Tynes Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tynes Møbelfabrikk var ein møbelprodusent i Sykkylven, etablert av Bernhard R. Tynes i 1927. Det var på eit vis Bernhard Tynes som drog i gang kjeda av etableringar i møbelindustrien i Sykkylven i mellomkrigstida. I 1927 kom han i gang med produksjon av soveroms- og spisestovemøblar i kjellaren heime på Tjønes. Allereie då var Bernhard godt inne i trevarefabrikasjonens finesser. Si første røynsle på det feltet fekk han då han som tolvåring fekk låne dreiebenken til faren. Han starta opp med å lage små kåpeknappar til lokale sydamer. Året etter tilverka han skistavar av bambus. Bambusrøra kjøpte han av naboen, Andreas Riksheim, som dreiv som korgmakar.

Namn frå litteraturen

Bernhard var ei stund inne på tanken om å emigrere til USA. Han var godt orientert om tilhøva i Statane. Foreldra hans gifte seg der borte, og broren Jens hadde budd i Amerika i 11 år. Bernhard Tynes høyrde på råd om å satse på ei framtid i heimlandet. Han reiste til snikkarskulen i Molde hausten 1926, og var der i eitt år før han kom attende og byrja som møbelfabrikant.

Bedrifta ekspanderte raskt ut av kjellarnivået. I 1930 fekk han ei tomt av far sin nede på neset. På den førte Bernhard opp eit trehus med ei grunnvidd på 9 x 25 meter i to etasjar. Han laga og til eit kaianlegg. I nybygget fekk B.R. Tynes betre plass til maskinparken, som dels var laga av P.K. Thoresen og dels var sjølvlaga.

Tynes Møbelfabrikk markerte seg som produsent av tunge stilfulle matstove- og soveromsmøblar. Bernhard gav sjølv møblane form. Eit varemerke for bedrifta i trettiåra var dei utskorne spisestovemøblane med namn frå norsk litteratur: Peer Gynt, Synnøve Solbakken og Terje Vigen. Daniel Hagerup var ein av fleire treskjerarar bedrifta knytte til seg.

Allsidig leiar

I 1934 laut fabrikklokala utvidast, og dei vart då bygde ut i alle retningar. På dette stadiet hadde verksemda om lag 50 tilsette. Bernhard R. Tynes hadde eit svært vidt verkeområde. Ved sida av å drive stor møbelfabrikk var han byggeentreprenør og grossist i trelast. Nokre år før krigen kjøpte han ein kombinert isbrytar og fraktebåt. Denne gjekk kvar veke to turar til Åndalsnes fullasta med møblar. Også på dette området var B.R. Tynes ein føregangsmann. Jarnes-brørne hadde eit tilsvarande tilbod, men det var først etter krigen at dei gav heilårs frakt. Utover alle desse engasjementa var B.R. Tynes bedrifta sin fremste salsmann, han var produktutviklar, innkjøpssjef og eineansvarleg for administrasjonen.

Verkelysta til B.R. Tynes vart sterkt hemma av råvareskorten dei siste krigsåra. Bemanninga ved bedrifta, som før krigen hadde vore 100, var minka til 20 då krigen slutta.

Eksport til Arabia

I 1947 kjøpte B.R. Tynes ein fabrikk på Hamar. Der vart det mellom anna produsert radiokabinett til Tandberg Radiofabrikk ved Oslo. I 1957 leigde han bort Hamar-verksemda til eit firma i Oslo. Det var vanskeleg å skaffe bustader til arbeidarane i stiftsbyen. Elles fann Tynes det tungvint å ha gåande produksjon i to skilde landslutar. Då fabrikken på Hamar var på det mest aktive midt i femtiåra, hadde han 60 tilsette. I 1955 var det 57 tilsette ved fabrikken på Tjønes.

Fabrikken vart råka av ein omfattande brann i 1962. Då forsvann verdfulle teikningar, og maskiner vart øydelagde. Bedriftseigaren gjekk likevel på med krum hals sjølv om mange av nøkkelarbeidarane slutta etter det leie avbrekket.

Produkta frå Tynes Møbelfabrikk var alltid assosierte med tyngd og kvalitet. Bedrifta retta seg inn mot andre- og tredjegongs kjøparar av møblar, etablerte og kjøpesterke kundar som vurderte utføring og form før dei vurderte pris. Mange norske ambassadar hadde salongar frå Tynes Møbelfabrikk. Verksemda hadde jamvel ein leveranse til ein saudi-arabisk prins i sekstiåra. Alfred Strømme var utsending frå bedrifta for å montere møblane i det arabiske slottet i Riyadh.

Bedrifta avvikla

Bernhard R. Tynes var i full aktivitet som bedriftsleiar då han brått fall frå under ei reise til Trondheim i desember 1988. Kort tid i førevegen var bedrifta omdanna til eit aksjeselskap, og anlegget hadde også vore igjennom ei større bygningsmessig utviding. Sonen, Borgar Tynes, vart ny leiar av verksemda då B.R. Tynes døydde.

Etter nokre år selde Tynes-familien bedrifta til Pedro Møbler i Stordal. Pedro vart snart kjøpt opp av Hjellegjerde som tok med seg nokre av modellane til Tynes i sin kolleksjon. Like etter tusenårsskiftet kjøpte Sykkylven kommune fabrikkbygget og hadde då planar om å leige ut delar av bygget til bedrifter og nyetablerarar. Det viste seg vanskeleg å få lønsam drift i lokala og etter nokre år vart bygget selt til kjøpmann Kåre Atle Vangen som per 2018 leiger ut bygget til produksjons-, kontor- og lagerføremål.

Kjelde