Torleif Tandstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torleif Tandstad er ein kunstsamlar frå Sykkylven. Tandstad vart fødd i Sykkylven i 1936. Foreldra var Ola og Berta Midtbust Tandstad. Faren var heradsagronom i Sykkylven, men var også i ein bolk ordførar i kommunen. I tillegg var han diktar og lokalhistorikar.

I 1959, då han var 23 år gammal, reiste Torleif til USA for å studere. Denne reisa skulle vise seg å bli eit avgjerande vegskilje for han. Han kom seinare til å forbli i USA. Hun utdanna seg til flyingeniør, og frå 1963 arbeidde han i ulike flydesignfirma i USA. Etter nokre år i denne bransjen søkte han nye utfordringar. Allereie frå 1965 hadde han byrja å samle kunst. På denne tida vart han kjent med ein annan kunstsamlar, Larry Hartford. Saman med Hartford og Barbara Roberts kjøpte han kunstrådgjevingsfirmaet, Antiques & Art Appraisals Co. i Los Angeles i 1972. I åra framover fekk dei mange kjende filmstjerner som kundar. Dei tok også oppdrag for store filmselskap som Paramount Studios og MGM.

Etter nokre år i Los Angeles flytta Tandstad, og kollegaen Hartford, i 1996 forretninga til småbyen Fort Collins i Colorado. Hartford døydde i 2012, men før han døydde hadde dei to samarbeidspartnarane blitt samde om å donere heile kunstsamlinga til Colorado State University. Blant bileta som finst i samlinga er eit portrett av den franske kongen, Ludvig XIV, måla av Pierre Mignard og eit portrett av Madonna med barnet, truleg måla av italienaren Fiorenzo di Lorenzo. Saman med kunsten donerte dei også sitt store kunstbibliotek, truleg eit av dei største private kunstbiblioteka i USA.

Torleif Tandstad vitja regelmessig Sykkylven så lenge foreldra levde. Dei seinare åra har vitjingane til heimlandet vore sjeldnare.

Kjelde

  • Artikkel om Torleif Tandstad i Sunnmørsposten 14.9.2013.