Vedaløda (Løvikneset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vedløde på veg til Haueleite.
Foto: Volda bygdetun

VedalødaHomberset i Volda kommune vart bygd vinteren 1919-20 av Ola H. Homberset. Ola reiste ikkje på vinterfiske denne vinteren. Grindaløda vart sett opp i kanten av ei grushole på Løvikneset - meininga var å lagra bjørkaved for salg. Det meste av bjørkaskogen vart teken ned til vegen her, saga og kløyvd og lagra før køyring til Volda. Ein del av bjørkestokkane frå sætremarka vart send ned på løypestreng frå Storehamrane og ned til vegen ved vedhuset. Ola laga ei kappsag, som ei tid vart driven av ein vasskjølt ein-sylindra motor som gjekk på parafin. Ungane var med å bere kaldevatn til kjølestampen. No var det meste av slitet med bogesaga slutt.

På slutten av 1970-talet utvida vegvesenet riksvegen, og vedaløda måtte flyttast. Då såg Kjell Humberset det slik at dette måtte vere vedahuset som høvde i bygdetunet på Haueleite (Volda bygdetun). Ola Homberset syntest dette var ein god ide og løda fekk bygdetunet i gåve. Det var ikkje bilveg til tunet, so det blei laga til ein midlertidig plass so langt ein lastebil kom seg opp frå riksvegen. På Løvikneset vart torva teken av taket og lastestropper festa. Elias Tilset som dreiv tømmertransport med kranbil, vart til spurd og var villig til å freista flytta den heil. Laurdag 8. november 1980 hyrte Kjell Humberset med Sverre Bjørdal og T. Vollmann Tilset til å kom med kranbilen og flyttinga gjekk som planlagt. På to timar var vart vedaløda plassert på Haueleite.

3. mai 2010 vart vedaløda flytta opp i tunet.

Kjelder

  • Samtaler med Kjell Humberset.
  • Humberset, Kjell: Vedaløda. Ei ferd frå Løvikneset til Haueleite. Voldaminne 2006.