Tore Pedersson Spjelkavik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tore Pedersson Spjelkavik (1770-1815) var fødd på eitt av bruka på garden Skår i Luster prestegjeld. I 1792 vart han gift med Brita Larsdtr. Mørkrid (1773-1866). Saman fekk dei tre born. Ekteparet tok først over bruket på Skår der Tore hadde vakse opp. Vi finn dei der i folketeljinga 1801, med borna Peder (2 år) og Agaathe (6 år). Tore er ført som bonde, gardbrukar og nasjonal (vernepliktig) soldat.

I 1807 fekk Tore skøyte på halvparten av eitt av bruka (bnr. 5) på garden Rønneid, og året etterpå fekk han bytt til seg den andre halvparten. I 1808 flytta Tore Pedersson og familien til Rønneid, men allereie i 1809 selde Tore heile bruket til konsul Fredrik Meltzer i Bergen mot at han og Brita fekk kår på garden. I 1811 kjøpte så Tore Pedersson garden Spjelkavik i Borgund prestegjeld for 3 522 rdl. Beløpet skal ha vorte betalt kontant. Spjelkavik var ein gammal embetsmannsgard som tidlegare hadde husa både fut, sorenskrivar og lensmann. Tore sette i gong arbeid for å gjennomføre utskifting på garden. Han var openbert ein velhalden mann, og han skal ei tid ha drive som hestehandlar. Tore skal ha vore den siste som åtte heile Spjelkavik samla.

Tore Pedersson Spjelkavik vart vald til valmann for Borgund prestegjeld våren 1814. I valadressa for prestegjeldet er han omtalt som godseigar. Tore Pedersson døydde allereie i 1815, 45 år gamal.

Kjelder