Utsyn (Bykle gnr 15/70)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn
Gjerden 60g.jpg
Utsyn pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1979
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 70
Type: Bustadeigedom

Utsyn ligg heilt øvst i Øvre Sarv i Bykle. Tomta vart utskilt frå bnr 11 i 1978, då Tarald Brokke kaupte henne hjå Bykle kommune.

  • Tarald Brokke, f 1951
g 1974 m Signy Trydal, f 1954. Born:

Signy Brokke er frå Strondi, Trydal, bnr 5, og dotter åt Knut O. Trydal og kona, Margit, fødd Hagen. Ho arbeider i barnehagen i Bykle. Tarald Brokke er frå Valle, og son åt Knut T. Brokke og kona, Gyvi Olsdotter, fødd Myrum (jfr. Valle V, 112). Han er maskiningeniør, og arbeider i Agder Energi.

Tarald og Signy budde i Kristiansand då dei gifte seg i 1974. Dei flutte til Bykle i 1976, og budde dei fyrste åra i Hagen, gnr 14, bnr 24, hjå morbror åt Signy. Sidan 1980 har dei budd i huset her.


0941 Bykle komm.png Utsyn (Bykle gnr 15/70) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Furuli • Neste bolk: Moselia