Velledalen Fabrikker

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Velledalen Fabrikker AS»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Velledalen Fabrikker AS var ein møbelfabrikk i Sykkylven. Bedrifta vart skipa i 1946 under namnet «Velledalen Lenestolfabrikk» av Fridtjof Drabløs, Jon Hjortdal og Ole P. Brunstad. Dei skaut inn ein aksjekapital på 15.000 kroner. Tidlegare hadde dei tre karane frå Velledalen drive møbelproduksjon saman med Hjalmar Brunstad. Også etter at dei skilde lag, var dei saman om trevareavdelinga, som var i kjellaren i Jørngarden på Brunstad. Stopping og samansetjing hadde Velledalen Lenestolfabrikk første året i bedehuskjellaren på Hjortdal. I 1948 kjøpte dei det tidlegare meieriet i Velledalen av Olav Parr for 23.000 kroner.[1] Meieriet var då berre eit lite bygg på ein etasje pluss kjellar, så i 1949 bygde dei nye eigarane på huset med ei høgd. Til saman fekk dei då disponere ei golvflate på 700 kvadratmeter, og dei kunne samle produksjonen på ein stad. Trevareavdeling hadde dei i underetasjen. Bygget vart utvida fleire gonger, og omsetninga og talet på tilsette voks stadig. I 1948 var omsetninga på 537.000 kroner, og bedrifta hadde då 28 tilsette. I 1955 var talet på arbeidarar oppe i 32.

Produksjonen til verksemda var heile tida lenestolar og sofaer med tyngd og eigen design.

Velledalen Lenestolfabrikk var med då dei laminerte stolane kom på mote seint i 1960-åra. Den første stolen dei hadde med laminert treverk, heitte «Easy». Partner var ein annan modell i same materialet, og den vart eit spissprodukt for verksemda. Stolen vart lansert med godt resultat på Bella-senteret i København.

Mot slutten av 1960-åra såg leiinga at dei ikkje kom vidare med dei lokala og den tomta dei disponerte i Velledalen. Dei bestemte seg derfor for å etablere seg på Straumsheimsøyrane, på eit areal som vart kjøpt av Petter O. Straumsheim og Hjalmar Straumsheim. Stort sett alle dei 40 arbeidarane følgde med på lasset då den moderne fabrikkhallen med 4400 kvadratmeter på ei flate kunne takast i bruk hausten 1971. Snikkaravdelinga vart verande i Velledalen.

Frå 1971 opplevde bedrifta, som då vart kalla Velledalen Fabrikker AS, ein kraftig ekspansjon. I 1974 var arbeidsstokken komen opp i 70. Seks år seinare stod 110 personar på lønningslista. Mellom desse var dei to produktutviklarane Jostein Strømmegjerde og Ole Fausa. Jon Hjortdal heldt som tidlegare fram med å teikne modellar for Velledalen Fabrikker.

Bedrifta hadde på denne tida agentar i Bodø, Trondheim, Bergen og Oslo. I hovudstaden hadde dei salskontor med to tilsette. Velledalen Fabrikker var òg med då Sunnmørssenteret vart etablert på Alnabru i 1968. Dette var eit samarbeidstiltak for dei fleste store møbelbedriftene i distriktet. Senteret vart selt i 1984.

Også eigarane av Velledalen Fabrikker vedtok å selje då dei fekk eit godt tilbod på bedrifta frå J.E. Ekornes Fabrikker i 1984. Ekornes tok då over 91% av aksjane. J.E. Ekornes Fabrikker var då inne i ein kraftig ekspansjonsperiode og trong meir produksjonsareal. Ekornes flytta produksjonen i tidlegare Svanemøbler på Vik over til det rasjonelle og relativt nybygde fabrikkanlegget i Straumgjerde. Ein del av kolleksjonen til Velledalen Fabrikker blei i første omgang ført vidare.

I 1986 la dei nye eigarane ned Velledalen Fabrikker. Dei tilsette fekk då høve til å ta arbeid i andre avdelingar i Ekornes-konsernet.

I 1990 fekk Velledalen Fabrikker eit framhald ved at dottersonen til Fridtjof Drabløs, Fred Drabløs, gjekk i gang med møbelproduksjon. I nokre år heldt heldt bedrifta, Velledalen Møbler, til i tidlegare Velledalen Meieri. Der laga han og tre medarbeidarar stoppa møblar i mellomsjiktet. Treverket tok dei frå underleverandørar. Det heldt dei fram med etter at dei flytte bedrifta til Straumgjerde der dei tok i bruk dei tidlegare produksjonslokala til Sandella.

Fotnoter

  1. Nordre Sunnmøre sorenskriveri, SAT/A-0006/1/2/2C/2Ca: Pantebok nr. A27, 1948-1948, Dagboknr: 802/1948. I Digitalarkivet: https://media.digitalarkivet.no/view/32519/757

Kjelder