Vassvøri Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Vassvøri Sogelag vart skipa den 5. mars 1993. Laget er tilslutta Hordaland sogelag, Landslaget for lokalhistorie og Landslaget for lokal- og privatarkiv. Føremålet til laget er å fremja interessa for slekts- og lokalsoga og kulturvern. Laget samlar inn, tek vare på, og formidlar det som kan forteljast om levekåra i grendene gjennom tidene.

Sjølv om røtene går attende til førhistorisk tid med busetnad inst i Bolstadfjorden, medan isbreloket enno låg over storparten av Vossaveldet, har sogelaget til no funne oppgåver i nærare tid. Desse oppgåvene vil sogelaget at gamle og unge på Bolstad, på Evanger og i Teigdalen skal fatta interesse for, og løysa i aktivt samarbeide.

Laget gjev ut sogebrevet Vassvøringen til medlemene, 3 – 4 gonger i året. Årsskriftet Frå fjell til fjord kjem ut årleg i månadsskiftet november/desember. Skriftet starta opp i 1995; men då nærast som eit meldingsblad til medlemene. Framsida var i fargar; medan resten var kopierte ark i A4-format. Frå 1997 er skriftet prenta i bokform, i eit opplag på om lag 600 eksemplar.

Eksterne henvisningar