Uggdal kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Uggdal kyrkje omlag 1910. Kjelde: Olav Skjellevik, Tysnes.

Uggdal kyrkje i Tysnes kommune i Sunnhordland stod ferdig i 1876, etter teikningar av kyrkjebyggjar O. Vangberg med Os kyrkje som mønster. Det er ei langskipa trekyrkje med plass til 650 personar. Kring 1900 vart det gjort eit større reparasjonsarbeid på tårnet. Også seinare har kyrkja vore gjenstand for større reparasjonsarbeid, såleis i samband med 75 års-jubileet i 1951 og 100 års-jubileet i 1976.

Uggdal, tidlegare Opdal, har vore kyrkjestad sidan tidleg mellomalder. Den noverande kyrkja er såleis den siste av fleire kyrkjer som har stått i bygda.

Dei eldste kyrkjene

I eit dokument frå 1288 vert det nemnd at det fanst ei kyrkje i Opdal, ei såkalla papirkyrkje.

Men først i 1630-åra veit me noko sikkert om kyrkjebygg i bygda. Det vart då bygd ei kyrkje etter bestilling frå Jens Juel, som var statthaldar i Noreg 1618-1629 og slottsherre i Bergenhus 1630. Kyrkja vart oppført i tømmer. I ei synfaring frå 1721 heiter det at skipet var 27 alner langt og 16 alner breitt, medan koret var 13 alner langt og 12 alner breitt. Kyrkjebygget var truleg orientert med koret i aust, på vanleg måte. Det var óg eit våpenhus som ein ikkje veit måla på.

Våren 1721 vart kyrkja sterkt skadd i ein storm. Endå verre var det i 1774, då kyrkja vart råka av eit lynnedslag som gjorde stor skade. Det var så voldsamt at folka på nabogarden trudde det var domedag. Etter som tida gjekk kom den eine reparasjonen etter den andre. Det ser ikkje ut for at nokon av dei forskjellige kyrkjeeigarane var viljuge til å kosta på ein hovudreparasjon på kyrkja. Etter kvart vart tilhøva så ille at ein diskusjon om bygging av ei ny kyrkje kom opp på slutten av 1860-talet.

Den gamle kyrkja i Uggdal låg om lag der ein finn den noverande kyrkjegarden. Johannes Heggland siterer[1] den norskamerikanske predikanten og forfattaren Ingebrigt Larsen Lilleheie, som skriv[2] at kyrkja såg ut som ho stamma frå katolsk tid. Heggland tenkjer seg at kyrkja såleis kan vera eldre enn den gamle kyrkja på Tysneset, og at ho kanskje var bygd før reformasjonen. Ingebrigt Larsen Lillehei fortel frå sin barndom at kyrkja var tjørebreidd så mange gonger at ho hadde vorte svart som bek. Vindauga var små, med rutene innsett i blyrammer. Det var luker for vindauga, som vart opna og lukka frå innsida med eit tau. Midt i kyrkja hang eit lite orlogsskip, som i dag er på Bergen Museum. På tømmerveggene i koret var det måla bilete av apostlane frå golv til tak. Under bileta var veggene rosemåla, og på bjelkane var måla ein skriftsstad frå Matteus-evangeliet.

Noko av inventaret frå den gamle Uggdalskyrkja er bevart, såleis ein del gjenstandar som kom til frå 1700-talet. Den største klokka stammar truleg frå mellomalderen. Klokka vart omstøypt i 1837 og er framleis i bruk. Av størst interesse kan nemnast to prosesjonsstenger, truleg frå 1400-talet, og eit praktfullt altarskap som truleg stammar frå kring 1500 og kan vera laga i Lübeck. Både prosesjonsstengene og altarskapet er i dag på Bergen Museum.

Den noverande kyrkja

Uggdal kyrkje, mot aust. Kjelde: Lokalhistorisk arkiv i Tysnes

I samband med 100 års-markeringa i 1976 vart kyrkja pussa opp under leiing av konservator Odd Høss. Kyrkja vart måla opp att i ei beige hovudfarge, eldre omnar og loddpiper vart fjerna, himlingen vart panelt og det vart montert høgtalaranlegg.

Det er glasmåleri i vindauga i koret, laga av Borgar Hauglid 1967, usignert, konsentrert om vindauget i midten. Hauglid har også måla det rundboga biletfeltet på altartavla. Interiøret er stort sett av nyare dato, mykje av det gjeve som gåver frå lokale lag og einskildpersonar. Det finst noko eldre inventar og gjenstandar frå den eldre kyrkja, såeis to altarstakar av messing frå 1600-talet. Dåpsfatet av tinn er signert B.G. (Bernt Grønning) 1789. Det finst også ei altarbok frå 1688 og ein bibel frå 1782. Kyrkjeklokka er truleg frå mellomalderen og har innrissa årstalet 1837. Orgelet er det same som vart montert i 1915.

Galleri

Referansar

  1. Tysnes, det gamle Njardarlog band 2 s.371, 1975.
  2. Knut Rage: Mindernes bok s. 16

Kjelder og litteratur

  • Johannes Heggland: Tysnes, det gamle Njardarlog, band I og II. Utg. Tysnes sogelag, 1963 og 1975.
  • Ingebrigt Larsen Lillehei: Mindernes bok. Minneapolis, 1939.
  • Knut Rage: Mindernes bok - soga om Ingebrigt Larsen Lillehei. Setesdalsforlaget, 1999.
  • Norges kirker. Hordalaland, bind 2. Gyldendal, 2000.