Vest-Telemark Museum

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Vest-Telemark museum»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vest-Telemark Museum Eidsborg
Foto: Anne Gundersen

Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 og er ei stifting og eit regionsmuseum for kommunane Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord, Fyresdal og Nissedal. Administrasjonen er knytt til tidlegare Lårdal bygdemuseum som ligg i Eidsborg i Tokke kommune. Grunnleggjarane av Lårdal Bygdemuseum var sylvsmeden Eivind Tveiten (1891–1976) og kona hans, Hæge Tveiten. Den fyrste konservatoren ved museet var Naty Aasne Svingjom Bjørshol.

Museumsavdelinga i Eidsborg byggjer på to opprinnelege gardsanlegg fra 1700-talet. Den gamle garden Vindlaus er bygd ut til eit mangfaldig friluftsmuseum. Her står landets eldste profane trebygning, Vindlausloftet, frå ca. år 1167.

Juvestoga høyrer til anlegget, og her finn ein rosemåling, snikkardetaljar og eit rikt interiør som er eineståande godt bevart, og syner korleis ein velståande bonde levde på slutten av 1700-tallet.

Anlegget inneheld 30 antikvariske bygningar, deriblandt Eidsborg stavkirke frå 1200-tallet. Museet har omvisningar i kyrkja som er ei av to stavkyrkjer i Telemark som framleis er i bruk. Museet har elles ei rik og variert samling folkekunst, handtverk- og industrihistorie frå Vest-Telemark. I Kanalparken er det bygd ein 105 meter lang kopi av Telemarkskanalen. Parken inneheld også bane for bogeskyting, lafting, smiing samt eit prøvefelt for arkeologiske utgravingar.

Stiftinga Vest-Telemark Museum har i tillegg ansvaret for elleve forskjellige museumsanlegg i Vest-Telemark:

Eining Stad Kommune Faste utstillingar
Norsk skieventyr Morgedal Kviteseid kommune Skihistorie, arven etter Sondre Norheim
Kviteseid bygdetun Kviteseid Kviteseid kommune Billedhoggar Gunnar Utsond og bygdetun.
Åmdals Verk gruver Åmdals Verk Tokke kommune Kopargruver.
Grimdalstunet Skafså Tokke kommune Billedhoggar Anne Grimdalen og bygdetun.
Fyresdal Bygdemuseum Fyresdal Fyresdal kommune Bygdemuseum
Vinje biletgalleri Smørklepp Vinje kommune Henrik Sørensen og Harald Kihle.
Dyre Vaa-samlingane Rauland Vinje kommune Billedhoggarane Dyre Vaa og Tor Vaa.
Skinnarlandsamlinga Rauland Vinje kommune Billedhoggar Knut Skinnarland
Øyfjell bygdemuseum Øyfjell Vinje kommune Bygdetun.
Myllarheimen Arabygdi Vinje kommune Barndomsheimen til Torgeir Augundsson (Myllarguten).
Vinjestoga Vinje Vinje kommune Barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje.

Kjelder og eksterne lenker