Ullaholm M-48-H LKHT (1935)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ullaholm
Ullaholm1.JPG
Registeringsnummer M-48-H
Egennavn: Ullaholm
Båttype Skøyte
Lengde 68,4 fot
Største bredde 18,9 fot
Byggeår 1935
Båtbygger: Ringens Varv - Marstrand - Sverige
Framdriftsmidler: Motor
Motortype Caterpillar
Lagstilhørighet andre: Ullaholm Båtklubb
Nåværende eier: Ullaholm Båtklubb


Byggeverft: Ringens Varv, Marstrand, Sverige, 1935, Eikehud på eikespant med furu dekk, overbygg i stål og aluminium, LOA 20.84 meter, Breidde 5,75 meter, BRT: 64.40 NRT: 34.06, Kallesignal: LKHT Radar Furuno M-1944C 6 kw, Kartmaskin Furuno NavNet MFD-BB, Satelittkompass Furuno SC-30, AIS Furuno FA-150 og Ekkolodd Furuno LS-4100, Autopilot Furuno NavPilot 500, VHF stasjonær Icom M 411, VHF Bærbar 6 stk Horizon vasstett flytande, Dolphin intelligent batteriladar 50 Ah.Caterpillar D 353 425 hk frå 1972, Honda EU2000 generator, Pyro sentralvarmekjel, 2 stk Sinus inverterar 24 - 230volt 400w + 1000w, 2x 1000 liter diesel, 1 x 1000 liter vatn, 50 liter sept. Jabsco trykkvatn og sjøvasspumpe,TMC septiktank og TMC tømmepumpe.

Nye elektriske tavler 1 stk 24 volt, 1 stk 12 volt 1 stk 230 volt i 2011. 24 volt er reléstyrt med fjernstyring frå brua. 230 volt tavle har 3 input (land, inverter og generator), samt to modus, sjø eller land. Den originale hovudstrømstavla frå 1972 er behalden. 2x250 amp/t Forbruksbatteri 2x170 amp startbatteri, og 1 stk 12 volt radio/nødbatteri. Mascot 24 til 12 volt automatladar.

Båten vart levert i 1935 frå Ringens Båtvarv i Marstrand med namnet «GIPSY LOVE» til The Marstrand Fishing Co Ltd i Grimsby. Mest truleg eigde motorleverandøren Bolinder-Munktell AB i Eskilstuna ein del eller heile rederiet, for den 24 oktober 1938 sel Bolinder Co Ltd, London, båten til Felix Mally, Eskilstuna. Han sel den vidare den 5 november 1938 til partsrederiet Rickard Eliasson på Öckerö i Göteborgs nordre skjergard for 35.000 kroner. Dette rederiet står som eigar frå 1938-1941 ifølgje www.fiskebatar.se. i perioda 1935-1938 er det på same webside oppført at båten var i England. Båten hadde allereie då namnet Zenit.

Rickard Eliasson er etter det vi forstår identisk med mannen «Ernst Bremer» som er kjend som ein av Sveriges største smuglarar. Han var ein halden mann, og villaen som han eigde i Öckerö, nærare bestemt Kalvsund, er i dag museum og blir kalla Bremerska Villan eller Smuglarvillan.

Båten hadde svensk reg.nr 8309. Den første motoren var en 100 hk Bolinder tennkulemotor, 1 cyl, 2-t, som vart bytta ut i 1939 mot en 150 hk Bolinder, 2 cyl, 2-t. Båten fekk svensk fiskeriregisternummer GG 63.

Då andre verdskrigen braut ut, vart båten overteken av den tyske krigsmarinen ved Nordmeer Studien- & Reederei Gesellschaft i Leipzig. Båten vart overført i 1945 til kontoret for fiendtleg eigedom i Oslo og i 1948 overtatt av Sjødirektoratets avviklingskontor. Under 2. verdskrigen fungerte båten blant anna som isbrytar i Narvik.

I 1949 vart båten seld til Johan og Georg Hansen i Åkrehamn og omdøypt til «Spannholm» R-376-A. Båten fekk då sett inn ein 180 hk Alpha motor.

I desember 1950 kjøpte Tomren-karane båten og avløyste den førre «Ullaholm». Båten fekk namnet «Ullaholm» og registreringsnummer M-48-H. I 1960 var eigarforholda slik: Petter Tomren (4/5) og Hans Tomren (1/5). I 1969 eigde Magnus og Hans Tomren «Ullaholm» i lag. I 1972 fekk båten ei betydeleg oppgradering, ny Caterpillar maskin med 425 HK vart installert og nytt overbygg i aluminium vart sett på. Radiostasjonen på båten fekk kallesignal LKHT.

Båten vart kondemnert i 1989 men erklært verneverdig og overtatt av Ishavsmuseet Aarvak, Ulstein og Hareid Dykkerklubb stod for drift og vedlikehald av båten. Vinteren 2002 vart skuta skadd i ein brann i akterlugaren med påfølgjande sot- og røykskadar i maskinrom, bysse og styrhus. Forsikringa vart utbetalt til Ulstein Og Hareid Dykkerklubb.

Ullaholm Båtklubb kjøpte skuta frå forsikringselskapet med tanke på å restaurere skuta og ta vare på henne for framtida. Ullaholm Båtklubb har no gjort eit omfattande restaureringsarbeid, og båten er i stadig bruk på klubbturar langs kysten.

Eksterne lenkjer