Vatnedalen (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Allereie før Vatnedalen vart oppdemma dekka vatnet det meste av dalbotnen. Biletet vart truleg teke av August Abrahamson kring 1910.

Vatnedalen er ein dal litt sør for Hovden i Bykle kommune, på andre sida av riksveg 9 for Berdalen.

Namnet vert forklara av Olav Haslemo i hovudoppgåva hans i norsk frå 1968, der han tek for seg gardsnamnet Vatnedalen:

Namneutviklinga er at dalen frå først av har heitt *Vatndalr. Uttalen 'Vatnedalen' kjem av at trekonsonantismen i eit opphavleg *Vatndalr er tung og vanskeleg å uttale, og dette fører til at ein «hjelpevokal» vert skoten inn mellom to av konsonantane. Då det seinare vart bruk for eit namn på vatnet i dalen, fekk dette naturleg namn etter dalen det låg i. Dette krev ikkje at vatnet først må ha hatt eit namn som dalen vart nemnd etter, dalen fekk namnet fordi det karakteristiske ved han var at vatnet oppfylte så å seie heile dalbotnen - dalen var ein 'vatndal'. Ein kan difor ikkje som T. Nomeland [i den gamle gards- og ættesoga for Bykle, 222] kalle slike (tilsynelatande) tautologiske namn, som Vatnedalsvatnet for «heimløyser», det er å setje ei altfor firkanta ramme for det psykologiske grunnlaget for namnelaginga.

Sjølv føre oppdemminga av dalen, med Vatnedalsdammane som ligg lengst aust i dalen, dekka altså vatnet det meste av dalbotnen. Vatnedalsgardane låg på rekkje langs vatnet, på nordsida av vestenden der det var litt jord å byggje på.

Litteratur

Koordinater: 59.46858411° N 7.24537325° Ø