Veum kyrkjestove

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Veum kyrkjestove.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2007).

Veum kyrkjestove er bygd 1861. Nedlagd som skule 1910 og er i 2011 vevestove, kafé m. m.

I sjølve tømmerkassa her er det fire rom, to i kvar høgde. Trappeoppgangen er i eit utvendig bislag. Dette er på mange måtar likt ein tradisjonell gardsbygning i Fyresdal. Der var ei stor skulestove og eit rom som bustad for læraren i andre høgda. Vidare var der eit rom for kyrkjelyden i fyrste høgda, det kunne vere mykje ein skulle ordne før messe til dømes etter ein lengre køyretur om vinteren. Det siste romet var for presten der han likedan kunne førebu seg til messe etter ein køyretur frå Moland prestegard. Det var nok ein godt fungerande bygning på alle vis den tid, grei å varme opp. Og eit tidleg skulehus. På biletet frå 2007 ser vi Veum kyrkje i bakgrunnen. Kyrkjestova vart avløyst av Veum skule som vart bygd like ved. Bak kyrkjestova var ein større stall til bruk for hestane som var med på ferda til kyrkje.

Romordninga er den same i dag, og ein kan sjå spor etter opphavleg måling. Ein lengre periode var huset privat bustad, det vart noko endra med kledning og slikt, og det vart laga til eit tilbygg.

Vi ser her Kyrkjestova med kyrkjestallane bak. Foto 1947

Då det ikkje lenger skulle vere bustad vart det overteke av eit lag og det fungerer mykje som eit grendehus. Der er mellom anna ei vevstove og det er ein grei møtestad for grendefolket.

Kjelde

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739–1989. Fyresdal skulestyre, 1989.