Torkel Aagedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berte og Torkel Aagedal.
Foto: F. Køhn, Kristiansand (ca. 1915-19)

Torkel Aagedal (fødd 2. desember 1877 i Grindheim i noverande Audnedal kommune, død 31. juli 1961) var lærar og lokalpolitikar i Hægeland kommune i Vest-Agder. Frå 1929 var han ordførar i bygda.

Han var son av Anna Knudsdotter og Ole Torjesen; faren var lærar og kyrkjesongar. Torkel Aagedal tok eksamen artium i 1897, andreeksamen i 1899 og lærereksamen ved Notodden seminar i 1901.

Aagedal hadde fleire vikariat, mellom anna ved framhaldsskular, før han vart tilsett ved Eikeland skule i Hægeland. Han var formann i skulestyret i åtte år, og sat frå 1913 i forliksrådet, der han i 1930-åra var formann. Kring 1919 vart han vald inn i heradsstyret.

Han var gift med Berte Aagedal (1880-1942), dotter av Torkel og Siri Aagedal. Berte og Torkel Aagedal fekk tre søner og fire døtre. Torkel og kona er gravlagde på Hægeland kyrkjegard.

Torkel Aagedal var ein yngre bror av Torje O. Aagedal, som òg var lærar.

Kjelder og litteratur