Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Vestlandske Møbler

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Vestlandske Møbler i 1953.
Vestlandske Møbler vart skipa i 1929 under namnet AS Sykkylven kurvvarefabrikk. Initiativtakarar var Fridtjof Fredriksen og bror hans, Asbjørn Fredriksen snr. Skipingsmøtet, som vart halde på romet til Fridtjof Fredriksen i Lied-huset på Aure i oktober 1929, samla ti personar, som alle teikna seg for aksjar. Fridtjof var på denne tida kontormann hos Ole T. Lied, som dreiv konfeksjonsfabrikken Fønix. Det var også i fabrikklokala til Lied at korgvareproduksjonen kom i gang seinhausten 1929.

Møbelfabrikken i Sykkylven vart på 1960-talet særleg kjend for stolen Siesta, som òg førte til internasjonalt gjennombrot. I 1997 vart bedrifta seld til Ekornes.

Innhold

Nye verksemder i ei krisetid

Montering av nytt produksjonsutstyr (1942).

Vestlandske, eller A/S Sykkylven kurvvarefabrikk, som var namnet på bedrifta til 1932, var ikkje den einaste møbelverksemda som kom i gang i Sykkylven i 1929. Både Kurvmøbelfabrikken Solid og Møre Kurvmøbelfabrikk vart starta dette året, samstundes som krakket kom i børsgata Wall Street i New York. Det kan synest underleg at nystarting av fleire verksemder kom på eit tidspunkt då verdsøkonomien nærast rasa saman. Men kanskje er det nettopp i slike periodar det ligg best til rette for nyskaping. Det var i det etablerte næringslivet byggverk rasa i hop. I staden for dei gamle organisasjonane kom det nye, som bar fram andre idear. Varer av ymse slag vil folk alltid spørje etter. Det avgjerande er om det er dei rette varene til dei rette prisane.

I Sykkylven kom dei i gang med produksjon av billege korgmøblar til prisar som folk flest kunne sjå seg råd til. Den enkle korgstolen 71, som var Vestlandske sin første modell, vart levert fraktfritt i Oslo for ni kroner. Det var ikkje råd for konkurrentane i Oslo, t.d. korgmakar Hallingstad, å by under slike prisar. Hallingstad hadde fagfolk i arbeid, dei kunne korgmakaryrket fullt ut. På Vestlandske, og i dei andre korgmøbelverksemdene, la dei opp arbeidet etter samlebands- eller serieprinsippet, som dei hadde henta frå P.I. LangloStranda. Han var igjen inspirert av moderne fabrikasjonsprinsipp utvikla i USA. Dei nye møbelfabrikantane let unge menneske, utan fagleg bakgrunn, spesialisere seg på avgrensa operasjonar. Slik kunne ungdomane raskt lære seg oppgåvene sine, og gjennom prestasjonslønssystem vart det også stimulert til effektiv og hurtig produksjon. Til å lære opp dei nykonfirmerte gutane fekk Vestlandske korgmakar Alf Svendsen, som kom frå Hallingstad sin verkstad i Oslo. Svendsen stod for ein høgt verdsett ekspertise, og det første året han var i bygda hamna han i den lokale lønnstoppen. Det gjekk ikkje lang tid før han vart teken att av ivrige akkordarbeidarar.

Det var korgmøbelproduksjonen som sikra desse tre sykkylvsbedriftene innpass i marknaden, og vi kan vel kanskje seie at stort anna enn korgvareproduksjon kunne dei ikkje ha kome i gang med. Dei hadde ikkje mykje kapital, og korgmøbelproduksjonen var ikkje kapitalkrevjande. Det som skulle til var råvarene pil og peddig og nokre enkle stativ og trereiskap for å forme produkta med. I tillegg måtte dei ha lokale, men Ole T. Lied som eigde bygget dei starta i, godtok ein aksje som leige for huset dei første to åra. Dei andre aksjonærane betalte inn pengar, slik at samla aksjekapital ved skipinga var 16.000 kroner. Nye arbeidarar måtte også løyse aksjar for tusen kroner for å få arbeid ved Vestlandske. At arbeidskrafta godtok slike vilkår, viser at alternativa innan betalt sysselsetting i Sykkylven på den tida ikkje var mange. Det viser også at tiltrua til at denne verksemda skulle gje stabil og trygg sysselsetting var god. Igjen var føredømet på Stranda greitt å vise til. P.I. Langlo hadde arbeidd seg opp til å bli ein av Noregs største møbelprodusentar kring 1930, og P.I. var heller ingen kven som helst i nabokommunen!

Formgjevingstalent

Kundane kravde etter kvart meir komfort på stolane, og dei første nakne korgmøblane vart erstatta av korgmøblar med stopp i rygg og sete. Det gjekk ikkje mange år før Vestlandske var over i lenestolproduksjon, der stolane var bygde opp på trerammer.

Kanskje hadde Vestlandske utvikla seg til å bli ein gjennomsnittleg, relativt preglaus stoppmøbelfabrikant, dersom det ikkje hadde vore for designarbrørne Adolf Relling og Ingmar Relling. Dei var i familie med Fridtjof Fredriksen, som saman med Asbjørn Fredriksen og Karl Utgård fram til 1936 kjøpte ut dei andre medaksjonærane i bedrifta og dreiv henne vidare. Begge Relling-brørne synte uvanlege formgjevingstalent, ved sida av at dei hadde den snikkarfaglege bakgrunnen som sikra at det formmessige uttrykket let seg produsere industrielt. Asbjørn Fredriksen har sagt dette om det stilmessige gjennombrotet Relling-brørne fekk til for Vestlandske: "Ingmar Relling, som før hadde vore i produksjonen, var no ferdig som arkitekt fra handverks- og kunstindustriskulen i Oslo. I 1949 kom modellen hans, nr. 420, som braut med det ein var van til frå før. Etter kvart byrja også publikum å reagere på dei svære tunge møblane – statussymbola – og på rosettar og krusedullar, som var lånegods frå svunne tider." Ingmar Relling, og eigarane av Vestlandske, gjekk saman om å få fram modellar som passa til den nye tida sine behov og smaksretningar. Det var møblar som etter kvart gjekk inn under nemninga Scandinavian design.

I 1950 var Fridtjof Fredriksen, og fleire andre sunnmørske møbelindustrileiarar på studietur til USA. Målsetninga med turen var i første rekkje å lære av den amerikanske industrien, både produksjon og marknadsføring. Men det var også eit poeng å kome i dialog med amerikanske kundar og å gjere norske møblar kjende i Statane.

Eksport

Det internasjonale gjennombrotet kom med stolen Siesta i 1966 (Ingmar Relling).
Det vart ikkje fart på eksporten for Vestlandske før bedrifta var med på å ta initiativet til den norske møbeleksportorganisasjonen Westnofa i 1955. Seinare var det på eksportsida Vestlandske fekk størst framgang, og samarbeidet innan Westnofa var i denne sammanhengen avgjerande.

I midten av femtiåra kom det også nye materialar inn i møbelproduksjonen, i første rekkje skumgummien og laminert treverk. Ingmar Relling utvikla i 1954 den sammenleggbare stolen Nordic, med skumgummi, ein stol som var skapt for eksport. Vestlandske hadde med dette teke det første, forsiktige steget ut i den store verda, og ikkje minst takka vere Relling sin innsats vart bedrifta ein av frontbedriftene innan det som vart lansert som Scandinavian design.

Det store internasjonale gjennombrotet kom med Ingmar Relling sin Siesta-stol i 1966. Med denne stolen vart laminert treverk brukt på ein måte som tilfredsstilte både funksjonelle, design- og produksjonsmessige omsyn. Stolen fekk prisar både i inn- og utland, og ved sida av dei estetiske og funksjonelle kvalitetane stolen hadde som sitjereiskap, var han også laga med minimalt forbruk av materialar og for enkelt å kunne transporterast over lange avstandar. I god design er det ei rad faktorar som skal vektleggast. Det er ein viktig grunn til Vestlandske sin suksess fram til 1980-åra, at bedrifta fekk fram produkt som var industrielle i oppbygning, som hadde gode brukseigenskapar, som hadde god form og som var enkle å transportere og montere.

Spesialisering og teknologi

Vestlandske, som frå 1932 til 1964 gjekk under namnet Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk, førte dei første åra eit omflakkande liv. Etter at leigekontrakta med Ole T. Lied gjekk ut etter eit par år, flytta verksemda til kjellaren på ungdomshuset Valhall. Etter nokre år her bar det til eigne og ombygde lokale i den gamle mølla på Aurekaia. Då store delar av Aure sentrum vart lagt i oske i august 1939, vart bedrifta huslaus. Løysinga vart då eit bygg på Ikornnes, som dei leigde av Erstad Trevarefabrikk. Bygginga av ny fabrikk på Vik starta relativt snart og vart ikkje stogga av krigen. Bygget stod ferdig til bruk i 1941. Seinare vart fabrikken bygd på i 1950.

Det var den eldste delen som vart skada då Vestlandske vart råka av brann igjen i 1970. Denne gongen kom ikkje brannen heilt ulageleg. Brannen gav bedriftsleiinga høve til å tenkje grunnleggande gjennom framtidig produksjonsstrategi. Vurderingane førde til at Vestlandske etter brannen kutta heilt ut dei gamle salongmøblane for å konsentrere seg om laminerte stolar. Det var Siesta-modellen, med ein del nyutvikla variantar, som vart basisen i produksjonen. Brannen fremja òg ei omlegging på ein annan måte. Det vart bygt ein hall på 1800 kvadratmeter, slik at store delar av produksjonen kunne samlast på ei flate. Suksessen med Siesta-stolen, og konsentrasjonen om laminatmøblar, gjorde ein rasjonell produksjon mogeleg. Bedrifta kunne, saman med teknisk ekspertise både lokalt og i landet elles, utvikle nye opplegg for mekanisert og automatisert produksjon. Blant anna vart det laga ein avansert laminatsplittemaskin, med assistanse av firmaet Industriservice i Sykkylven. Vestlandske fekk også utvikla den første lakkroboten for møbelindustrien hos TrallfaJæren i 1974.

Vestlandske fekk utvikla den første lakkroboten for møbelindustrien hos Trallfa på Jæren i 1974.
På denne måten kan ein seie at møbelprodusenten var med på både den første og den andre industrielle revolusjonen i norsk møbelindustrisoge. Den første kom i første halvdelen av dette hundreåret då nye møbelfabrikantar på landsbygda i Noreg fordomsfritt tok i bruk serieproduksjon i møbelframstillinga. I den andre revolusjonen vart den industrielle tankegangen støtta av tekniske nyvinningar som i delar av produksjonen tok over for den menneskelege arbeidskrafta. Denne revolusjonen var berre ei vidareføring av den første, og kom når økonomiske og tekniske ressursar tillet fabrikantane å ta dei fulle konsekvensane av den industrielle tankegangen. Begge desse teknologiske stega byggjer på produksjon av store tal like produkt eller halvfabrikata. Den tredje og førebels siste produksjonsrevolusjonen i møbelframstillinga kom med datateknologien og ei auka tilpasning til individuelle ønskje hos kundane. Det vart altså lagt til rette for skreddarsaum også i industriproduksjonen.

Vestlandske hadde lukkast betre enn dei fleste andre møbelbedrifter i den første og den andre fasa av den industrielle utviklinga, det var kanskje nett difor at ho ikkje kom godt nok med i den siste og avgjerande. Siesta-stolen fann stadig nye marknader og bedrifta kunne køyre etter kjende og velutvikla prinsipp i år etter år. Behovet for nytenking og omstilling i produksjonen vart ikkje opplevd like presserande på Vestlandske som i ein del andre bedrifter som aldri fekk fram slike salsuksessar.

Ekornes

Vestlandske var ei bedrift som våga å satse på nyskapande design. Dette var også tilfellet dei siste åra, då designorienterte leiarar som Asbjørn Fredriksen jr. og Ole Petter Solnørdal hadde teke over styringa. Ingmar Relling, og sonen Knut Relling, stod fortsatt for ein viktig del av nyskapinga t.d. med kvilestolane Rest og Optima frå kring 1990. Slyngstad, Fiddaman og Aamodt stod bak designen på kvilestolen Mobilo som vart kåra til Årets møbel i 1991. Svein Asbjørnsen Produktdesign (SapDesign) fekk også fram mange særmerkte produkt, og Asbjørnsen var designaren som knytte Vestlandske til den japanske marknaden med ein helsestol.

Prislønna design og helsegode produkt fører ikkje automatisk til høge salstall, heller ikkje for Vestlandske var det slik. Lønsemda vart svekka for bedrifta utover i 1990-åra, og i 1997 vart bedrifta selt til Ekornes. I første omgang vart dei viktigaste produkta til Vestlandske, som Siesta-modellen, førte vidare, men det synte seg snart at dei ikkje passa inn i modellutvalet til Ekorneskonsernet. Dei siste åra har fabrikklokala til tidlegare Vestlandske Møbler vore nytta til produksjon av Ekornes sine funksjonssofaer.

Kjelder og litteratur

  • Styreprotokoll for Vestlandske 1929 - 1969
  • A/S Vestlandske Møbelfabrikk 40-år. 1929 - 1969. Sykkylven 1969.
  • A/S Vestlandske Møbelfabrikk 1929 - 1979 50 år. Sykkylven 1979.
  • Asbjørn Fredriksen snr., f. i Sykkylven 1909. Medeigar Vestlandske frå 1929. Disponent frå 1967 - 1975.
  • Asbjørn Fredriksen jr., f. i Sykkylven 1944. Salssjef Vestlandske til 1997.
  • Petter Con. Hjorthol, f. i Sykkylven 1912, d. 1995. Arbeidar Vestlandske 1929 - 1933.
  • Erling Opdahl jr. f. i Ålesund 1948. Planleggar Vestlandske til 1997, tilsett frå 1967.
  • Ansgar Reite, f. i Fosnavåg 1927. Arbeidar Vestlandske.
  • Ingmar Relling, f. i Sykkylven 1920. Arbeidar Vestlandske 1936 -1941. Designar i Sykkylven frå 1950.
  • Knut Relling, f. i Sykkylven 1950. Møbeldesignar.
  • Vebjørn Aarhus, f. i Sykkylven i 1923. Arbeidar Vestlandske.
  • Sykkylvsbladet og Sunnmørsposten.
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy