Vest-Norske Møbelfabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

AS Vest-Norske Møbelfabrikk var ein møbelfabrikk som kom i gang i Sykkylven årsskiftet 1934/35. Bedrifta er omtala i boka Industriunderet på Sunnmøre av Lars Kjøde som eit døme på ei arbeidareigd verksemd. Bak etableringa stod to initiativtakarar. Dei skaut inn ein aksjekapital på 6000 kroner, men dei trong meir kapital for å kome i gang. Difor rykte dei inn ein annonse i ei lokal avis, der dei gav melding om at eit aksjeselskap skulle skipast. Fem personar slutta seg då til med ein aksje kvar, slik at aksjekapitalen kunne utvidast til 11.000 kroner. I vedtektene som vart utarbeidde av dei to initiativtakarane, heitte det at dei skulle utgjere fleirtalet i styret. To sentrale personar ved skipinga av Vest-Norske Møbelfabrikk var Charles Dahl og Petter J. Andestad. Andestad åtte bygget Vest-Norske kom til å nytte. Charles Dahl var disponent første tida. Då Dahl trekte seg ut, kom Karl Johan Eidem i hans stad.

Ved sida av dei sju personane som hadde aksjar i Vest-Norske, vart der tilsett nokre til som ikkje var aksjeeigarar. Kort tid etter skipinga var det om lag ti personar i arbeid ved bedrifta. Fire av desse kom frå andre kommunar enn Sykkylven.

Produksjonen til verksemda var soveromsmøblar; senger, skap og nattbord. Salet skjedde i hovudsak gjennom ein agent i Oslo, Fearnley. Våren og sommaren 1935 byrja det fleire frå Søre Sunnmøre ved verksemda, mellom anna nokre ørstingar. Dei ville at Vest-Norske skulle flyttast til Ørsta. Det skjedde 17.september 1935. Karl Johan Eidem vart med til Ørsta, men han takka for seg etter kort tid. Eidem gjekk då med i eit aksjelag som skipa møbelfabrikk i Ullavika.

Kjelde