Vebjørn Aarhus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Vebjørn Aarhus vart fødd på Eliasgarden på Aure i Sykkylven i 10.12.1923, som nest yngst i ein søskenflokk på fem. Då han var eitt år kjøpte foreldra eit bruk på Grebstad. Her på Bårdsgjerdet voks han opp. Lysta til skulegang var der, men økonomien sette ein stoppar for slike planar. Som så mange av jamaldringane fekk han seg arbeid i møbelindustrien. Han var både på Vestlandske Lenestolfabrikk og Lunheim Møbelfabrikk, før han tok til som møbelsnikkar ved Hjellegjerdes Lenestolfabrikk. Her arbeidde han i 42 år.

I sine yrkesaktive år var Aarhus aktivt med i fagforeiningsarbeid. Han gjekk med i Sykkylven treindustriarbeiderforening frå starten i 1945 og var sidan medlem utan avbrot. Han fekk også tillitsverv i Norsk Treindustriarbeiderforbund og var tre gonger utsending til forbundet sine landsmøte. I landsmøteprotokollane finn vi namnet hans fleire gonger. Han var særleg oppteken av arbeidsmiljøet og meinte at både bedriftsleiing og tilsette ville tene på samarbeid for å utvikle gode arbeidsmiljø. Då aksjelova frå 1973 opna for arbeidarrepresentasjon i bedriftene sine styre, vart Aarhus valt inn i Hjellegjerde-styret, som den første representanten for dei tilsette.

Vebjørn Aarhus engasjerte seg også i andre organisasjonar. Det byrja med ungdomslagsarbeid, men etter kvart tok det faglege og politiske arbeidet meir over. Politisk var Arbeidarpartiet det naturlege valet. Han vart utnemnt til æresmedlem i lokallaget. Det lokalpolitiske arbeidet starta med ein periode i Sykkylven byggenemnd like etter krigen. Han hadde fire periodar i kommunestyret og ein i formannskapet.

Interessa for miljøspørsmål avgrensa seg ikkje til det indre miljøet i bedriftene. Vern av delar av strandsona kom til å bli ei merkesak for han. Aarhus gav gjerne dei unge idealistane i det nyskipa lokallaget under Naturvernforbundet ei hjelpande hand frå dei kom i gang seint i 1980-åra. Midt i 1990-åra avslutta han den lange karrieren sin som tillitsvald, då han slutta som medlem i Sykkylven sogenemnd.

I 1950 gifte Vebjørn seg med byjenta Oddbjørg. Ho vart ein god støttespelar i alle år, og hovudansvaret for hus og heim fall på henne. I 1963 kjøpte dei Hagane, også kalla Lensmannsgarden på Fauske. I periodar hadde dei både kalvar og sauer.

Vebjørn Aarhus hadde eit høgt aktivitetsnivå, men fann likevel tid til å dyrke fritidsinteressene sine. Han og Oddbjørg var i fleire år med i leikarringen i Sykkylven ungdomslag. Elles var han i mange år ein mykje nytta festleiar og kjøkemeister. Meir enn 300 bryllaupsfestar losa han i hamn. Skiturar og fjellturar til fots vart det mange av. Men lite kunne måle seg med ei stille stund i robåten på fjorden. Vebjørn Aarhus døydde i 2007.

Kjelde:

  • Eldar Høidal: 80-årsomtale av Vebjørn Aarhus i Sykkylvsbladet.
  • Eldar Høidal: Frå kamp til samarbeid. Sykkylven treindustriarbeiderforening 50 år. Sykkylven 1995.