Tuva turisthytte

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°26′28″ N 8°1′55″ Ø


Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav.
Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv.
Tuva turisthytte sto ferdig i 1915. Biletet er frå 1931. Fotograf: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Sjå også vinterbilete frå omtrent same tid på Digitalt museum.
Tuva turisthytte påska 2013. Fotograf: Frankemann. Kilde: Wikimedia Commons.
Tuva høyrde frå tidleg på 1800-talet til Flatåker i Skurdalen. Her dreiv dei både skysstasjon, landhandel, postkontor og telefonstasjon. Fotograf: Lars K. Ødegaard, 1920-30. Eigar: Hol Bygdearkiv.
Aileen Flataaker, februar 2015.
Foto: Marianne Wiig, 2015.
Frå hundreårsjubileet 25. juli 2015. Frå venstre avtroppande og påtroppande vertskap Aileen Flataaker, Mailiza Flataaker Schindewolf og Peter Schindewolf, og Asle Kirkevoll ved Geilo hestesenter, som var konferansier under festmiddagen.
Foto: Marianne Wiig, 2015.
Programleiar Øystein Bache med crew rett før han gjekk på lufta i programmet Monsen minutt for minutt 14. juli 2018. Omkring 60 NRK-folk deltok i produksjonen av dette Sakte-TV-programmet og av dei to kveldane med Sommeråpent-sending frå Tuva turisthytte.
Foto: Marianne Wiig, 2018.

Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.

Støl til 1960-åra

Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.

I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige.

Margit Olsdotter Flatåker (1852-1883) gifta seg i 1876 med Guttorm Olson Guttormsgard (1834-1929), skreppehandlar frå Uvdal. Året etter kjøpte dei Flatåker med stølar av bror hennar, Ola, som sjølv flytta til Mauredokki (gnr 82, bnr 2).

Avtale med DNT frå 1878

I 1878 opna Den Norske Turistforening si fyrste hytte på Hardangervidda, Krækkja. Frå same år stilte Margit og Guttorm tre sengeplassar til disposisjon for foreninga på nordre Tuva, for at vandrarar som kom vestfrå skulle ha ein stad å ta inn på vegen til Geilo. Kor ofte sengene vart brukte veit me ikkje, for gjestebøkene har brent, men ein sumar med mykje trafikk skal det ha vore sju som overnatta. Heller ikkje Krækkja hadde mykje besøk dei fyrste åra. Så lite lønsam var hytta for DNT at dei prøvde å selje ho.

Frå 1904 var det Ola (1877-1948), sonen til Margit og Guttorm, og Birgit Flåtåker (1875-1958) som eigde og dreiv nordre Tuva. Då Bergensbanen kom i 1909 auka turisttrafikken, og det vart grunnlag for å byggje ei eiga turisthytte. Den omstendelege prosessen starta i 1910 med hogging, tørking og tegling av tømmer frå Skurdalen. Huset vart fyrst sett opp på Flatåker. Så vart stokkane merka og køyrde til fjells med hest på vinterføre, medan sumrane vart brukte til å få opp grunnmur, lafte, leggje torv på taket og setje inn dører og hektaglas.

Turisthytte frå 1915

Sumaren 1915 sto Tuva turisthytte klar med 16 soveplassar og kunne ta i mot fotturistar, fiskarar og jegarar, mest berre menn. Om hausten kom det også molteplukkarar med trebuttar på ryggen. Birgit heldt fram med å støle parallelt med turistverksemda, så turisthytta kunne by på mjølkeprodukt av alle slag. Og i vatna fiska dei ørret, så dei trengte ikkje å kløvje stort anna til støls enn potet og mjøl og kanskje ei skinke eller eit fenalår.

Dei fyrste åra var turisthytta open medan det var folk på stølen, men frå midten av 1920-talet heldt dei opent også i påsken. Skituristane hadde gjort sitt inntog, og etter kvart kom også fleire og fleire damer. Nokre av gjestane budde fast i fleire dagar. Snart vart det nødvendig å utvide att, og i 1936 hadde hytta 30 soveplassar.

Ola og Birgit dreiv som gjestgjevarar også på Flatåker. Garden hadde skysstasjon frå 1918 og dessutan landhandel, postkontor og telefonstasjon. Dei eigde no også Mauredokki. I 1946 overtok eldste sonen, Georg (f. 1905), Flatåker og stølen nordre Tuva, medan den nest eldste, Olav (f. 1908), overtok Mauredokki og Tuva turisthytte, som han dreiv saman med kona Laila (f. 1923). Fram til slutten på 1950-talet var det Birgit som støla på nordre Tuva, og barneborna Torill og Aileen var ofte oppi "gommobua" og hjelpte til med å yste, kinne og røre i primkjelen.

Enklare transport

Avstanden frå Flatåker og Mauredokki til Tuva var om lag 20 km, og fram til byrjinga av 1960-talet brukte dei hest sumar som vinter. Aileen Flataaker minnest då dei vart kvitt jernbeslaga på kjerrehjula i 50-åra: ”Med gummihjul ble det for første gang mulig å få med seg eggene til fjells uten at hvitte og plomme ristet sammen underveis. Endelig fikk vi skikkelige speilegg i fjellet også!"[1]

I 1952 vart det bygd bilveg frå bygda og fram til Brennbu, om lag to km aust for Tuva. Vegen vart ført heilt fram til turisthytta og stølen frå byrjinga av 1960-talet. Sigurd Fossgård, som hadde køyrt kombinert buss- og mjølkerute mellom Geilo og Fjellset, truleg frå før andre verdskrigen, forlenga no ruta til Tuva. Det forenkla varehentinga for vertskapet, og opna for større fleksibilitet for gjestane. I 1964 kjøpte Olav og Laila eigen bil.

Transporten vinterstid var ofte strevsam. Det vart mange tunge sledelass for hest og folk både frå Flatåker og opp dei bratte bakkane forbi Verpestølen frå Ustaoset. På 1920- og 30-talet hadde Olav køyrerein som kunne brukast til lettare frakt med pulk. På flatmark kunne dei også ta turistar med på tur. Reinen kunne brukast også når vêr og føre var dårlig. Eit år med mykje mildvêr etter påske måtte Olav og hesten vere igjen på Tuva for å vente på skareføre. Ei kald natt la dei i veg, men etter to km byrja hesten å søkke og trugene sette seg fast for kvart steg. Etter 19 timars kamp var hest og mann endeleg nede i bygda. Det året, 1964, kjøpte Flatåker snøskuter.

Tredje generasjon moderniserer på 1970-talet

Aileen Flataaker og mannen Peter Schindewolf overtok turisthytta i 1975. Den gongen var det ikkje straum, og vatn berre for sumarbruk. På vinteren måtte dei grave seg ned til eit oppkomme 80 meter frå hytta. I 1977 bora dei etter vatn og installerte straumaggregat. Det gjorde både kvardagen og vidare modernisering av hytta enklare. Eit tilbygg sto ferdig i 1979, og i 2018 har dei 20 sengeplassar og 20 sovesalsplassar.

Fjerde generasjon frå 2017

Hundreårsjubileet til Tuva vart feira 25. juli 2015, 40 år etter at Aileen og Peter tok over drifta. Til jubileet inviterte vertskapet til festmiddag som var open for alle. På dagen vart det òg arrangert guida fottur og hesteskyss til Tuva. Vertskapet kunne dessutan by på ei rykande fersk jubileumsbok.

Til vinterferien 2017 tok fjerde generasjon, Mailiza Flataaker Schindewolf og mannen Sigbjørn Leirflåt, over drifta ved Tuva. Dei har mellom anna fått lagt inn internett, noko som gjer booking og betaling enklare.

I samband med NRK-produksjonen Monsen minutt for minutt kom Lars Monsen med følgje til Tuva 15. juli 2018. Programmet Sommeråpent vart sendt frå turisthytta 14. og 15. juli.

Fotnotar

  1. Lauritzen, s. 69

Kjelder og litteratur