samlinga av bautasteinar på Årbakkasanden.

Seinare hamna steinen nede i fjæra nedanfor den gamle prestegarden på Tysnes. Det var først i 1991 at steinen vart henta opp frå sjøen og plassert der den står i dag, av tekn. konservator Svein Ove Agdestein ved Bergen Museum. Ettersom bautasteinen vert rekna til jernalderen kan den vera av nyare dato enn anlegget som er omhandla i denne artikkelen. Eller kan heile staden, med steinanlegget og bautasteinen, ha vore ein kultplass gjennom lange tider, eller i det minste ein gravplass - og at dette speglar seg av i namnet Todneset - samlingsstaden? Spørsmåla er atskilleg fleire enn det finst svar.

Nyare undersøkingar

I mai 2013 vart det gjort ei ca. to veker lang arkeologisk undersøking av området.  Totalt vart det undersøkt eit område på 420 kvadratmeter. Det vart registrert fem anlegg og to lokalitetar med forhistorisk dyrking, alle desse vart undersøkt. Med på undersøkinga var fagfolk frå fleire forskjellige fagdisiplinar. Tanken var at Tysnesøya sin store konsentrasjon av sakrale stadnamn kombinert med solsnufenomenet på Todneset kunne fungera som ei unik ramme kring lokaliteten. Undersøkinga er samanfatta i ein rapport som vart publisert 2015. [9]

Eit av måla for undersøkinga var å sjå om Todnesrøysa kunne vera omgjeve av eit kokegropfelt som gjerne var knytta til kultisk praksis. Det fann ein ikkje, og det kan tyda på at fråveret av denne type aktivitet ikkje har vore avgjerande for plasseringa av sjølve kultstaden.

Undersøkinga viste at Todneset har vore rein utmark og strandsone, som i yngre jernalder og middelalderen etter kvart vart teke i bruk som ein del av innmarksonen. Dei påviste kulturspora vitnar om ei meir eller mindre kontinuerleg busetting og bruk av området frå romertid til yngre jernalder, med innslag av einskilde hendingar i yngre bronsealder og førromersk jernalder.

Truleg har røysa vore utsett for plyndring i førhistorisk tid. Plyndringsgropa har blitt ståande open, for så å bli gjenbrukt som fundament for røykstove eller jordkjeller, vert det konkludert med i rapporten. Under fjerning av muren og golvhellene vart det såleis funne brent korn. Det minner om fundamentet for eit eldhus. Eit eldhus frå seint på 1600-talet med liknande dimensjonar og oppmuring kan sjåast på nabogarden Ve (Tysnes).

Rapporten konkluderer med at den hyppig refererte horgen på Tysnes ikkje utan vidare lenger kan sjåast på som knytta til kultisk aktivitet i samband med namngjevne gudar og solsnufenomen. Det heiter at funnet "har blitt referert til innen arkeologisk, religionshistorisk og filologisk forskning i nesten 100 år. Re-undersøkelser av denne art synliggjør problematikken omkring forskningens sirkelargumentasjon basert på eldre funn fremkommet med annen metodikk enn det man har til rådighet i dag." [10]

Referansar

  1. Datert 27. november 1965
  2. Bergen Museum Beretning 1915-1916 s.36
  3. Johannes Heggland: Tysnes - det gamle Njardarlog s.110
  4. Eivind Vågslid: Stadnamntydingar III, s.139
  5. Datert 9. oktober 1964
  6. Datert 4. november 1964
  7. Datert 27. november 1965
  8. Knutzen, Trude: Bautasteiner og runesteiner: vitnesbyrd om særegne døde? UBAS, 2007.
  9. Arkeologisk rapport fra forskningsgravning i Todnesrøysa på Tysneset: Kultsted i forhistorisk tid? Rapport ved Asle Bruen Olsen og Yvonne Dahl. Forminneseksjonen, UiB. 2015.
  10. Arkeologisk rapport fra forskningsgravning i Todnesrøysa på Tysneset: Kultsted i forhistorisk tid? Rapport ved Asle Bruen Olsen og Yvonne Dahl s. 30. Forminneseksjonen, UiB. 2015.

Kjelder og litteratur

  • Knut Rage i samarbeid med Svein Ove Agdestein: Det førhistoriske anlegget på Todneset - horg, gravkammer eller ein kultplass for soldyrking? Sogeskrift for Tysnes, 2007. Artikkelen finst også på nett
  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog 1964
  • O. Rygh: Norske Gaardnavne (opphavl. frå 1897, elektronisk versjon)
  • Eivind Vågslid: Stadnamntolking II (1974) og Stadnamntydingar III (1979)
  • Arild Hauge: Arild Hauges runer www.arild-hauge.com
  • Herm M. Schirmer: Horg og hov, 1906
  • Per Fett: Tysnes prestegjeld i serien Førhistoriske minne i Sunnhordland, 1954
  • Bergen Museum Beretning 1915-1916
  • Kvalvaag rapport om ettergraving sept 1965 (Bergen Museum)
  • Knutzen, Trude: Bautasteiner og runesteiner: vitnesbyrd om særegne døde? UBAS, 2007.
  • Rapport om bautasteinen på Todneset 1991 (Bergen Museum)
  • Samling av brev vedk. anlegget på Todneset (Bergen Museum)
  • Arkeologisk rapport fra forskningsgravning i Todnesrøysa på Tysneset: Kultsted i forhistorisk tid? Rapport ved Asle Bruen Olsen og Yvonne Dahl. Forminneseksjonen, UiB. 2015.

Koordinater: 60.05041° N 5.53603° Ø