Utistog (Bykle gnr 14/2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Utistog
Byklum 022.jpg
Tveitvodd, Utistog, og Bykle skule 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Utistog Byklum
Rydda: omkr. 1650
Utskilt: 1665
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Kommune: Bykle
Fylke: Aust-Agder
Gnr.: 14
Bnr: 2
Type: Gardsbruk
Utistog 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes

UtistogByklum i Bykle kommune ligg i dag på vestsida av Innistog og i breidd med dette.

Den gamle gards- og ættesoga (111) har ikkje kjennskap til nokon oppsitjar på dette bruket fyrr innpå 1700-talet, men det er likevel all grunn til å tru at dette bruket er like gamalt som Innistog og Austistog, og vart etablert som eiga eining samstundes med desse. Dette var på den tid då åsmundssønene dela garden, meiner me, og vidare meiner me at den fyrste som sat på bruket her var Folke Åsmundsson.

Nå les me i den nemnde boka ( 117) at Folke budde i Austistog Byklum, åtte det bruket og hadde sønene Tarjei og Jon, som sidan sat der. Vel har me funne ein Tarjei og ein Jon med farsnamnet Folkesson i Austistog, men etter dei kjeldestadene der me har sett dei omtala, var desse søner åt Folke Tarjeisson Dale, og altså ikkje åt Folke Åsmundsson Byklum. Korleis dei hamna i Austistog kjem me attende til under det bruket, men namna på sønene gjev då ingen grunn til å plassere Folke Åsmundsson i Austistog, og fordelinga av familiane på dei ulike bruka i ettertida tyder på at han ikkje var der. I Innistog eller Uppistog var han heller ikkje, og då lyt han mest ha hatt Utistog.

Vallesoga ymtar forsiktig om at Folke Åsmundsson Byklum kunne vera identisk med Folke Åsmundsson i Nordstog Berg (Valle III, 372), men dette vert berre presentert som eit «framlegg», og altså ikkje rekna for nåme nære sikkert. Men framlegget tykkjest å ha meir fyre seg enn Alfred Ryningen torer tilleggje det. For det fyrste hadde Folke Åsmundsson Berg heilt sikkert ein son som heitte Kjetil, og for det andre er det like sikkert at denne Kjetil-en budde i Byklum. Når nå også skattelistene viser klårt at Kjetil Folkesson overtok eigedomen i Byklum etter Folke Åsmundsson noko fyre 1660, manntala frå 1660-åra heimfester han sikkert her for oss då, og ei rettssak frå 1673 viser at han framleis var her det året, skulle det vera temmeleg støtt grunngjeve at det må dreie seg om dei same folka ( jfr Valle III, 371, 512). Me stiller då opp eit familieoversyn i samsvar med det Vallesoga vidare har å fortelje:

  • Folke Åsmundsson Byklum, f ca 1606, d etter 1670
g m N N Tallaksdotter Berg (?). Born, iallfall:
  • Kjetil, f ca 1626-1632, d ca 1683, g m Gunhild Augundsdotter Homme, sjå nedanfor
  • Olav, f ca 1638, n 1664, lagnad ukj.
  • Åsmund, f ca 1643, d 1722, sjå Valle III, 405

Når Vallesoga (III, 404) melder at Folke Åsmundsson var gift med ei dotter åt Tallak Bjugsson Berg, vert det sagt å vera ei gjeting, som byggjer på at det elles ville vera vrangt å forklare korleis han hadde fått hand om eigedomen i Berg, men denne gjetinga tykkjest då rimeleg nok. Iallfall åtte Folke 14 kalveskinn i Berg på 1660-talet, og er siste venda oppførd som eigar der i 1670. Sameleis fører 1670-jordeboka han opp som eigar av 14 1/2 kalveskinn i Byklum, jamvel om landskattelistene viser at sonen Kjetil hadde overteke eigedomen alt fyre 1659. Me vil då rekne med at denne byklumeigedomen åt Folke i praksis var overlaten til sonen, men at det ikkje vart formalisert så lenge faren livde, og på denne bakgrunnen har me då skrive at han døydde «etter 1670».

Kjetil Folkesson overtok som nemnt farens eigedom i Byklum mot slutten av 1650-talet. Men ettersom det er kjeldene frå Valle som har mest å fortelje om han, torer me vel tru at han mykje av tida heldt til i Nordstog Berg, iallfall var han der dei siste åra han livde. Men på 1660-talet var han i Byklum, og me set opp det omtrentlege fødselsåret hans etter dei sprikjande aldersoppgåvene i manntala frå 1665-1666. Ettersom far hans var frå Byklum, og han sjølv no og da budde her, kallar me han Byklum:

  • Kjetil Folkesson Byklum, f ca 1626-32, d ca 1683
g m Gunhild Augundsdtr. Homme, f ca 1660, d 1740. Born, iallfall:
  • Anne, n 1698, g m Gunnar Torleivsson Åmli, sjå Åmli i Valle, bnr 9
  • Torbjørg, n 1691, g m Dreng Bjørnsson Brottveit, sjå Brottveit i Valle, bnr 1

Augund Jonsson Homme og kona, Gyro Kjetilsdotter, fødd Rike, var foreldra til Gunhild. Døtrene åt Kjetil budde i Valle, så me nøyer oss med å syne til Vallesoga for det som elles er kjent om dei.

Kjetil sjølv kom av dage etter at Olav Torleivsson Åkre knivstakk han i eit barnsøl i Systog Berg, det var anten i 1682 eller 1683. Olav hadde visst bruka kniven i naudverje avdi Kjetil heldt på å kvirkje han, men drapsmannen laut likevel gjeva både erstatning og bot, går det fram av tingboka (jfr Valle III 390, 373).

Då ætlingane av Folke hamna i Valle, vart det til at Tarjei Knutsson, son åt Knut Åsmundsson i Austistog, kom til å taka over i Utistog. Han hadde då i ei årrekkje sete i Uppistog, men tykkjest ha flutt hit ein gong i andre halvparten av 1680-åra.

  • Tarjei Knutsson Byklum, f ca 1632-38, d etter 1711, fyre 1718
g m Margit Øyulvsdtr. Sagneskar, f ca 1631, d 1723. Born, iallfall:
  • Åvold, f ca 1678, g m Ingebjørg Knutsdtr. Gjerden, sjå nedanfor

Eit brev frå 1718 fortel at Margit var dotter åt Øyulv Torgrimsson i Sagneskar, bnr 1, og kona, Tone Olsdotter, fødd Jore, og at Margit hadde vore gift med den avlidne Tarjei Knutsson Byklum. Det er såleis uråd å få det til å stemme, det ein kan lesa i den gamle gards- og ættesoga (111), at oppsitjaren i Utistog og mannen åt Margit Øyulvsdotter var Tarjei Åvoldsson Gjerden (jfr. Valle IV, 483f). Derimot ser det ut til at Tarjei Knutsson og Margit Øyulvsdotter hadde ein son som heitte Åvold. Kva for grunn dei kan ha hatt til å velje det namnet, har me ikkje funne ut, men då enka Margit Øyulvsdotter vart gravlagd frå Byklum i 1723, skreiv presten i kyrkjeboka at ho var «Ovild Targiesens moder», og me har ingen grunn til å draga det i tvil.

Tarjei Knutsson tykkjest ha kome i økonomiske vanskar. Mellom anna ser me at han i 1690 vart dømd til å yte 2 riksdalar til enka etter presten Søren Nilssøn, og etter dette året er han berre oppførd med ein eigardel i bruket sitt på 3 kalveskinn.

Han som åtte og bruka resten var Tallak Olavsson frå Innistog. Me veit at han var gift, men utover det har me omtrent ikkje funne han omtala. Ettersom han ikkje er nemnd mellom ervingane etter faren i 1711, og heller ikkje vart kravd for skoskatten det året, lyt han ha vore død då.

  • Tallak Olavsson Byklum, f ca 1666, d fyre 1711
g 1702 m Gro Olavsdtr., f ca 1662(?), d 1747. Born:
  • (?)Olav, sjå Torsbu, gnr 13, bnr 4

Då Tallak og Gro gifte seg i 1702, laut dei løyse kongebrev avdi dei var tremenningar, og skal då truleg ha hatt anten ein sams oldefar eller ei sams oldemor. Korleis dette nærare heng i hop, har me visst ikkje virke til å finne ut. I fylgje kyrkjeboka var Gro 85 år då ho døydde. Me set opp fødselsåret hennes etter dette, men hengjer på eit lite spørjeteikn avdi aldersoppgåvene ved dødsfall ofte er slumpesame.

Om det var born i dette ekteskapet, er me også litt usikre på, men iallfall var det ein Olav Tallaksson Byklum i Torsbu frå 1729 og eit par år frametter, og me veit ikkje andre foreldre å gjeva han.

Etter at Tallak Olavsson og Tarjei Knutsson båe var borte, ser det ut til at ovannemnde Åvold Tarjeisson overtok heile bruket.

  • Åvold Tarjeisson Byklum, f ca 1678, d 1731
g m Ingebjørg Knutsdtr. Gjerden, f ca 1690, d 1750. Born, iallfall:
  • Tarjei, f ca 1710, d 1719
  • Gyro, f ca 1712, g 1736 m Knut Drengsson Nomeland, sjå Valle III, 664
  • Margit, f 1715, g 1754 m Olav Ånundsson Mosdøl, sjå Hisdal
  • Tore, f 1720, d 1720
  • Tarjei, f 1722, g 1753 m Birgit Eivindsdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Tore, f 1724, d 1785, ug
  • Knut, f 1731, d fyre 1775, ug

Ingebjørg Knutsdotter var frå Nordstog Gjerden. Foreldra hennes var Knut Åvoldsson Gjerden og kona, Torbjørg Olavsdtr. I 1723 skal Åvold ha sete med 8 kalveskinn i bruket. Resten hadde Tarjei Augundsson Gjerden som tilleggsjord, ser det ut til. Men då skiftet etter Åvold vart slutta i 1740, det var 9 år etter at han døydde, var det att berre 1 3/16 kalveskinn. 4 13/16 kalveskinn hadde kaupmann Ole Mørck i Kristiansand slege til seg i 1739, etter å ha venta til fånyttes på pengane sine sidan Åvold døydde i 1731.

I 1729 hadde Åvold også pantsett slåttene Kvæven og Gilshegni og ein part i Skarekilstøylen til Svein Knutsson Hoslemo for 41 riksdalar.

Buet etter Åvold var i det heile meir enn magert. Der var eit par kyr, 2 geiter og 3 sauer. Bruttoverdet var 24 riksdalar, men gjelda var meir enn 60, så her var det godt og vel fallitt. Likevel fekk eldstesonen halde fram med å bruke dei 8 skinna i garden faren hadde hatt, så han må vel ha fått til ei bruksavtale med Ole Mørck og dei som elles hadde pengar til gode.

  • Tarjei Åvoldsson Byklum, f 1722, d 1806
g 1753 m Birgit Eivindsdtr. Stavenes, f 1729, d 1763. Born:
  • Ingebjørg, f 1754, d 1755
  • Åvold, f 1756, g 1792 m Åse Tarjeisdtr. Berdalen, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1759, d 1797, ug
  • Ingebjørg, f 1762, g 1789 m Ånund Pålsson Stavenes, sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5

Birgit Eivindsdotter var frå Utistog Stavenes. Foreldra hennes var Eivind Olavsson Byklum og kona, Hæge Gunnarsdotter, fødd Bjørnarå.

Birgit døydde i 1763. Skiftet etter henne vart slutta same året, og viser at ho og Tarjei då åtte 6 kalveskinn i garden. Buskapen var 5 kyr, 2 kviger, 2 kalvar, 10 sauer, 6 geiter og ein bukk. Det samle verdet i buet var 110 riksdalar, medan gjelda var på 64. Året etter fekk Tarjei låne 125 riksdalar hjå Olav Sveinsson i Uppigard Hoslemo mot pant i nokre heieslåtter.

Me vil tru at han har leigd dei 5 skinna i bruket som han ikkje åtte, for han var åleine oppsitjar det meste av tida, bortsett frå eit par år kring år 1800. I fylgje jordtakstkommisjonen i 1802 skulle garden vera verd 320 riksdalar, det var ørlite meir enn Innistog. Normalt skulle han greie å fø ein hest, 9-10 kyr og i alt 30 sauer og geiter. Med ein slik kreturavl burde det normalt verta eit salsoverskot på 37-38 dalar i året, slik at det skulle vera nokre dalarar til overs når det som trongst av korn var innkaupt. På desse siste punkta vart då Utistog og Innistog vurderte som heilt likeverdige.

Eldsteson åt Tarjei vart neste oppsitjar. Han fekk ikkje tinglyst skøyte hjå faren fyrr i 1804, men i folketeljinga frå 1801 er han oppførd som gardmann, medan faren då figurerer som foddogsmann, så me vil tru at den praktiske overdraginga hadde funne stad fyre dei fekk tinglyst noko brev om det, kanskje helst kring den tida då sonen gifte seg.

  • Åvold Tarjeisson Byklum, f 1756, d 1807
g 1792 m Åse Tarjeisdtr. Berdalen. f 1763, d 1807. Born:
  • Tarjei, f 1793, g 1821 m Torbjørg Knutsdtr. Gjerden, sjå nedanfor
  • Knut, f 1796, d (12.9.)1801
  • Birgit, f 1799, d (12.9.)1801
  • Birgit, f 1801, d 1803
  • Knut, f 1804, g 1836 m Gro Arnesdtr. Berdalen, sjå Juvet, gnr 14, bnr 4
  • Birgit, f 1806, d 1806

Åse Tarjeisdotter var frå Berdalen Der uppe. Foreldra hennes var Tarjei Åsmundsson Espetveit på det bruket og kona, Kari Arnesdotter, fødd Berdalen.

Når ein ser at to av borna er oppførde med same gravferdsdatoen, ligg det nær å tenkje på ei ulukke eller smittsam sjukdom. Men kyrkjeboka har ingen merknad om noko slikt.

I 1801 var her tre tenarar på bruket hjå Åvold og Åse. Dei to fyrste var noko så sjeldant som eit gift tenarpar. Dei heitte Kjetil Knutsson og Ingebjørg Olavsdotter, han var 50 år og ho 40, står det. Kjetil var son åt Knut Mikkelsson Mosdøl i Maurlii og Astrid Bjørgulvsdotter Breive.

  • Kjetil Knutsson Byklum, f 1750, d 1830
g 1799 m Ingebjørg Olavsdtr. Gjerden, f 1764, d 1808, ikkje born.

Ingebjørg var fødd på Vodden Nesland som dotter åt Olav Olavsson Gjerden og kona, Gunhild Tarjeisdotter Nesland. På den tid ho gifte seg budde foreldra hennes i Nordstog Gjerden. Ho vart gravlagd frå Gjerden, og truleg har ho og Kjetil i tida etter at Åvold Tarjeisson døydde i 1807, vore busetar hjå bror hennes i Nordstog. Kjetil Knutsson vart gravlagd frå Byklum. Han var då fatiglem, står det.

Den tredje tenaren her i 1801 var ei 30 år gamal jente som heitte Margit Tarjeisdotter. Ho var fødd i Vinje, og far hennes var Tarjei Vetlesson Edland, som hadde døytt i Breive i 1800. Margit døydde i Vinje, og vart gravlagd der 2.6.1804.

I 1801 var her også ein familie til i Utistog. Det var Knut Asbjørnsson Stavenes, Ingebjørg Pålsdotter, kona hans, og borna deira. Ettersom Knut er oppskriven som «bonde og gaardbeboer» i Byklum i folketeljinga, vil me tru at han var eigar av dei 4 5/8 skinna i bruket som Åvold Tarjeisson ikkje åtte. Men alt i 1802 overtok han Berdalen Der nede, og flutte dit med folket sitt, og me har valt å omtale dei nærare der.

Åvold Tarjeisson er oppførd som eigar av 10 5/8 skinn i garden i 1802, så han må ha overteke parten av Knut, då han flutte ifrå. Men så døydde Åvold sumaren 1807, berre 52 år gamal, og nokre månader seinare for Åse også, ho vart berre 40. Dei to sønene, Tarjei og Knut, ervde bruket i fellesskap, Tarjei var då 13 år, Knut berre snaue 3. Dei to gutane flutte truleg til farsystera Ingebjørg og mannen hennes i Utistog Stavenes, og budde der til dei vart vaksne.

Han som bruka eigedomen medan Tarjei og Knut vaks opp, var Olav Jonsson Tveiten, som me har omtala nærare i bolken om Nordtveiti. Hit til Utistog kom han truleg frå Attistog Gjerden, der me finn han i folketeljinga frå 1801. Han svara skatt for bruken av 11 skinn i Byklum i åra frå 1807 til 1815. Men i 1816 ser me at han hadde fått avløysing av Knut Tarjeisson, ein son åt Tarjei Mikkelsson Mosdøl i Lunden og kona, Torbjørg Bjørgulvsdotter.

  • Knut Tarjeisson Mosdøl, f 1768, d 1834
g 1798 m Gro Snæresdtr. Ryningen, f 1761, d 1842. Born:
  • Torbjørg, f 1798, g 1821 m Tarjei Åvoldsson Byklum, sjå nedanfor
  • Margit, f 1801, d 1803
  • Tarjei, f 1803, d 1803

Foreldra åt Gro var Snære Arnesson Rysstad i Ryningen, og kona, Margit Salmundsdotter, fødd Breive. Fyrste året Knut og Gro var gifte tykkjest dei ha halde til einkvarstad i Gjerden, sidan var dei bruksfolk hjå foreldra hans i Mosdøl nokre år. Deretter misser me dei av syne inntil dei dukkar opp her på bruket i 1816. I 1821 gifte dotter deira seg med odelsmannen, og sidan vart dei verande her livet ut. Dottera og mannen hennes vart dei neste oppsitjarane.

  • Tarjei Åvoldsson Byklum, f 1793, d 1848
g 1821 m Torbjørg Knutsdtr. Byklum, f 1798, d 1854. Born:
  • Åvold, f 1821, d 1857, ug
  • Åse, f 1823, d 1830
  • Gro, f 1826, g 1847 m Tallak Olavsson Byklum, sjå nedanfor
  • Knut, f 1828, d 1828
  • Knut, f 1830, d 1879, ug
  • Åse, f 1833, d 1850
  • Birgit, f 1836, g 1864 m Torleiv Asbjørnsson Berdalen, sjå Teigen Stavenes, gnr 16, bnr 1
  • Margit, f 1840, d 1842
  • Margit, f 1843, d 1845

I den gamle gards- og ættesoga (110) les me at Tarjei vart kalla «Pukkelen», men om han faktisk var krylryggja, veit me ikkje visst. Men ei anna kjelde fortel likevel meir om korleis han han skilde seg ut. Det var ein son åt sorenskrivar Søegaard i Hornnes, som ein haust for moro skuld fylgde soknepresten på ei reise til Bykle. Då trefte han m.a. Tarjei Åvoldsson, og skreiv om han i ei bok han gav ut 20 år seinare (P[eter]. M[unch]. Søegaard: Fra Fjeldbygderne, Chra. 1868, 67). Av boka går det fram at forfattaren hadde vore student i Kristiania i eitt år, då han var i Bykle, og når så Halvorsens Norsk Forfatter-Lexicon frå 1893 fortel at han tok artium i 1836, kan me vita at den omtala turen gjekk fyre seg i september 1837. Søegaard fortel:

Sitat Presten boede altid paa den tet ved Kirken liggende Gaarden Byklum, som eiedes af Targei Ovilsson, en forstandig og velvillig Mand, paa hvis aandelige Dannelse intet var at udsætte, men desto mer paa hans legemlige; thi han var Dverg, vistnok ikke i den Grad, som disse Tingester, der vise sig frem for Penge, men han var uden alt Forhold i Bygningen; saaledes var Hovedet saa stort og Ansigtet saa mandigt, at det Altsammen uden Skam kunde sidde mellem en Kjæmpes Axler, uagtet Eieren var af høide som en ti Aars Gut. Sitat

Endå han hadde dette fysiske handikappet tykkjest han å ha greidd seg tolleg godt, men gamal vart han ikkje, og berre 2 av dei 9 borna hans fekk etterkomarar.

Ovanfor var me inne på at Tarjei og Knut i si tid overtok garden saman. Utan at me veit noko meir om det, ser det ut til at Tarjei sidan må ha kaupt ut Knut frå hans part. I 1844 fekk han skilt ut plassen Juvet for han. Han fekk ervefestebrev, men det laut han gjeva 233 speciar for, og endå 2 speciar i året i leige, og dette tyder då på at han må ha fått utbetala erveluten sin tidlegare. Juvet vart utstyrt med løpenummer 30 b, sidan fekk det bnr 4, og ei landskyld på 1 ort 6 skill (sidan 0,49 mark), men så lenge bruket heitte plass var det utan landskyld. Me kjem attende til Juvet og dei som budde der noko lenger ut.

Nokre år etter at han sette bort Juvet til broren, selde Tarjei resten av bruket til versonen Tallak Olavsson frå Innistog og Dreng, den eldre bror hans. Dei kaupte kvar sin halvpart og gav 543 speciar kvar. Kvar av partane vart for ei tid eit eige bruk, Tallak hadde lnr 30 a og Dreng lnr 30 c, og båe bruka vart tildela ei skyld på 5 1/2 kalveskinn eller 119 skilling ny skyld. Såvidt me kan skjøne må dette ha vore ei røynleg bruksdeling, med deilder i terrenget. Kort etter at handelen og skylddelingsforretninga var avvikla og tinglyst hausten 1848, døydde Tarjei Åvoldsson. Dreng bruka sin part attåt Innistog, medan Tallak budde her.

  • Tallak Olavsson Byklum, f 1816, d 1857
g 1847 m Gro Tarjeisdtr. Byklum, f 1826, d 1855. Born:
  • Jorunn, f 1848, d 1849
  • Olav, f 1851, lærar, g 1886 m Tone Olavsdtr. Hoftuft, sjå Valle V, 227 f
  • Jorunn, f 1854, d 1854

Då Tallak døydde sumaren 1857, ervde sonen, den 6 år gamle Olav, den halvparten i Utistog faren hadde bruka. Olav vart teken inn i huslyden til farbroren Dreng i Innistog, og vaks opp der. I 1861 kaupte Dreng bruket hans i Utistog for 600 speciar, og sytte for å få det ihopslege i matrikkelen med den halvparten han åtte frå fyrr.

I 1867 overtok den nest eldste av drengssønene «det sammenføiede brug», prisen nå var 300 speciar. I røynda hadde han sikkert teke eigedomen i bruk straks etter at han gifte seg. Iallfall ser me at folketeljinga frå 1865 fører han opp som bruksmann for faren, men to år seinare vart han altså sjølveigar også i namnet:

Utanfor stoga til Dreng og Ingebjørg ca 1938. Mannen med rette klede er Olav J. Hoslemo, bror til Ingebjørg. Så fylgjer Ingebjørg J. Byklum og Dreng T. Byklum. Dei to karane som flankerer dei nemnde er truleg turistar, iallfall er dei uidentifiserte. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Torleiv Drengsson Byklum, f 1841, d 1922, til Amerika 1898, busett Hamre Township, Beltrami County, Minnesota
g 1863 m Anne Hallvardsdtr. Røysland, f 1839, d 1894. Born:
  • Dreng, f 1864, til Amerika 1899, d Bykle 1940, g 1898 m Ingebjørg Jonsdtr. Hoslemo, f 1869, d 1955, sjå nedanfor
  • Hallvard, f 1865, til Amerika 1889, d 1921, g 1900 m Bella, sjå nedanfor
  • Torbjørg, f 1867, til Amerika 1900, d 1953, g m em Tarjei Torjussson Rygnestad, f 1880, d 1967, sjå nedanfor
  • Knut (e.), f 1869, til Amerika 1898, d 1930, g 1905 m Margit, f 1875, sjå nedanfor
  • Gunne, f 1872, d 1925, ug., sjå nedanfor
  • Olav, f 1874, til Amerika 1899, d 1955, sist busett Pennington County, Minnesota, g 1902 m Tore Olavsdtr. Nesland, f 1880, d 1959, born iallfall:
  • Tellef, f 1908
  • Tilda, f 1912
  • Ole, f 1914
  • Tallak, f 1877, d 1880
  • Knut (y.), f 1879, g m e Åsne Olavsdtr. Breive, sjå Solbakken, gnr 1, bnr 15
  • Tallak, f 1891, til Amerika 1904, d 1943, busett Spruce Grove Township, Beltrami County, Minnesota, ug

Foreldra åt Anne Hallvardsdotter heitte Hallvard Knutsson og Gunne Olsdotter. Dei budde i Utigard Røysland, bnr 4 (jfr. Valle VI, 505 f).

I 1865 hadde Torleiv og Anne hest, 8 storfe, 18 sauer og 11 geiter. Dei sådde 3 1/2 tunner bygg og sette 10 tunner jordeple. Ti år seinare vert det oppgjeve at her var hest, 9 kyr, 2 ungdyr og 20 sauer og lam. Sånaden då var 3 tunner bygg og 9 tunner jordeple.

I 1879 kaupte Arne Knutsson Byklum frå Juvet ein parsell av Utistog som vart kalla Lien eller Lii. Dette sjølveigande småbruket fekk bnr 3 og ei landskyld på 1 øre.

I 1883 løyste Torleiv handelsbrev og prøva seg med kråmbu eit bil, me gjet på at det kan ha vore eitt års tid. Men Dreng, eldstesonen, freista sidan på å handle vidare utan handelsbrev. Det gjekk ikkje særleg bra, ettersom det både skaffa han bøter for ulovleg handel og eit år i fengsel for bedrageri (dom 1886).

Den neste viktige hendinga me veit om, er at Torleiv selde Utistog til Tarald Drengsson Mosdøl, klokkaren. Dette var i 1888, og prisen var 4.400 kr. Tarald hadde då budd nokre år på Kultro, som han også åtte, men nå flutte han hit, medan Torleiv Drengsson og huslyden hans fekk flytje til Kultro og vera bruksfolk. I folketeljinga frå 1891 finn me dei såleis der, men då Anne døydde 3 år seinare, heldt dei til i Bjones.

I 1898 reiste Torleiv til Amerika saman med sonen Knut. Hallvard Torleivsson hadde reist i fyrevegen 9 år tidlegare. I 1899 drog brørne Dreng og Olav, og i 1900 fylgde systera Torbjørg. Yngstebroren Tallak var fyrebils att som tenestekar hjå Olav Drengsson i Innistog, men i 1904 reiste han, i fylgje immigrasjonsoppgåva hans i den amerikanske 1910-folketeljinga, etter faren og syskena til Amerika.

Knut Torleivsson (e.) gifte seg i 1905 med ei Margit, som me elles ikkje veit anna om enn at ho var fødd i Noreg ca 1875. Knut og Margit dreiv ein farm i Hamre Township, Beltrami County, Minnesota, og hadde iallfall dei fygjande borna: Gunhild, f 1906; Alf, f 1908; Sigrid, f 1912; Olav, fødselsår ukj., g m Torbjørg Jonsdotter (Rygnestad, sjå Storstein, gnr 17, bnr 3).

Hallvard Torleivsson var, som me var inne på ovanfor, den fyrste av syskena som reiste til Amerika, det var i 1889. I 1900 gifte han seg med Bella, som var fødd av norske foreldre i Nord-Dakota i 1883. Dei busette seg og dreiv farmar i nærleiken av Grygla, Minnesota, i 1910 finn me dei i Benville township, Beltrami County, i 1920 var dei i Hamre Township i same området. Av born hadde dei Thomas, f 1900; Tillie, f 1901; Gullick, tvill. f 1902; John, tvill., f 1902; Mathilda, f 1904; Anna, f 1906; Oscar, f 1908; Emma, f 1911; Helga, f 1912; Harry, f 1916; Ida, f 1918.

Då Hallvard døydde, prenta lokalavisa Grygla Eagle (20.5. 1921) den fylgjande nekrologen:

Sitat Died in the township of Hamre, Beltrami County, on Saturday, May 7th,

Halvor Byklum, aged 56 years. Funeral Services were held last Monday by Rev. Anderson, at their home and the Our Saviour Church, A wife and 11 children are left to mourn his death, which was caused by cancer of the stomach.

The deceased was a man highly thought of by everyone with whom he came into contact, and will be greatly missed in the neighborhood. The sympathy of the entire community is extended to the bereaved family.

Sitat

Torbjørg Torleivsdotter fekk i 1894 ein son som heitte Knut. Faren var Knut Jonsson Hoslemo, som hadde teke ut til Amerika fyre sonen kom til verda. Som nemnt ovanfor reiste Torbjørg etter i 1900, men då ho kom til Minnesota, var Knut Hoslemo gift der med ei som heitte Gjertrud. Det står noko lite meir om Knut Jonsson i bolken om Øystre Haugen, bnr 21. Knut Knutsson fylgde mora til Amerika, der han gifte seg med Gunhild Bjørgulvsdotter Nesland, fødd 1887. Dei hadde iallfall sonen Theodore, f 1919, og dreiv ein farm i Hamre Township, Beltrami County, i grannelaget til Knut og Hallvard, morbrørne hans. Torbjørg, mor hans, gifte seg også i Amerika. Mannen hennes var den 13 år yngre enkemannen Tarjei Torjusson Rygnestad (jfr Valle VI, 318).

Det vart ikkje born i det ekteskapet. Torbjørg døydde i Pennington County, Minnesota, det var i 1953. Tarjei, mannen hennes, døydde same staden i 1967. Knut Knutsson og familien hans let seg ikkje finne att etter 1920, så me gjet på at dei har flutt, kanskje til Kanada, eingong mellom 1920 og 1930.

Dreng Torleivsson gifte seg hausten 1898 med Ingebjørg Jonsdotter, ei syster åt ovannemnde Knut Jonsson Hoslemo. I mars året etter fekk Ingebjørg sonen Jon, far hans var Olav Såvesson Hoftuft. Då Dreng reiste til Amerika året etter dette att, var kona ikkje med. I emigrantprotokollen står det at Dreng var ugift då han tok ut, så då er det vel det han har sagt på politikammeret i Kristiansand. Trass i dette opplyser folketeljinga frå 1900 at Ingebjørg Jonsdotter på den tid var «forsørget af sin mand, som er reist til Amerika».

Mange år seinare kom Dreng heimatt frå Amerika, og tok då oppatt samlivet med Ingebjørg, fyrst ei tid i Bjones og sidan i ei stoge han fekk setje seg opp på Innistogs grunn. Ho sto på nedsida av vegen mellom Samyrkelaget og Listog. Etter det som vert fortalt kom stoga opp i 1934. Men kanskje var ho likevel litt eldre, for 1930-folketeljinga for Minnesota tyder på at Dreng hadde reist heimatt fyre det året. Han døydde som husmann i stoga si i 1940.

Ingebjørg Jonsdotter heldt sidan til der det meste av tida, men på slutten var ho hjå brorsonen Knut på Lyngtveit, der ho døydde våren 1955. (Stoga etter Ingebjørg vart i nyare tid kalla «Jonsestoga», avdi Jonsdottera budde åleine der etter at Dreng døydde i 1940. I dag står dette huset som hytte på Innistogvollen i Høymyr i Byklestøylane.) Jon Olavsson, son åt Ingebjørg, gifte seg i 1920 med Ingebjørg Knutsdotter Bratteland. Desse kan ein lesa om i bolken om Hisdal, bnr 3.

Gunne Torleivsdotter fekk i 1900 dottera Anne. Faren var Olav Steinsson Flateland. Gunne døydde ugift i Steinsstog under Flateland i 1925, men Anne Olavsdotter vaks opp og fekk folk etter seg (sjå Valle VI, 251, 271).

Som me var inne på ovanfor, var det Tarald Mosdøl som kaupte bruket av Torleiv Drengsson Byklum i 1888. Han var frå Nedre Mosdøl. Dreng Hallvardsson Tveiten og kona Gunhild Taraldsdotter, fødd Mosdøl, var foreldra hans.

Ungdomsbilete av Torleiv Drengsson Mosdøl. Det skal vera teke i 1877, då han var ferdig med seminareksamen. Frå Ingebjørg Vegestog.
Tarald D. Mosdøl ca 1903. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Torbjørg O. Mosdøl. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.
  • Tellef Drengsson Mosdøl, f 1859, d 1950
g 1884 m Torbjørg Olavsdtr. Byklum, f 1863, d 1928. Born:
  • Dreng, f 1884, d 1884
  • Gunhild, f 1885, g 1903 m Svein Olsson Rygnestad, sjå nedanfor
  • Dreng, f 1887, d 1889
  • Gunhild, f 1889, g 1910 m Daniel Bjørnsson Harstad, f 1883, sjå Valle IV, 77
  • Dreng, f 1892, d 1892
  • Jorunn, f 1893, g 1913 m Tarald Åsmundsson Åmli, f 1885, sjå Valle III, 475
  • Angjerd, f 1896, g 1914 m Torjus Knutsson Stavenes, sjå Bykle hotell, gnr 14, bnr 11
  • Dreng, f 1898, d 1899
  • Tore, f 1900, g 1920 m Hallvard Torjusson Åmli, f 1895, sjå Valle III, 520
  • Birgit, f 1903, g 1922 m Knut Hallvardsson Trydal, sjå Trydal Der inne, gnr 17, bnr 1

Torbjørg Olavsdotter var frå Innistog. Foreldra hennes var Olav Drengsson (e.) Byklum og kona, Gunhild Knutsdotter, fødd Nesland.

Tarald Drengsson tok seminareksamen i Søgne i 1877, og arbeidde sidan som lærar i Høvåg og Oveinang, til han vart lærar og klokkar i heimbygda i 1879. Han var ein energisk og gåverik mann, som engasjerte seg på nærsagt alle omkverve av samfunnslivet. Han hjelpte folk med juridiske råd når eitkvart viktig skulle skrivast, han var aktivt med i kyrkjelivet og politikken, var ein framifrå talar, og den fremste pådrivaren for at Bykle skulle verta eigen kommune. Han vart difor den fyrste ordføraren, og sto i det ombodet i åra 1902-1910. Då han slutta som ordførar sa fylkesmann John Utheim at «hva George Washington hadde vært for Amerika, det hadde Mosdøl vært for Bykle».

I skulen virka han til 1919, men klokkararbeidet heldt han fram med bortimot så lenge han livde. Han hadde så uvanleg god ei songrøyst, vert det fortalt, og kunne ei mengd med gamle folketonar. Han fekk kongens fortenestemedalje i gull for den offentlege innsatsen sin.

I 1898 sette Tarald opp nytt våningshus på bruket. Det er ein laftebygning med ei grunnflate på 72 m2 i to fulle høgder. I 1900 kom nytt eldhus på plass.

Tarald og Torbjørg sat med bruket her til 1910, då dei tok foddog og overdrog eigedomen til eldste dottera og mannen hennes.

Ungdomsbilete av Svein O. Rygnestad. Frå Setesdalsmuseet.
  • Gunhild Taraldsdtr. (Mosdøl) Rygnestad, f 1885, d 1974
g 1903 m lærar og klokkar Svein Olsson Rygnestad, f 1873, d 1950. Born:
  • Ingebjørg, f 1905, d 1970, ug
  • Torbjørg, f 1907 d 2003, busett Åseral, g m Olav Drengsson Byklum, sjå Innistog, bnr 1
  • Tarald, f 1911, d 1995, g m Birgit Olavsdtr Gjerden, d 1957, sjå nedanfor
  • Gyro, f 1914, d 1914
  • Olav, f 1915, d 1915
  • Olav, f 1918, d 1993, handikappa, hjelpemann på bussen, ug
  • Gyro, f 1923, kokke, busett Kristiansand, ug
  • Ragnhild, f 1929, busett Mosby, g m Torjus O. Nomeland, jfr. Valle III, 659f, born:
  • Olav f 1952, busett Oslo, g hv m Ann Coates
  • Svein, f 1956, g m Elisabeth Gyenese, busett Mosby
  • Margit f 1965, busett Oslo, g m Torbjørn Willoch, busett Asker

Svein Olsson kom frå Nedre Rygnestad, bnr 9. Foreldra hans var Olav Olsson Røysland og andre kona Ingebjørg Kjetilsdotter, fødd Lien.

I 1915 kaupte Svein ein nokså stor teig av Holsskogen, gnr 12, bnr 5, hjå Gunnar O. Holen. Prisen var 1500 kr. Denne teigen, med ei landskyld på 46 øre, vart sidan slegen i hop med Utistog i matrikkelen. Det gjekk også nokre partar ut frå Utistog i oppsitjarperoden til Svein. I 1919 selde han parsellen Lii til Olav Arnesson Byklum for kr 2000. Dette småbruket vart bnr 23 under Byklum, og skyldsett til 1 øre. I 1927 selde han sameleis den gamle husmannsplassen Lisletjønnhaugen under Holen til ein Brynjulf Strandenes. Dette vart bnr 26 under Byklum, med ei skyld på 1 øre, men etter det me får opplyst budde Strandenes aldri der, så Lisletjønnhaugen vart berre ein fritidseigedom. I 1927 gav Svein bort ei tuft til Byklum bedehus. Denne vart aldri matrikulert. I 1929 selde han endeleg eit stykke kalla Storemyr til Torjus K. Stavenes for kr 2000. Dette vart jordbruksareal og beite for Bykle hotell, bnr 11, men står i papira som eit bruk for seg med bnr 27 og ei landskyld på 10 øre.

I 1922 kravde Svein utskifting av utmarka i Byklum, og av ein del utmark som låg i sameige med Gjerden. Denne prosessen kom i gang i 1929, og varde heilt til 1937.

I 1924 kom det opp ny uthusbygning på bruket. Dermed var det meste av bygningane fornya, men det gamle loptet frå kring år 1700 vart ståande som fyrr.

Olav G. Holen jr. arbeidde som slåttekar i Utistog i 1940. Om dette fortel han m.a. fylgjande (Holen, III, 5):

Sitat Eg hadde ikkje vore ute og tent [...] før, og var litt spent på dette her. [Men] Store-Olav, eldste bror min, hadde vore hjå dei [dvs. Svein og Gunhild], og visste at det var ein god stad å tene. [...] Me fekk det greitt, Gunhild var sers snill mot oss, me fekk sers god mat, og middag kvar dag. Sitat

Etter at han slutta som lærar vart Svein med i NS. Han var ordførar i Bykle i perioden 1942 til 1945.

Eldsteson åt Svein og Gunhild overtok nok bruken av eigedomen med det same etter krigen, men mora vart sitjande med heimelen til nest fyre ho døydde i 1974.

Utistog Byklum i 1913. Fjoset vart oppsett i 1889 og stoga i 1898. Personane i framgrunnen skal vera Olav K. Nesland og dottera Tore. Dei budde i Nistog. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Den nye stoga i Utistog frå 1898. Mannen på trappa er Tarald Drengsson. Olav K. Vatnedalen og «ein nordmann» bygde kvar si av dei to tømrene huset er ihopsett av. Olav bygde den hitarste delen, og bruka då det beste av tømmeret frå den gamle stoga, som hadde jamne og fine magetelgde vegger, medan «nordmannen», som var spesialist på sinkelafting, sto for den vestre enden av huset, som vart oppsett av nysaga tømmer. «Der var to mann som saga, dag etter dag» fortalde Jorunn T. Aamli, dotter av Tarald, ho var 5 år den sumaren huset kom opp. Biletet kjem frå Setesdalsmuseet.
  • Tarald Sveinsson Rygnestad, f 1911, d 1995
g 1945 m Birgit Olavsdtr. Gjerden, f 1915, d 1957. Born:
  • Svein, f 1945, d 1966, ug
  • Gunhild, f 1952, sjukepleiar, busett Porsgrunn, g 1978 m Jon Eystein Nesvaag, Hamar, f 1953, born:
  • Silje Marie, sjå nedanfor
  • Olav, f 1956, lærar, busett Ålesund, ug

Birgit Olavsdotter var frå Myri under Gjerden, og dotter åt Olav Olavsson Gjerden og kona, Birgit Mikkelsdotter, fødd Homme.

Tarald arbeidde ved sidan av garden som kyrkjegardsgravar i meir enn 25 år. Han vart tidleg enkemann, bruka garden så lenge han kunne, og budde her livet ut. Saman med han budde dei to ugifte syskena Ingebjørg og Olav, så lenge dei livde. Etter at Tarald var død i 1995 gjekk heimelen til eigedomen over til dotterdottera i Porsgrunn:

  • Silje Marie Rygnestad Nesvaag, f 1983, p t (2003) under utdaning

Sidan 1995 har bruket fungert som fritidseigedom, og utan fast busetnad.

Her er dei tre eldste borna til Svein O. Rygnestad og kona, Gunhild Taraldsdotter. Frå venstre: Ingebjørg (1905-1970), Tarald (1911-1995), Torbjørg (1907-2003), g m Olav Drengsson Innistog Byklum, busett Åseral. Om me seier at Tarald er 3 år på biletet, er det vel teke kring 1914. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
Ragnhild S. Rygnestad på eit bilete frå samlinga til Tore K. Mosdøl. Me gjet på at det er teke like etter krigen. Seinare gifte Ragnhild seg med Torjus O. Nomeland, og flutte til Mosby ved Kristiansand.
På dette gamle prospektkortet er Ragnhild S. Rygnestad fotografert attmed eit av kvernhusa i Byklum. Kortet er utgjeve av Eberhard H. Oppi, og kom hit frå Setesdalsmuseet.
Ingebjørg S. Rygnestad (1905-1970) var den eldste av døtrene til Svein og Gunhild. Biletet er teke i 1920-åra, og kom til bygdeboka frå samlinga til Ingebjørg Vegestog.


0941 Bykle komm.png Utistog (Bykle gnr 14/2) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Lunden • Neste bolk: Uppistog