Tornesamisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander

Tornesamisk eller karesuandosamisk, òg kjent som markasamisk i Ofoten og Troms, er ei samisk dialektgruppe som oftast blir rekna til nordsamisk språk. Tornesamisk er den sørvestligaste av dei nordsamiske hovuddialektane og blir snakka i deler av Finland, lengst nord i Sverige og blant markasamane i Nord-Noreg frå Ballangen kommune i Ofoten til Nordreisa kommune i Nord-Troms. Tornesamisk låg til grunn for Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Johansson Ganander.

I faktiske språktrekk ligg tornesamisk i ei mellomstilling mellom finnmarkssamisk og lulesamisk. Trekk som peiker mot lulesamisk og pitesamisk inkluderer progressiv labialassimilering i ord som dolluo ('eld'; lules./pites. dållå; sørs. dålle, umes. dålla, nords. dolla), så vel som ymse trekk i vokalsystemet. Trekk som derimot peiker mot finnmarkssamisk er samanfallet mellom akkusativ og genitiv eintal i substantiv der lulesamisk har -v i akkusativ og - i genitiv.

Trekk som varierer i ulike tornesamiske dialektar er:

  • Ein del dialektar har samanfall av inessiv og elativ i ei felles lokativform-s(t) på same måte som i finnmarkssamisk.
    Andre dialektar skil, som lule- og pitesamisk, mellom inessiv -n og elativ -s(t). Ganander nemner da òg endingane -st i ablativ (elativ) og -n/-st i lokativ (inessiv).
  • I verbsystemet har ein del dialektar av tornesamisk -n i 1. person eintal på same måte som finnmarkssamisk.
    Andre dialektar har -m på same viset som (sørlig) sørsamisk, austsamiske språk og eldre finnmarkssamisk. (Nordlig sørsamisk og sørlig umesamisk har -b; nordlig umesamisk, pitesamisk og lulesamisk har -v.) Gananders grammatikk har berre -m.