Våmur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Våmur er eit fjellparti på austsida av Fyresvatn som er 670m over havet på det høgaste og stuper bratt ned mot vassflata.

Våmur sett frå syd, frå Valebjørg. (Foto: Jon Veum)

Våmur ligg mellom Fyresdal sentrum med Moland kyrkje i nord og Kilegrend i syd. Skulle ein tidlegare ferdast mellom dei to stadene var det enten å ferdast på vatnet om sumaren eller på isen om vinteren. Over fjellpartiet var det ein rideveg, men den var det sers vanskeleg og slitsamt å ferdast på. I 1876 kom innlandsbåten D/S Fyresdal i drft og det var eit stort framskritt. I 1950-åra vart det bygd ferdig bilveg over Våmur, all transport vart no enklare og ein fekk i tillegg ein turistveg med ei praktfull utsikt.

Om fjellet Våmur er det ei soge, her fortald av Bendik Taraldlien:

«Elgsdyri paa Vaamur»

«Mikkjaal Mikkjaalsli var ein vetter i dyreskog. Paa Vaamur trefte han ein elg, og daa her var godt skjiføre, feta han godt inn paa. Han fekk gjegne den fram yve so den hadde bare ein veg: beint fram yve Vaamur. Fyresvatten gjæng like inn til dei bratte, høge Vaamursvoune. Folk fortel at daa elgjen saag kor det bar av, la den seg ned og rauta ende mot himlen tri gaangur. Men Mikkjaal ænsa ikkje dette men lura seg nerare inn paa. Daa sette elgjen i eit sprang beint fram yve Vaamur og slo seg i hel paa isen.

Mikkjaal reiste till nordigard Momrak um kvelden og fortaalde det som hadde hendt. Kjetil Momrak sat og høyrde paa, men han blei so harm at han gav Mikkjaal juling. Seinare gjekk det kleint for Mikkjaal. Han kom paa legd og fekk skabb so dei maatte site og kale han med ein kale. Dei seiste aari han livde var han skjelven i hændane. Dette var ”dyreskjelven” han fekk, meinte folk, og saag det som ei straff.»


Kjelde

Taraldlien, Bendik. Fyresdal Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.