Tore Olavsdotter Byklum (1865–1924)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Olavsdotter og mannen Olav Jonsson Hoslemo kring 1920. Bilete frå Tore K. Mosdøl.

Tore Olavsdotter Byklum (fødd 22. april 1865 i Bykle, død 9. desember 1924 same staden) var husmannskone og sydame.

Ho var dotter av Olav Drengsson Byklum (1837–1924) og Gunhild Knutsdotter Nesland (1842–1915), og vart fødd på Innistog Byklum som nummer to i ein syskenflokk på åtte.

I 1888 gifta ho seg med Olav Jonsson Hoslemo (1861–1951). Dei fekk ni born:

  • Jorunn, f 1887, d 1928, busett Nystog, gnr 13, bnr 10, ug.
  • Jon, f 1889, d 1982, politioverbetj., busett Kristiansand, g 1915 m Signe Åsulvsdtr. Monen, Hornnes.
  • Olav, f 1891, d 1970, lærar, busett Søgne, g m Karen Sofie Hjelleseth, Gyland.
  • Torbjørg, f 1894, g 1914 m Knut Hallvardsson Byklum, sjå Nystog, gnr 13, bnr 10.
  • Knut, f 1896, d 1896
  • Knut (e.), f 1897, g 1920 m Gunhild Ånundsdotter Tveiten, sjå Lyngtveit, gnr 11, bnr 6, 7, 8.
  • Knut (y.), f 1899, g 1921 m Gunhild Jonsdtr. Brotteli, sjå Nordstog Nesland, gnr 10, bnr 5-9.
  • Gunnar, f 1903, d 1910.
  • Dødfødd gut, 1907.

I folketeljinga 1900 finn vi dei på Heggjeslettune under Innistog Byklum.[1] Der sat «Vise-Taddeiv» som husmann, men han trengde nokon til å drive plassen, og Olav og Tore tok den jobben. I folketeljinga 1910 hadde dei flutt til Listog, som òg var ein husmannsplass. I den teljinga står det under yrke at Tore «syr og strikker».[2]

Referansar

  1. Tore Olsd. Byklum i folketeljinga 1900 for Valle herred frå Digitalarkivet.
  2. Tore A. Byklum (sic) i folketeljinga 1910 for Bykle herred frå Digitalarkivet.

Litteratur og kjelder