Valsøyfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Valsøyfjord er ein fjord, eit bygdelag og ein tidlegare kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal. Valsøyfjorden og det meste av det tidlegare Valsøyfjord herad ligg no under Halsa kommune.

Valsøyfjord herad

Valsøyfjord herad (nyn.) eller Valsøyfjord herred (bokm.; eldre òg Valsøfjord herred) var eit heradNordmøre i Møre og Romsdal frå 1894 til 1964. Heradet omfatta grendene kring Valsøyfjorden så vel som området langs Vinjefjorden frå Leirviklandet til Klettaelva på fastlandet og frå Brattset til Storslett på Ertvågsøya. I nord og aust grensa heradet til Aure herad, i sør grensa det til Åsskard herad, og i vest til Halsa herad. Heradshuset låg på Enge. Ved kommunereformen i 1964 vart den delen av heradet som låg på Ertvågsøya lagt til Aure kommune, og den delen som låg på fastlandet vart lagt til Halsa kommune.

Da formannskapslovene vart innført var Valsøyfjord ein del av Aure formannskapsdistrikt. 1. januar 1894 vart området skilt ut som eige herad, med 942 innbyggjarar. 1. januar 1965 vart delen på Ertvågøya ein del av Aure kommune, medan resten av kommunen vart slege saman med Halsa.

Litteratur