Vågå kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Vågå)
Hopp til: navigasjon, søk
Vågå
0515 Vaga komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0515
Fylke Oppland
Kommunesenter Vågåmo
Areal 1330.25  km²
Areal land 1258.35  km²
Areal vann 71.9  km²
Folketall 3 675 (2015)
Grunnlagt 1907
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Jutulporten i Prestberget (Jutulberget) i Vågå, rett opp frå bygdesenteret Vågåmo. Staden er kjend frå eventyret om Jutulen og Johannes Blessom (Asbjørnsen og Moe). Foto:Hans P. Hosar 2013.

Vågå kommune er ei fjellbygd og ein kommune i Oppland fylke, den nest austlegaste av dei fire Ottadals-kommunane Skjåk, Lom, Vågå og Sel. Vågå grensar til følgjande sju kommunar, etter tur frå nord mot aust, sør og vest: Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Øystre Slidre, Vang og Lom. Bygda ligg opp mot Dovrefjell, Valdresflya og dei austlege delane av Jotunheimen. Næringslivet er tradisjonelt jordbruksbasert med utstrekt bruk av dei store utmarksområda, både til utøving av primærnæringar og til reiseliv og fritidssyslar. Kommunesenteret er Vågåmo. Ein person frå Vågå blir kalla vagvér. Kommunevåpenet med reinsdyrmotivet viser både til utmarksnæringar (tamreindrift og jakt) og til Per Gynts bukkeritt over Besseggen, som ligg innan kommunegrensene.

Vågå kyrkje med støpul, opphavleg stavkyrkje frå 1100-talet, ombygd og oppsett på noverande stad 1625-30. Foto:Arnfinn Kjelland

Namnet

Apropos bygdenamnet Vågå («ferdaveg»): Taulstadskriu er ei gammal «ferdmannskvile» (overnattingsstad for vegfarande) lengst aust i Vågå, nær kommunegrensa mot Sel. Plassen er utskild frå gnr. 1 Taulstad. Foto: H.P.Hosar.
Frå Vågå prestegard (Ullinsvin). Foto truleg frå 1920- eller 1930-talet. Ukjent fotograf.

Det fyrste kjeldebelegget for bygdenamnet er eit diplom frå 1313. [1] Der finn vi forma «a Vagha», truleg ei bøyingsform av nominativ Vagi, som er laga av verbet vega = å føre, transportere. Stadnamnet har såleis vorte omsett med «ferdaveg».[2]

Kommunehistorikk og historisk-administrativ tilhøyrsle

Da formannskapslovene vart vedtekne i 1837, vart Vågå prestegjeld, som den gongen også omfatta anneksa Sel og Heidal, til Vågå herad. I 1907 vart Sel og Heidal utskilde som eigne kommunar. Dagens kommune består altså av det gamle Vågå hovudsokn.

Gjennom heile den kjende historia har Vågå vore knytt til dei større regionale administrasjonseiningane Gudbrandsdalen og Nord-Gudbrandsdalen. Det gjeld den mellomalderske sysla og sidan futedøme, sorenskriveri, prosti og politidistrikt. I lenstida (frå seinmellomalderen til 1660) låg Gudbrandsdalen futedøme under Akershus len. Etter 1660 tilhøyrde distriktet Opplandenes amt, seinare Kristians amt og Oppland fylke.

Sorenskrivarembetet i Nord-Gudbrandsdalen har i fleire hundre år hatt tilhald i Vågå, truleg alt sidan embetet vart oppretta rundt år 1600.

Høgde over havet og arealfordeling

Om lag 70 % av kommunens areal består av snaufjell, brear og vatn. Skogen dekkjer 25% og dyrka mark snaue 2,5%. (Resten er m.a. myrlende og bebygde område.)

I hovuddalføret ligg Vågåvatnet 362 m.o.h., Lalmsvatnet 355 m.o.h., og det meste av busetjinga ligg i dalbotnen og liene her. Men det er fjellgrender med fast busetjing opp i mot 800 m.o.h. På nordsida av Ottadalen går fjelltoppane opp i 1500-1600 meter, på sørsida (i Jotunheimen) over 2000 meter. Høgast er Store Knutholstind på 2341 m.o.h.

Næringsliv

Medan Vågå tidlegare var ei alt overvegande jordbruks- og utmarksbrukskommune, er næringslivet i dag dominert av andre sektorar. På heimesidene til Vågå kommune [3] er vektinga av næringsgreinene framstilt som følgjer (tal frå 2007):

  • Jordbruk og skogbruk: 16%
  • Industri, bergverk, bygg og anlegg 24%
  • Reiseliv 11%
  • Varehandel 12%
  • Offentleg og privat tenesteyting 37%

Venteleg gjeld dette tal for sysselsetjinga, utan at det framgår av kjelda.

Vassdrag, vegar og grender

I hovuddalføret

Klones i Vågå, tidlegare landbruksskule/vidaregåande skule. Foto:Arnfinn Kjelland

Gjennom hovuddalføret renn Ottaelva, som i hovudbygda utvidar seg til Vågåvatnet. Lenger nedover (austover) i hovuddalføret heiter det Lalm. Det er eit bygdelag, skulekrins med meir som utgjer austlegaste delen av Vågå rundt Lalmsvatnet. Lalm er også namnet på ein liten tettstad ved austenden av vatnet. Frå Lalm går det fylkesveg i nordaustleg retning over Vågåruste til Nord-Sel, og sørover gjennom Rindalen og Heidalsskogen til Bjølstadmoen i Heidalen. I eldre tid var vegen over Vågåruste hovudvegen ut av bygda austover. Den er mellom anna kjend frå Sigrid Undsets Kristin Lavransadatter, som vegen mellom riddarsetet Sandbu i Vågå Romundgard på Sel. Romundgard skal vere førebiletet for den fiktive «Jørundgård» i romanen, farsgarden til Kristin. Dagens riksveg gjennom Vågå i hovuddalføret nedanfor Lalm, der dalen er trong og mindre bebygd, vart viktigare da jernbanen kom til Otta i 1896.

Ved Eidefossen på Lalm er Otta oppdemt og A/S Eidefoss har produsert elektrisk straum der sidan 1917. [4]

På nordsida av Vågåvatnet, vestover frå Vågåmo ligg grendene Øvre og Nedre Nordherad, høvesvis nede ved vatnet og på høgdedraget lenger opp. Nordherad er eit av dei 20 områda som regjeringa har utpeikt til spesielt utvalde kulturlandskap. [5]

Frå Sjårdalen, med utsikt mot Lalm. Foto:Arnfinn Kjelland

Sjårdalen er ei grend på sørsida av Otta i eit dalsøkk ned mot Lalmsvatnet.

I nordvest: Grendene langs Finna

Langs sideelva Finna, som renn frå nordvest og munnar ut i Otta ved Vågåmo, ligg frå aust mot vest grendene Skogbygda og Skårvangen, og lengst vest seterdalen Finndalen. Området nedst ved Finna (nærast Vågåmo) hadde tidlegare grendenamnet Finntryu (av Finntridjungen frå gammalnorsk tid). Ein finn det framleis på kartet,[6] men gjekk i følgje bygdeboka ut av dagleg bruk i løpet av dei siste tiåra av 1900-talet.[7]

Frå Skogbygda går det fylkesveg over fjellet nordvestover til Lesja (Slådalsvegen). Den er stengd vinterstid.

Sjodalen og andre område mot sør

Frå Sjodalen, utsikt sørvestover frå Hindsæter fjellhotell, 2010. Foto:H.P.Hosar.

Ved utløpet av Tessa, på sørsida av dalføret, ligg Tessanden, eit lite grendesentrum. Tesse kjem frå fiskevatnet Tesse i Lom kommune. Tessa er regulert og gjev kraft til fire kraftstasjonar.

Elva Sjoa har utspring i Vågå, og Sjodalen, kjent seter- hytte- og turistområde, høyrer kommunen til. Her ligg kjende turiststader som Hindseter, Bessheim og Gjendesheim. Frå Gjendesheim kjem ein innover vatnet Gjende med Besseggen, Memurubu og Gjendebu, som også ligg i kommunen. Dette er nå del av Jotunheimen nasjonalpark.

Gjennom Sjodalen går riksveg 51 over Valdresflya til Valdres. Vegen tar i Vågå av frå riksveg 15 opp lia ved Randen, passerer grenda Synsliene, fleire setergrender og vatnet Lemonsjøen med ein turiststad og alpinanlegg, og deretter fjellgrenda Randsverk før vegen går vidare gjennom Sjodalen. Setrene i området er store og gode, og er kjende for å ha vore utnytta også vinterstid («vinterlego»).

Sjoa renn fyrst i nordleg, så i austleg og til slutt i søraustleg retning ned gjennom Heidalen, til den munnar ut i Gudbrandsdalslågen ved Sjoa jernbanestasjon. I seinare år har Sjoa vorte kjend for raftingsport og andre opplevingsaktivitetar.

Historie

Sandbus-gardane i hovudbygda i Vågå. Her var det lendmanns-, riddar- og syslemannssete. I nyare tid har eitt av bruka der vore ått av skipsreiarane Thomas Olsen, Fred Olsen og seinare forretningsmannen Kjell Holm. Etter Holms død er garden ått av ein stiftelse. Foto:Arnfinn Kjelland

Vågå var alt frå førhistorisk tid og langt ut i tidleg moderne tid eit maktsentrum innan regionen. Det er indikasjonar på at tingstaden «Liufærvang» i Vågå, kanskje på nordsida av Vågåvatnet ved garden som i dag heiter Lye og den staden som framleis blir kalla Tingsvaet, har vore møteplass for eit større distrikt, kanskje heile Nord-Gudbrandsdalen. Det opphavlege namnet på Vågå prestegard, Ullinsvin, peikar mot ein førkristen kultstad.

Kristendomen kan meir eller mindre presist daterast til 1021, da Olav den heilage kom frå Lesja, samla bøndene frå heile Ottadalen og baud dei ta ved den nye trua. Dei eldste delane av Vågå-kyrkja kan vere frå ei stavkyrkje frå 1100-talet.

På garden Sandbu høyrer vi om lendmenn og riddarar ut gjennom mellomalderen. Den fyrste kjende frå kjeldene er Ivar gamle (Gjesling) på kong Sverres tid på slutten av 1100-talet. Sandbu vart sete for syslemannen i Gudbrandsdalen i høgmellomalderen.

Kjende personar frå Vågå

  • Edvard Storm (1749–1794), lyriker
  • Ole Haagenstad (1775–1866), stortingsrepresentant
  • Hans Peter Schnitler Krag (1794–1855), «Vågåpresten», sette i gang fastskule i Vågå, som fekk eit særs ggodt rennome
  • Jo Gjende (1794–1884), reinsjeger, fjellmann, fritenkjar
  • Peder Knudsen (1819–1853), komponist og organist (Jeg er så glad hver julekveld)
  • Ole Herman Krag (1837–1916), son av «Vågåpresten», oppfinner av geværet Krag-Jørgensen
  • August Reymert (1851–1932), no-amer. advokat, m.a. president i Det norsk-amerikanske handelskammer i USA, sentral da geværet Krag-Jørgensen vart innført til USA i 1892.
  • Ivar Kleiven (1854–1934), lokalhistorikar og folkeminnesamlar
  • Jo Visdal (1861–1923), treskjerer og bilethoggar
  • Anton Ryen (1894–1968), bonde, offiser og stortingsrepresentant (Bondepartiet) 1945-1957
  • Ragnvald Skrede (1904–1983), lyrikar
  • Ola Opheim (1920–2003), spelemann
  • Syver Berge (1939–), stortingsrepresentant (SP) 1989-1993
  • Haakon Blankenborg (1955–), stortingsrepresentant (AP) 1981-2005, ambassadør i Beograd
  • Arne Brimi (1957–), kokk
  • Rune Øygard (1959–), politikar og ordførar

Referansar

  1. Diplomatarium Norvegicum
  2. Norsk stadnamnleksikon, som viser til Magnus Olsen i Maal og Minne 1919.
  3. Vågå kommunes heimesider, konferert 4.10.2012.
  4. Heimesida til AS Eidefoss, konferert 12.10.2012.
  5. Informasjon på Landbruksdepartementets heimeside, konferert 12.10.2012.
  6. T.d. Kartverkets serie M 711, blad 1618 I, utg. 1982.
  7. Teigum, I. 2007 side 30

Kjelder og litteratur