Vågsøy historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen.

Vågsøy historielag, Vågsøy i Kinn kommune, vart skipa hausten 1985. I 2008 meldte laget seg inn i Landslaget for lokalhistorie, og sidan 2012 har det gjeve ut årbok.

Det var lite verksemd i historielaget eit par år på slutten av 1990-talet, men elles har aktiviteten vore jamt god. I 2019 hadde Vågsøy historielag om lag 70 medlemmer. På 2010-talet har medlemstalet lege nokolunde stabilt mellom 60 og 70.

Leiarar

  • Magne Hasund
  • Klaus Iversen
  • Karen Brekkenes Eide
  • Bjørn Eide

Atle Råsberg har òg vore ein sentral person i Vågsøy historielag.

Hovudaktivitetar

Laget byrja å gje ut årbok i 2012, og den har komme årvisst sidan. Boka er på 130-150 sider. På 1990-tallet ga laget ut Vågsøykalenderen i mange år.

Vågsøy historielag har to eller tre opne møte i halvåret. Sikring og skilting av kulturminne har vore ei viktig oppgåve for laget, som også samarbeider med kommunen.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).

Eksterne lenkjer