Trio Fiberplast

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Trio Fiberplast var ein plastprodusent i Sykkylven. Det var dei tre nordmøringane Hans Hyldbakk, Hans Rokstad og Arnt Ystenes som skipa verksemda i 1974. Alle tre hadde vore tilsette ved Aursnes Fabrikker A/S som gjekk konkurs i 1973.

Trio Fiberplast fekk første tida halde til i lokala som Aursnes Fabrikker nytta. Ikkje lenge etter oppstartinga flytte dei over til kaihuset i Hundeidvik. Her var verksemda til bedriftseigarane fekk leige første høgda i bygget til tidlegare P.O. Jarnes Møbelfabrikk. Trio Fiberplast byrja med å lage septiktankar i glasfiberarmert polyester. Ein del av desse tankane vart eksporterte til Færøyane, men størstedelen vart omsette her i landet.

Før bedrifta flytta til Ikornnes, var det berre dei tre eigarane som stod for produksjonen. Det vart høve til å utvide produktspekteret etter at verksemda var flytta til Ikornnes. Mellom anna tok dei til å lage ein snekketype på 20 fot. Først vart båten levert som halvfabrikat. Etter kvart fekk dei konstruert eit innreiingssett som vart selt til kundar som ynskte det. Til slutt selde Trio Fiberplast fullt ferdige båtar i varierande storleikar.

I 1978 brann det i verksemda, og det førte til at båtmodellane gjekk tapt. Dei var ikkje trygda, og bedrifta tapte mykje pengar på denne brannen.

På same tida byrja Trio Fiberplast å lage kar i glasfiberarmert polyester. Kara tolde sterke kjemikal, og dei gjekk til bedrifter som dreiv med overflatehandsaming av metall.

Av spesialoppdrag verksemda hadde, kan nemnast levering av halvsøyler og konvektorboksar til Ålesund rådhus.

Anders Roald kom inn som medeigar i firmaet etter at Hans Hyldbakk trekte seg ut. Bemanninga ved Trio Fiberplast låg på mellom åtte og femten personar. I 1983 gjekk bedrifta konkurs.

Kjelde: